torsdag, september 27, 2012

August.

 
8 august er det Lars Eirik sin dag. Ella Sofie og mammaen hadde laga fin kake til han. Ella Sofie er klar for og smake på den gode kaka.

 
Solveig Evie var og med på å feire pappaen sin. Hurra!!!!
 
 
Fekk og samle brødrene Aase ein dag og då vart det meir kake for Audun har også dag i august.

 
Kjekt og samlast og få tid til ein god prat og høyre nytt frå familiane våre. Vi er blitt mange og det er kjekt og holde kontakten.
 
 
Ella Sofie og tante Britt i gang med laurdags pitzaen, her er det ingen ting og utsette på innsatsen.

 
Dette skal smake godt for liten og stor.
 
 
Ein fin søndag i august var det møte på Bjørvikstølen. Det var mange samla og vi fekk ein flott søndag.

 
Bestemor og Ella Sofie kosar seg i sola.
 
 
Det har blitt mykje kaker, her er det vår nabo Lars som feira dagen sin.
 
 
Avsluttar med eit bilde av søstrene Aase. Kjekt med ei disse. Den er alltid kjekk og ha.

lørdag, september 15, 2012

Ferie i Oslo, Gvarv, Sauda og Sotra.

 
Siste  dagane i juli var det tid for litt ferie!!! Kjørte til Gol seint søndag kveld. Kjell Ivar måtte spele på ei kveldsgudstjeniste før ferien kunne starte. Kom til Oslo ut på dagen mandag, her var det sol og sommar.


 
Vi fekk ein koseleg middag sammen med Karianne og Manee. Veldig kjekt å få treffe dei att og få prate sammen. Tida gjekk berre så alt for fort.


 
Stemningfull kveld i hovudstaden.


 
Ein tur til Ekeberg vart det også. Vi måtte berre få med oss ein fotbalkamp der våre venner frå Thailand spelte. Mange hadde møtt opp for og støtte laget. Veldig triveleg å få treffe fleire kjente frå Pattaya.



 
Ein spennande kamp der begge laga gav alt, og god stemning etterpå der det vart fotografering av minste og største spelar.



 
Onsdagen kjørte vi mot Sauda, men vi tok eit stopp på Gvarv for å besøke Pasara og Ole Vidar. Alltid koseleg og komme  til dei på besøk. Ole Vidar var sjef ved grillen.



 
Pasara er flink med det meste, og mange fine blomster har ho rundt huset .



 
Nydeleg mat (som vanleg) hadde ho og laga til. Det er berre å nyte denne gode Thai-maten.



 
Sommardagen var fin og vi kunne sitte ute på terassen.



 
Litt ut på kvelden kom vi til Sauda, der skulle vi treffe Gerd Elin og Kurt Andre. Fekk nokre fine dagar sammen med dei på hytta til famien hennar.



 
Ein tur til Sauda og eit kafè-besøk vart det også.



 
 
Siste kvelden vi var der, kom foreldra og bror til Gerd Elin. Kjell Ivar laga salat til pizzaen.



 
Full konsentrasjon ved kurrong-bordet, Det vart nok tap til familien Aase.



 
 
Fredagen kjørte vi til Sotra. Det var to spente besteforeldre som skulle treffe Madeleine for første gang. Ei smilande og bli jente har dei fått.



 
Litt kos med mamma tidleg på morningen.



 
Nathalie og bestemor reiste til Bergen på handletur med buss. Ei spent jente kosar seg på bussen.




 
På Torvallmenningen var det sett fram mange spennande spel, nokre fekk vi prøve.



 
Tid for is!!!



 
Vi skulle på handletur og i løpet av dagen hadde bestemor fått med seg ei lita prinsesse.



 
Kjekt og komme heim til vesle søster, må fortelle om alt vi har opplevd.



 
Kjell Ivar nyte siste dagen av ferien.



 
To fornøgde damer, Madeline på besøk hos tante Britt.

søndag, september 09, 2012

Sommar på Hjelmeland....

 
 
Juli var det mange innom på Hjelmeland, vi var og med på og feira Jorunn sin dag 3. juli.


 
 
Ein fin dag tok vi turen til Innvik, Olden og Loen. Her er Nathalie ved Jølstravatnet.


 
 
Spennande å kaste stein i vatnet.


 
 
Geir Morten er ein opptatt mann, ferie betyr ikkje fri for forretning på telefonen...


 
 
Etter litt "handling" på Skogstad var det godt med mat i hagen på Alexsandra.


 
 
 
Geir Morten og Nathalie kjøyrer vekk gras, kjempekjekt og få sitte på lasset.


 
 
Plenen må haldast nede heile sommaren.
 
 
 
 
Ein fin fredag kom vi heim frå jobb til nydeleg grill-middag.


 
 
Flott og få sitte ute og nyte maten.


 
 
Geir Morten, Lars Eirik og Janne Mari er klare for festival-toget under Folkemusikkfestivalen i Førde.


 
 
Litt mykje bråk for desse små damene. Ella Sofie og Nathalie synest det er best å holde for øyra.


 
 
Eit flott opptog med mykje musikk og fengande rytmer. Her ein munter gjeng som spreidde smil og rytmer.


 
 
Her ser vi Kari og Helge Kjetil på deira store dag.


 
 
Ein søndag vart det servert ein kjempegod middag laga av Britt Merete , Janne Mari og Eldrid.


 
 
Gerd Elin og Nathalie kosar seg med vannmelon.


 
 
Kjekt med mange rundt bordet,og god tid til prat .


 
 
Så er det tid for og dra vidare og få nyte nokre dagar ferie i gråveret.


 
 
Kjekt og sitte på fanget til bestefar og spele på orgel.


 
 
Eit lite bad vart det og i hagen!!!!