tirsdag, juni 12, 2012

Fine mai dagar !!!


 Laurdag 19 mai var det klart for 40 års jubileum på Sunnfjord Folkehøgkule. Spennande og treffest igjen. Ingen ting og sei på humøret. Marit, Jorunn og Magnhild.


Tid for ei "mimrestund" , Reidun, Aud Oli, Jorunn og Leon.


 Vi fekk ein fin dag med triveleg prat og mykje god mat. Steinar, Ingunn, Aslaug og Reidun.


Kjekt og få tid til prat og høyre nytt om mange av medelevar.


 Anne Marit, Annbjørg, Jorunn og Kjell.


Kjenner du att han eller ho ??????


 Før festen fekk vi servert nydeli middag.


Blir mykje "mimring" slike dagar, mange gode minner kjem fram frå "glemselen".


Etter festen vart vi sittande og prate lenge og vi håpar at mange fleire vil komme til Solvang om ti år. Steinar, Elin og Ingunn takk for ein hyggeli dag.


 Søndag vart ein nydeleg dag med tid for ein fjelltur på føremiddagen


Kom meg heilt opp på Yndestadstølen, og her høyrde eg gjøken for første gang i år.


 Ettermiddagen vart Ingvild feira 18 år. HURRA!!!  Ella Sofie og Ingvild med "moteriktige" solbriller.


Mange spennande gaver. Ingvild får god hjelp.


Smilande jubilant som snart er eigar av " lappen ".


Tirsdag 22 mai hadde vi avslutning i bibelgruppa vår. Ein flott dag og vere ute i naturen.


Fire av oss damene var tidleg ute og fekk oss ein flott tur rundt Skilbrei-vatnet.


 Godt vi hadde trimma, her serverer Bente nydeli rømmegrøt.


 
 Vi har det fint her i Norge når vi får slike fine vårkveldar. Takk til Signe som lar oss komme på besøk i gamlestova.


søndag, juni 10, 2012

17 MAI:


 17 mai vart ein fin dag. Eg kom meg tidleg opp og fekk med meg programmet med skuleelevane . Her ser vi dei yngste framfører sitt program.


Dei eldste klassane var like flinke, og vi fekk eit utruleg flott program med oss før  vi gjekk til kyrkja.


Det er flott og  sjå at så mange i bygda stiller opp og går i tog sammen med alle barna. 


Her ser vi Bodil, Jeanett Amalie og Jorunn.


 Rosa-russen er blant dei heldige, og dei får standsmessig hesteskyss.



Godt og ha ei skulder og kvile på,små bein blir trøtte slike dagar.

Tilbake på skulen etter tog og gudsteneste. Då smakar det med mat og kaffi.


Dagens talar var ordføraren vår, Mathias Råheim. Han var flink og det var kjekt og høyre han tale.


Etter at programmet er slutt på skulen var vi samla hos Judith og Bjørn. Her kunne vi kose oss med mykje god mat.

Bjarte, Bertine, Johanna, Arne og Birgitte Kosar seg med rømmegrøten.


Ser ut forat maten smakar her og, Hilde Marie,Jeanett Amalie, Bodil Jorunn, bestemor og Harald.


Ikkje grunn til og klage på kaffi maten heller, noke for ein kvar smak.



Dei to her ser ut for at dei har hatt ein fin dag, og det hadde vi alle.

torsdag, juni 07, 2012

VÅR/VINTER april- mai


 Dette ser litt skremmande ut men det gjekk bra. Brant skikkeleg friskt ei stund.


Ein fin dag til ein liten skogstur, alltid kjekt når det kvitveisen blomstrar. Like vakkert kvart år.


 Ein idyllisk sti inn i skogen.


Kom meg opp på "Vassenden" denne dagen, her vart det for mykje snø til  at ein kunne komme lenger oppover i fjellet.


 Mai starta veldig bra, bjørka sprett ut!!


Dagen min feira eg med litt besøk av familie og venner, Nathalie, Janne Mari og GeirMorten kom først dei var på vei til Volda. Nathalie likte godt gelen til bestemor.


 Så var vi tilbake i vinter land, lite triveli når snøen lavar ned.


Fristar ikkje og sitte i desse stolane i dag
.

 Søndag morning vart det fint igjen, skulle tru det var midt på vinteren.


Dette ser litt kaldt ut.


Nathalie og bestemor fekk ein lite prat før ho reste vidare.


Ella Sofie må hjelpe bestefar med siste listene på badet.

mandag, juni 04, 2012



13 april inveterte vi Arne og Johanna ut på middag, vi ville feire " store " broren vår sin 60 årsdag.


Kjekt og samlast ein kveld med  god mat og prat. Så kunne vi ynskje jubilanten og Johanna god tur til syden!!!



Har hatt mange fine turar i vår, godt og komme ut i naturen og nyte sola. Denne dagen møtte eg på Marta og "Kimi".



Så var det klart for oppussing av bad og toalett, største arbeide var på badet der alt skulle ut.




Her skulle vi berre skifte toalett og fikse litt på inventaret.

 

Etter at alle røra var skifta ut, kom den nye doen på plass.




Ella Sofie hjelper gjerne bestefar med litt snikkararbeid.



Kjell Ivar har brukt mange timar med snikring og anna arbeid før badet vart ferdig.



Eg fekk meg ei helg i Bergen, var på ei kvinne-konferransen Kvinner i Nettverk. Søndagen hadde eg sammen med tre avbarna,to svigerbarn, Nathalie og Beathe Monica. Vi møttest på Terminus til ein lang frukost.




Ein fin dag og vandre rundt i byen, Britt Merete hadde bursdag lørdagen så det vart ei vandrande bursdag-feiring.

 

Beathe Monica og Nathalie mata duene!!!!


Ein nydeleg dag  og spasere på Bryggen.




Vi fant ein idyllisk plass inne i ei trang gate. Her kunne vi sitte og nyte sola og ein god kopp kaffi.




Nathalie fant denne litt "skumle" fisken, den var fin og klatre på.




På vei ut på Bryggen gjekk vi under desse skeive husa her.



 
Nathalie hadde ein fin dag og herfår ho hjelp til nokre luftige hopp. vart ein fin vår søndag der det var godt og vere ute i sola.