søndag, mars 25, 2012

Besøk!!!

Første helga i mars hadde vi skikkeleg fint vår-ver. Morningen var nydeleg med fint lys like før sola kom opp.



Kvelden var ikkje mindre vakker. Flott til å ta seg ein kveldstur.




Kjell Ivar trivest i snekkarsboda si, her er han i gang med dokkeseng til Barnehagebasaren.






Søndag kvelden kom vi oss ein tur opp på Reset, her får vi god trim og nydeleg utsikt når vi er på toppen.






Stemningsfult lys denne kvelden!!






Andre helga i mars kom Nathalie på besøk sammen med tante Britt. Her er ei fornøgd jente på "kafè". Isen smakte godt.







Ei jente som har funne ut at det er kjekt og tulle litt når ein tar bilde.







Laurdagsgraut hos Eldrid og Lars Eirik.






Solveig Evie var veldig fornøgd, sjølv om ho ikkje fekk noke graut.







Fola, Fola blakken, gå no inn i stallen din.......





To blide søstre!






Laurdag fekk vi eit kjapt besøk av Anita og Magnar , koseleg med kaffi og prat.






Ella Sofie hjelper tante Britt med pizzaen, dette skal smake godt.






Nathalie tok seg av oppvasken, jentene er blitt store og likar å få hjelpe til.






Litt moro med fotoapparatet er kjekt før sengetid.






So ro lille venn, nå er dagen over........






alle barn skal sove nå........



































mandag, mars 19, 2012

Tilbake på Hjelmeland!!!

Første dag heime etter ferien var det morsdag! Nathalie hadde vore på handletur og kjøpt lys til bestemor. Blomster fekk eg òg, men sjokoladen som var festa på buketten måtte bestemor og Nathalie dele før vi kjørte heim til Hjelmeland.





Eldrid og Lars Eirik inviterte på middag. Ella Sofie fekk kaffisett frå Thailand så ho hadde straks kaffien klar.




Her får ho "huske" i mamma si veske, kjekt med bestefar heime igjen.






Eldrid og Solveig Evie gratulerar mor/mormor med dagen.







Etter middag gjekk vi på besøk til oldemor for og drikke kaffi, litt kos har ei travel jente tid til.







Solveig Evie kosar seg med oldemor og dei finn alltid roen. Kjekt med slike stunder.






Siste helga i feb. kom Nathalie og mamma på besøk, det var siste gang Nathalie kom til Hjelmeland med smokk, no er fiskane på Akvariet i Bergen mange smukkar rikare.






Tidleg laurdag morgon var det på med dressen og ut i sola!!




Kjekt med tante Britt som er klar med akebrett.





Nathalie er blitt stor og flink jente , her er det skiskoa til tante som får seg ein "oppskining".







Ein tur til Førde vart det ut på laurdagen. Tenk å få komme over ei sjokoladekake på 25 meter! Her måtte vi ha ein smaksprøve.





Solvie Evie kom på besøk , må ha ei lita stund med tante ho og.....






Ella Sofie og bestemor avslutta februar med karneval i barnehagen, vi var fornøgde begge to. Skikkeleg fine!!!


























fredag, mars 09, 2012

4 dag i Chiang Mai og siste dag i Pattaya!!.


Siste dagen i Chiang Mai hadde vi tenkt og rusle rundt i byen og sjå på folkelivet. Flyet vi skulle ta tilbake til Bankok gjekk på ettermiddagen. Vi gjekk over ei lita bru der det vart jobba nede i kanalen.






Innsamling av papir var det denne morningen.






Fint å gå langs kanalen, her ser vi litt av den gamle bymuren.






Ein nydeli dag til og vandre rundt i gatene. Like etter at dette bilde vart tatt vart vi stoppa av ein hyggeleg mann som ville tjene nokre bath på oss. Han ville gjerne få vise oss litt meir av alt det vakre dei lagar her oppe.






Vi takka ja til litt fleire besøk til område med veldig mykje handychraft (handtverk). Her kom vi bl.a. til flinke malarar og dei fekk pynte opp setlebøker og andre ting vi hadde med.





Her lagar dei vifter og parasollar i mange størrelsar. Det var mykje fint og sjå. Her er det ein som dekorerer skinnetuiet på passet til Kjell Ivar.







På denne fabrikken lagar dei mykje fint i tre. Det blir lakka/malt, og dei brukar også eggeskal for og dekorere med. Fasinerande og flott, mykje fint vi kunne tenkt og ta med heim. Nokre fat som dei laga brukte dei ei veke pr.lakering (tørk/glans). Når det skulle opp til 7 lag på skjønar ein at handarbeid tek tid.






Tid til ein kopp kaffi før flyet skal lette. Vi kunne summere opp ein flott tur med mange fine og artige opplevingar. Alle fire var like fornøgde.






Her forlet vi Chiang Mai for denne gang, kjem nok tilbake neste gang vi er i Thailand.






Fredag 10 feb. var vi kommen til siste dag av ferien vår. Vi var innom Sjømanskirka for og sei " ha det" til dei vi kjenner der. Her trefte vi sunnfjoringar og det er alltid like hyggeli!!

Ein kopp kaffi sammen med tre gode venner , før vi skal ta bussen til Bankok.






Manee stiller alltid opp, og han kjørte oss til bussen. Kjekt og få vere sammen med han desse vekene. Han kom til Bankok og tok imot oss då vi kom og er den siste som vinkar farvel til oss når vi reiser frå Pattaya. Gleder oss til neste gang vi treffest.






Etter ein lang flytur med eit bra flyselskap kom vi vel fram til Bergen Laurdag 11 feb. der tok Janne Mari med fam. imot oss. Godt og vere heime igjen, men vi håpar at det vil bli fleire turar til dette vakre landet som vi er blitt så glad i.