torsdag, februar 23, 2012

Dag 3. GOLDEN TRIANGLE

Tidleg onsdag morning var vi klare for tur nordover. Dagen var fin, og vi såg fram til ein spennande tur.





Vi var 13 stk i vår gruppe + ein flink sjøfør og ein dyktig guide. Vi fekk gode opplysningar om turen når vi starta , berre å nyte dagen.





Første stopp var varme kilder, Thailand er eit varmt land det er første gang vi er ved ei slik kilde.






Ikkje så farlig med ein liten dusj, vi tørka fort opp att.




Etter at vi hadde kjørt endå lenger nordover kom vi til dette flotte kvite tempelet. Her var det mykje fint å sjå.






Kan nesten sjå ut som eit eventyrslott.





På vei inn i tempelet! Mange detaljar å beundre.








Heilt utruleg vakkert, alt var så kvitt og fint.





På området var det ein ønskebrønn, her prøver Pasara lykka.






Det er ikkje ofte vi kan besøke så fine toaletter, her var det ingen ting og klage over.






Etter at vi har kjørt i fleire timar smakte det godt med bananer.





No nærmar vi oss målet for turen, her ser vi over til Laos .




Framme får vi ny informasjon før vi skal på båttur på Mekong elva.





Båtturen starta i Thailand , her ser vi ei stor Buddastatue som skuar utover elva.





Burma!! Vi fekk ikkje komme i land her, men vi såg dette spelekasinoet med eit luksus hotell. Det er nok ikkje for folket i Burma dette her.





GOLDEN TRIANGEL:







No nærmar vi oss Laos.






Her fekk vi komme i land og dei var meir enn villige til og selge oss sine varer.







Eit koseleg lite marked med mange ivrige seljarar.





Så er båtturen snart over, det var fint og vere på elva i båt. Håpar vi kan få ein lengre tur neste gong vi besøkjer Thailand.





Etter ein god lunch kom vi til den nordlegaste byen Mae Sai i Thailand. Her var det ein grenseovergang til Burma.





Her oppe er dei flinke til og laste opp mopedane sine.





Siste stopp på turen var eit lite område der Long Neck hadde ein bu plass. Dei budde i enkle hytter og her ville dei gjerne selje varene sine.





Brua som førte inn i sjølve leiren.





Her sitte " gamlemor " og jobbar, det er mange flinke handverkara i nord Thailand.





Kvelden senkar seg og vi er på vei tilbake til Chiang Mai. Dette vart ein flott dag med mange opplevingar og inntrykk. Var ein fornøgt tur-gjeng som såg tilbake på 14 timar på tur.
























































tirsdag, februar 21, 2012

Dag 2 i Chiang Mai

Andre dagen vakna vi til ein vakker soloppgang, det lova bra for ein fin dag.



Vi kunne nyte frukosten og planlegge kva vi skulle bruke dagen til, skal bli henta kl. 9.






Vi hadde våre planer og sjåføren hadde sine, så første stopp vart eit elefant-show som var heilt greitt. Elefantane var nok mest intresserte i banan og anna snacks .







Elefant-parken var fin og vi fekk sjå ein del fin natur.








Etter fleire besøk på uønskte plassar,var det tid for lunch. Det vart ein stor opptur. Her fekk vi mat av beste sort, og vi kunne slappe av og kose oss.








Siste stopp var tempelet på fjellet. Det vart og ei fin oppleving, her er vi klare for 305 trappetrinn i varmen.









Vi var ikkje åleine på tempelbesøk .









Ikkje alle hadde ein like god dag. Denne vesle jenta følte at livet var litt tungt i dag.









Oppe på tempelplassen kunne vi puste ut og rusle rundt og sjå på alle dei fine skulpturane og bygga.









Denne gamle munken fanga min interesse. Han såg utover byen sin, skulle gjerne sett tankane hans.










Ein del av desse smilande munkane var plassert rundt i hagen.







Is-kaffi og is-te smakar utruli godt når gradestokken viser over 30 grader.








Kvelden kom med flott måneskinn.








Vandra gjennom eit marked denne kvelden også,her sitte dei og malar på forskjellige "skrin".




Desse lysestakane falt i smak, vart for tunge og ta med. Kanskje Kjell Ivar kan lage nokre til og ha ute i hagen???

søndag, februar 19, 2012

Chiang Mai

Mandag 6. feb. kom vi til Chiang Mai. Vi hadde ein fin flytur oppover, tempraturen var fin her oppe, ca. 30 grader. Ikkje vanskeli og få taxi til hotellet.




Etter at vi hadde funne hotell, tok vi ein tur for og sjå på byen. Stemningfullt like før sola går ned.






Ein elvebåt glir stille nedover elva.







Ein flott by og mykje fint og sjå Her tre fornøgde turistar.








Ei bru med mange fine blomster, litt av eit syn for oss frå kalde "nord".







Fekk ikkje prøvd denne flotte sykkel-drosja.







Etter ein "lang" tur måtte vi ha oss litt drikke, og ein pust i bakken.









Nydelege fargar i det kvelden senkar seg over Chiang Mai.








Klare for middag etter at vi har gått gjennom endå eit stort marked.