mandag, januar 30, 2012

Små glimt frå Pattaya.

Har funne oss ein koseli liten plass der vi får oss god frukost med grovt brød! Her kan vi sitte og sjå ned på blokkene som vi budde i nesten eit heilt år.





Onsdag var det rekeaften på kirka. Rekene smakte minst like godt som heime.





Etterpå rigga vi oss til for og sjå "Langt hjemmefra ". Over hundre menneske var samla til ein fin kveld.






Torsdag var det tid for og køyre litt sørover til badestranda "vår". Vi vart full bil, men det er ikkje noke problem her nede.





Vel på plass i solstolane, berre og nyte dagen !





Likar lange strender der ein kan gå lange turar, for ein treng verkeleg å trimme litt. Vi har så mykje god mat som vi "må" smake på. Her kom eg til nokre små restaurangar som også serverer god mat.







Fredagen er blitt turdagen, då er det ut i "jungelen". Sist fredag var vi over 30 som gjekk ein del kilometer.







Mange artige vekstar med fine fargar.







Hansi og Kjell Ivar i rask gange. Her blir vi fort svett . Er nok husmor si store gryte med kjøttsuppe i som driv oss gjennom skogen i bra tempo.






Ein spennande frukt, men veit ikkje kva den heiter. Vi smakte ikkje på den heller.






Laurdag føremiddag var vi på tur opp til Buddha-hill, eit lite fjell med ein stor Buddha. Eit fint område med fine veier å gå tur på.






Blir så fasinert av alle dei fine blomsterne vi ser over alt.






Nesten kommen til toppen, der kunne vi sjå utover Jomtien.






Her ligge dragen langs heile trappa.






På vei opp til eit anna utsikspunkt fant eg denne vakre blå blomstern.





Her såg vi utover Pattaya og øyane som ligg utafor byen. Stor trafikk ut der på slike fine dag.







Avslutta laurdagen med god sjømat på ein resturang litt sør for Pattaya.






Veldi kjekt når vi er mange som samlast og kan nyte god mat.







Jansilla og hennar to hjelparar sto for bestillinga og då veit vi at vi har mykje og glede oss til.






torsdag, januar 26, 2012

Tur til Bankok.


Søndag ettermiddag kjørte vi til Bangkok. Første stopp var eit stort marked som vi damene hadde hørt om. Desse tre karane følgde trufast etter oss, var vel greit at det stengte 18.oo.






Her kunne ein finne smykker til alle anledninger, morsomt og sjå.








Litt handling blei det. Pasara var grei og hjelpe til med tolking, det gjer handelen lettare.









Mykje folk og varer, likar slike hektiske plassar. Blir så langt frå ein handletur til Førde.










Her er det berre og fange alle inntrykka og kose seg.









Litt forfriskningar gjer godt når varmen blir for tøff.










Mange seljarar og mange kjøparar, då blir det ganske livleg.








Ein tur ut i byen måtte vi ha etter " middagen " som var litt spesiell. Vi trur ikkje alle tålte den like godt heller. Her er mykje spennande og flott og sjå.







Kjell Ivar og Manee ser ut for at dei trivest i storbyen. Godt for oss at Manee er med, då kjem vi på rett plass. Kan fort bli " bønder i by'n ".









Endå ser vi litt av julelysa her i Bankok.








Mandag reiste alle mennene på sitt marked. Der kunne dei få alt muli av bildelar og mykje andre kjekke ting. Pasara og eg fant fort eit marked der vi fekk vandre rundt. Litt av trafikken når vi kryssa ei gate.








På ettermiddagen skulle vi besøke Bankoks høgste bygning, Spennande, her er vi komt til 18 etasje der vi kjøpte billettar for og komme vidare opp. Ikkje trangt om plassen i denne sofaen.







Så er kommen opp til utsikten, her såg vi langt og mykje.








Bilane vart ganske små nede i gata.








Fantastisk utsikt!!!!








Godt at det er skikkeleg sikring, var ei stor oppleving og komme så høgt.








Her ser vi litt av nokre veier, når det blir mange bilar og mange vegar, så bygge dei i høgda.







Er dette lego klossar???? Mange store bygningar som var små frå vårt utkikkspunkt.






Slik ser tornet ut frå utsida! (bilde på veg inne i tårnet)







Her er vi kommen ned i 82 etasje, der kunne vi kose oss med mykje god mat.






Ole Vidar var skikkeli fornøgd når han skulle til på desserten.






Her er det ikkje nøye med kor store reklameskilta er.





Flinke og laste opp bilane sine her nede , dei får med seg det meste.







Vel tilbake i Pattaya, alle syklane er først i køen når lyset skiftar. Ein fornøgd gjeng er tilbake etter flotte dagar.







tirsdag, januar 24, 2012

Feriedagar!!

Vi har ei fin strand i Pattaya , og her har vi vore fleire dagar. Mykje folk og mange seljarar, men det høyrer med til strandlivet. Det går fint og koble av med ei bok eller gå ein lang tur på stranda.



Når ein blir svolten kan ein bestille god mat. Det er ein stor del av ferien å få nyte all den gode maten dei lagar her nede.






Onsdag ettermiddag fekk vi ein tur opp til barneheimen Bahn Jingjai sammen med ein del andre som ville besøke alle desse flotte barna. Vi blir tatt vel imot og det er ikkje vanskeleg og komme i kontakt med dei.







Barn og is er alltid ein suksess og smakar godt i varmen.







Hansi, Khon Phinta og Kjell Ivar i samtale med ei av jentene.







Denne karen her fekk eg god kontakt med. Han fekk låne kameraet og tok mange fine bilder til meg. Fekk til slutt tatt eit bilde av han. Det er jo utruli kjekt og få sjå seg sjøl i kamera.








Barna samla til mat. Her sit dei klare rundt bordet, men først ber dei for maten. Første gongen vi var på besøk satt dei på golvet på matter når dei fekk mat. Vi ser at bygget er slitt, og det blir nok fint når dei kan få ein ny heim.







Vi tar ofte ein tur til Pattaya og her er bilane vi køyrer med. Denne var full så vi måtte vente på den neste som kjem.







Dette flotte huset er naboen der vi bur. Det ser veldig fint ut, så det er nok ikkje den vanlege mann i gata som bur her.







Fredag var eg med på tur som Sjømannskyrkja arrangerer. Vii var 29 stk. som la ut på tre forskillige lengder: 8 km, 7 km, og 5 km. Eg gjekk den kortaste litt usikker på kor sprek ein er i denne varmen, men det gjekk fint. Tar den på 7 km. neste fredag.



.
I ein lysning i skogen var det nokre banan-plantar, men ikkje så mykje bananer å sjå.









Vi såg ikkje så mykje dyr heller, men denne her syntest nok at vi var ein merkeli gjeng som kom forbi. Det var mykje fuglesong og ingen slangar!!!!!!








Litt usikker på kva dette er, kanskje eir reir?????







Godt og få tørke den verste svetten, og få i seg litt drikke.







Snart tilbake til utgangspunktet. Ein vakker liten park, men ingen skog til å skjerme oss for sola .








Blir aldri lei av dei fine blomstrande trea her nede, mange slike frodige grønne lunger som vi kan glede oss over.