tirsdag, desember 20, 2011

Dåpsdagen til Solveig Evie.

Søndag 20 november vart Solveig Evie døypt i Bygstad kyrkje, bestemor fekk vere med og hjelpe til med kjolen.




Mor og barn er fornøgde og klare for dåpen, Eldrid runda 30 års denne dagen.



Etter dåpen fekk storesøster tørke veslesøstra.





Dåpsbarnet sammen med foreldre, fadrar og presten vår Frode.





Ein fornøgd gjeng etter ein fin dåp .





Fire barn vart døypte denne dagen, det er bra for Bygstad at tilveksten er stor.







Etter dåpe var det middag og kaffi heime hos Eldrid og Lars Eirik.





Stolte besteforeldre fekk vere med og feire vesle jenta!





Oldemor sammen med oldebarn nr.8.





Johanna og Jorunn jobba på kjøkkenet !





Vi fekk mange gode kaker til kaffien.






Ei trøtt lita jente tar seg ein lur etter ein fin men slitsom dag.






Sammen med mamma og pappa då er vesla forrnøgd. Ein fin dag og vi er stolte over endå eit barnebarn, vi er utruli rike!










fredag, desember 09, 2011

KONSERT!!!

Søndag 6 nov. var det klart for konsert i Bygstad kyrkje. Kjell Ivar hadde laga til konsert der vi samla inn pengar til barneheimen Baan Jing Jai i Pattaya. Parkeringsplassen utanfor kyrkja vart alt for liten.




Kyrkja vart fylt opp , Asbjørn hjelpte til slik at alle skulle få plass.




Det var flott å kunne ynskje velkommen til konsert når kyrkja var fullsett, nesten 300 stk. Stort at denne forsamlinga er med på å hjelpe barn som ikkje har alle dei godene vi har her i vår bygd.






Stine selde billettar og heldt styr på alle pengane!







Her er vi i gang og vi ser nokre av solistane og forsangarane.






Ella Sofie fekk og vere med på konsert, frå galleriet hadde ho god oversikt over alt som skjedde.






Små jenter frå Bygstad kan synge for små barn i Thailand.





Ein flott gjeng som gledde oss med sprudlande sang!!!





Koret Surround gav oss ein svingande avdeling med gospel.







Ein fornøgd Kjell Ivar kunne vere med i applausen for vel gjennomført konsert, mykje arbeid ligg bak eit slikt arrangement. Det varma veldig når så mange fann veien til kyrkja denne ettermiddagen.