onsdag, september 28, 2011

Blåbærtur !!!!

Siste helga i august fekk vi besøk av Nathalie og Britt Merete. Laurdagen fekk vi oss ein fin tur i skogen for og plukke blåbær. Etter ein sommar med mykje regn er det ikkje lett å krysse blaute jorder. Nathalie syntest det var alt for mykje "ku bæsh".




Tante Britt løyste problemet og begge damene kom seg trygt over.




Elva var og litt for stor til små føtter, godt og sitte på bestemor sin arm.





Så var det berre å plukke, og vi fant mange fine blåbær. Gledde oss til at vi skulle heim og lage syltetøy!!





Ikkje alle bæra kom heim, Nathalie sitt spann var stadi tomt - tru kor bæra er blitt av ???





Vi andre fekk litt bær i spannet så syltetøy vart det.





Då vi kom til denne elva måtte vi kaste litt stein, det er skikkeleg moro når det spruta heilt opp på oss.





Nathalie var skikkeleg flink å gå men på heim-veg var det godt å ha ei hand og halde i !!




Fornøgd jente med tomt spann.




Gjennom siste grinda, her må vi vere litt forsikti.






Søndag kom Ella Sofie på besøk og då vart det ein liten tur der vi leita etter ville bringebær.





To små fine damer på søndags tur!!!!






Ella Sofie fekk seg og ein sykkeltur sammen med bestefar. Nytt og spennande, nok ei fin helg sammen med barnebarn og nokre av barn/svigerbarn .











søndag, september 18, 2011

Fisketur til Kalvåg.

Ein fin laurdag i august reiste staben ved Kyrkjekontoret på tur til Kalvåg. Vel framme var det rett ombord i fiskebåten. Mange var ivrige etter å prøve fiskelykka.



Stor konsentrasjon når fiskeredskapa skulle klargjerast.







Kjell Ivar klar for å kaste ut snøret.




Med mange ivrige fiskarar vart det bra med fisk!!





Skal ein holde ut på sjøen må ein ha noke godt til kaffien, Frode deler opp ei nydeleg kringle.





Vi fekk også nyte sol og kaffi når vi flytta oss til ny fiskeplass.





Det kan ruske seg skikkeleg til når det er mange fiskarar, nokre prøvde seg med å dra opp samme fisken.





På vei inn til land måtte det jobbast med sløying av fisken.




Denne flokken her var veldig ivrige etter og få seg ein smakebit.






Etter fleire timar på sjøen var det godt og sette seg til bordet på Knutholmen og få servert nydeleg middag.






Denne deserten her kan eg virkeleg anbefale, den smakte utruleg godt!






Ein fornøgd gjeng som kunne nyte god mat og koseleg prat.





Vi hadde ein fin dag , kjekt og dra på tur og få slike opplevingar sammen!!


























søndag, september 04, 2011

Stølstur!

Søndag 14 aug. bestemte eg meg for å ta ein tur til fjels og gå innom fleire stølar. Her er første buskapen eg trefte denne dagen men dei holt ikkje til på ein støl.


Hjelmelandsstølen var første stopp.




Andre firbeinte eg trefte var desse sauene, det var det eg trefte på denne dagen . Vi kan virkeli finne roen i fjellet , skulle våre mange fleire som tok turen ut i vår vakre natur.







Flott og komme utover mot Yndestadstølen, her var det fint og nyte kaffi og nistemat.





På vei ned frå Yndestadstølen har vi god utsikt ned på Hoksstølen.


Måtte innom dei gamle stølsmurane på Liastølen .


Revebjellene er alltid så vakre på dei gamle stløsvollane.


Naturen sitt eige kunstverk, har sin sjarm dett gamle treet. Siste bilde er eg kommen så langt at eg ser heim igjenn, ein flott søndag .



fredag, september 02, 2011

Litt sommar i august.

Ein laurdag i midten av august fekk vi ein fin sommardag, vi måtte berre vere ute og nyte varmen. Lars Eirik, Eldrid og Ella Sofie kom innom . Ella Sofie storkosa seg når ho fekk springe barfot på plenen.



"Titt titt "kan du sjå meg bestemor??




Samme kveld gjekk eg over Liagjerdet, det er ein fin tur når ein skal nedover i bygda. Greitt og gå på ein fredfull gammal veg og berre sjå på all den vakre naturen. Blåklokkene er ein av mine favorittar!





Litt vind frå sør.








Snart klart for plukking av tyttebær.






Trefte på denne vesle frosken, den var nok litt skremt.






Humler på jakt etter noke godt.








Ein gammal "Gardflor" er nok ei stund sidan denne var i bruk!!







Fann og nokre søte gode markjorbær, dei smakar alltid like godt.







Ville bringebær kan vi plukke mang plasser, dei har og ein utruli god smak. Sjølv om vi har hatt ein våt sommar så har vi hatt dagar inn i mellom som har våre veldi fine. Vikti og gripe dei dagane og vere ute i naturen.