lørdag, januar 22, 2011

Romjul.

Etter ei fin julefeiring hadde vi ei god romjul, der vi fekk vere mykje sammen og kose oss med mykje god mat. 3 juledag var det Eldrid og Lars Eirik som inviterte på middag.



Kjell Ivar som elste mann i gjengen måtte dele opp kalkunen.



Litt spel vart det og men ikkje nok for alle i familien. Her ser det ut for at vi er opptatt kvar med vårt.




4 juledag var det klart for årets juleselskap i familien Mundal. Fam. Aase hadde ansvaret i år. Storfamilien veks så det er ikkje plass heime til alle . Vi leigde bedehuset og der var det god plass . Kurt Andre og Lars Eirik ynskte alle velkomne med sang.




Så var det berre å forsyne seg med god mat.



Kjekt og samle slekta og få vere sammen ein dag i jula. Vi sette pris på at så mange kom og var med.





Med god plass var det berre og samle alle rundt juletret og synge dei gode, gamle julesangane som vi har.





Store og små kosa seg .




" Bestemora " kunne sitte og sjå kor stor familjen er blitt. Ho trivest godt når alle er samla.





Også den yngste generasjonen kosar seg sammen, Nathalie og Jeanett Amalie hadde ein fin dag.





Etter fleire kalde dagar vart det meir leveleg så vi kunne komme oss ut i snøen. Britt Merete fekk besøk av kjærasten sin i romjula, og vi fekk bli kjent med Tommy .





Klare med akebrett.





Geir Morten og Nathalie kosar seg i snøen.












søndag, januar 02, 2011

Jul på Hjelmeland.

Mandag 20 des. kom Kurt Andre og Gerd Elin heim til oss, det var starten på jula.Dei skulle begge vere med på julekonserten i kyrkja 21. Kurt Andre var med og spelte og Gerd Elin sang så utruli vakkert til oss . Her ser vi dei klare for konsert.



Vesle julafta samla vi oss for og overraske mor, svigermor, bestemor og oldemor med julegaven litt på forskudd.





Vi hadde samla oss om en stor tv der ho kan få med seg litt meir av det som er på skjermen.




Vi greidde og overraske henne og ho vart heilt overvelda over alle som ramla inn døra!!!




Er ikkje ofte det er så mange " nissar " på besøk.





Så var det heim og ta imot fleire julegjestar. Nathalie fant fort fanget til onkel Kurt og det vart mykje lesing utover i jula.




Trur alle var veldi klare for juleferie no!!!!.




Smakte godt med litt mat for alle ut på kvelden.




Janne Mari gjer klar siste pakkane som skal under treet .




Ein sjokolade nisse høyrer med til frukost på julafa!





Bestefar har laga vogge til barnebarna og det vart tatt imot med glede.





Vi var heldige som fekk feire jul sammen med to gode små jenter.





To fine jenter klar for julafta gudstjeneste, etterpå var vi på gravene og tente lys. Det var kaldt men ein fin tradisjon og ha med før vi skulle heim til julefeiring.





Småjentene åpna gavene før dei vart for trøtte !




Litt kos med bestefar og bestemor .





Ella Sofie feira si første jul og her er ho med på sangen rundt juletreet.





Å så spennande!!!!!!!!





Roli og avbalansert!!





Tante Britt hadde kjøpt kjole til Ella Sofie .



Mykje nytt og fint alt må prøvast, to fornøgde jenter fekk legge seg før vi voksne skulle ha middag.




Klare for julemiddagen som vi har gleda oss til lenge.




Vart ein del gaver på dei voksne og....





Barn/ svigerbarn foran juletreet ( ser no stjerna) ein flott gjeng!





Så er kvelden over , vart ein fin dag for alle !