mandag, mai 24, 2010

Auksjon i Heimly.

Laurdag 22 mai var det tid for auksjon av innboet i Heimly Bedehus. Bedehuset vart tatt i bruk i 1939 og har våre i bruk heilt til no. Huset har forfalt ein del dei siste åra og det vil bli veldi kostbart og sette det i stand til tidens krav.



Det var vemodi og gå til bedehuset denne dagen , våren er kommen og det var vakkert og sjå kvitveisen som blomstra rundt bedehuset.



Britt Merete, Janne Mari, Geir Morten og Nathalie ser på litt av det som er til salgs.



Ein gjeng med kjøpara, har nok sett seg ut nokre" gobitar".





Janne Mari er fornøgd med kjøpet av denne gamle konfyren.




Mange gjenstandar skulle under hammaren og salget gjekk bra. Det vart eil lang og innhaldsrik dag , starta 10.30 og var ferdi 18. 30. Her ser vi at det var folksomt i Heimly denne dagen.





Signe tok seg av rigestrering og fekk strikka mykje denne dagen...




Så var det heile over og kjøparane måtte betale for alt dei hadde kjøpt.








17 MAI

17 mai er ein dag der ein har mange faste tradisjonar. Etter programmet på skulen er det klart for samling i kyrkja . Signe og eg ventar på barnetoget.




Tid for folketoget måtte ta med denne staslige hesten, rosarussen fikk herskapeli skyss.
Mange var med i toget sjølv om veret ikkje var det beste.



Menyen er også god gammal tradisjons på ein slik dag.




Per Ivar og Hilde Marie, Vegard og Beathe Monica, Jan Børge og Bodil




Ingvild var Grønnruss og stilte i sin sunnfjord bunad.





Kjell Ivar, Arne, Laila og Bergljot kosar seg med rømmegrøt.






torsdag, mai 13, 2010

Våren i Bergen!!

i Fredag 7 mai var det klart for Bergens tur. Var innom i Skivebakken før eg reiste utover til Sotra. Ella Sofie har blitt ei stor jente.



Her får ho badet sitt før det er sengetid.




Sette meg på bussen og kjørte utover til Sotra det var ein nydeli kveld og komme ut mot havet.




Her er bilde tatt frå kjøkkenet til Janne Mari og Geir Morten.




Laurdag hadde vi ein fin dag i Bergen sentrum. Fint ver og mykje folk ute i vårsola. Her ser vi gjengen på Torvaldmenningen.



Lunch på Egon var ein del av programmet. Fint med ein dag der ein kan vandre rundt og sjå på folkelivet.




To store og ei lita dame som kryssa gata.



Før vi kjørte tilbake til Skogtun var det litt handling . Nathalie har full kontroll på handlevogn.




Ut på ettermiddagen kom Ella Sofie og til Skogtun.





Før middag var det tid til ei kosestund på bestemor sitt fang.




Geir Morten og Lars Eirik grilla mykje god mat til oss og her kan vi berre nyte maten og praten.





Kake til kaffien vart det også i dag. Kjekt og få nokre fine dagar sammen med "nesten" heile familjen.



Vel heime igjenn var det tilbake til vinteren. Kjell Ivar prøver så godt han kan og få gjort litt ute men det er ikkje lett i slikt ver..... tirsdag 11 mai var det slik .













55 års feiring.

Tirsdag 4 mai var det 55 års feiring her hos oss. Kjekt med litt markering av dagen. Her er Bjørn, Judith, Magnar, Anita og Kjell Ivar som kosar seg med rømmegrøt.


Signe, Marit, Gerd, Oddny var nokre av dei som tok turen innom.


Mor mi og Olga ein nabo var og med på feiringa.



Etter rømmegrøten var det kaffi og kaker.




Jorunn, Arne og Ingvild smakar på kakene.




søndag, mai 02, 2010

Kom mai du skjønne milde......

Så er april historie og det kan vere like greitt. I år har vi hatt vinteren på besøk fleire gonger. Slik såg det ut fredag 23 april når eg kjørte på jobb.



Klosterklokkene kom tidli og blomstra før påske men dei har hatt mange sure dagar.



Ikkje fristande og sette seg ut på varandaen denne dagen.



Solstolane var okuperte av kong vinter denne ettermiddagen.




Stemorsblomstene som eg planta ut til påske har greitt seg bra men litt kaldt er nok dette her.




I dag 2 mai fekk vi oss ein fin tur i skogen der vi kunne vere ute og få litt sol .






Så kan vi berre håpe på at varmen vil komme så desse knoppane kan sprette ut og vi kan nyte den finaste årstida vi har.