fredag, april 16, 2010

Bulandet 9 - 11 april.

Fri helg og tur til Bulandet det måtte berre bli bra. Vi kom utover på fredag kveld og fekk med oss solnedgangen i det fine vårveret. Kjell Ivar og Arne drog straks ut for og sette garn.


Laurdag våkna vi opp til nydeli ver og stille på sjøen. Etter ein god frukost var " karane " klare til og dra på sjøen.


Dei fekk ein fin dag der dei fekk dra garn og fiske litt.




Fangsten vart bra og vi fekk mykje god fisk med oss heim.




Kjekt og vere ute i båt ein fin vårdag med slikt ver.



Gunn Torill og eg hadde oss ein fin tur på land laurdag føremiddag. Her ser vi mot Fedøy og heimen deira.


Eg fekk og sjå den fine Barnehagen dei har i Bulandet. Kjekt og sjå korleis andre har det det kan gi oss nye idear som vi kan bruke i vår Barnehage.




Søndag hadde vi ein fin tur til eit utsiktpunkt vestover.




Her er det berre og sette seg ned og nyte utsikt og høyre kor havet jobbar. Vi var der ein stille dag men det er nok fasinerande og vere der når uveret står på.




Arne og Kjell Ivar måtte heilt ut på kanten. Dette vart ei fin helg der vi fekk koble av og nyte vakker natur. Takk til Gunn Torill og Arne for at vi fekk komme.




Må avslutte med eit bilde eg tok no i ettermiddag. Det er vel slik april kan vere frå det finaste vårver til skikkeli gråver.











torsdag, april 08, 2010

PÅSKE:

Vi har hatt ei fin påskehelg der vi fekk mange dagar sammen heile familjen. Britt Merete var den første som kom heim, ho brukte dei første dagane til og lage god middag til oss som ikkje hadde påskeferie endå. Her får ho opplæring av pappaen i ein "thai rett ".


Onsdag ettermiddag var alle på plass. Kurt Andre les bok for Nathalie før ho skal sove.


Ella Sofie fikk seg eit bad etter ein lang biltur.


Barne tv måtte dei små og kikke litt på før dei fant senga.




Det vart mange kosestunder sammen med bestemor her kosar vi oss med is , det var utruli godt.....




To små jenter som kosar seg sammen.



" Dissa " kom og opp og der kunne Nathalie sitte lenge for dette var kjempekjekt og disse. Tante Britt er god på å lage fart.



Nathalie og bestemor hadde mange fine turar ute på ettermiddagen. Ein dag måtte vi plukke litt blomster til mamma og pappa. Klosterklokkene blomstra fint til påske.



To damer på tur.



Fredagen var det laks på menyen!! Nathalie fyljer nøye med når bestefar skulle gjere fisken klar.




Janne mari og Geir Morten klare for eit godt måltid.




Når det er påske høyrer påskeegget med, i år vart det ett STORT egg for alle.





Påskedagane gjekk så alt for fort og 1. påskedag var det tid for å reise heim til Bergen . Her er det Eldrid som gjer Ella Sofie klar for bilturen. Nathalie med sine foreldre hadde kjørt litt før. Det blir veldi tomt i huset når to småbarn reiser heim.




Britt Merete og Kurt Andre reiste ikkje før 2. påskedag så vi fekk oss ein fin tur i skogen på nye veier der vi kunne nyte sola og fine veret. Er kjekt når ein klarer å samle familjen nokre dagar . Så har vi mange fine minner og sjå tilbake på.