fredag, desember 17, 2010

Litt av kvart.

Signe min kolega fylte 50 år i midten av november vi var ein del venninner/kolegar som feira henne.



Vesle Ella Sofie er ei aktiv lita jente som stadi prøver nye utfordringar.



Ein god klem til bestefar på farsdagen må til.



Eldrid har og fødselsdag i november, det vart feira sammen med venner og familje. Etter mykje god mat vart det spel som engasjerte heile gjengen.



Her måtte ein vere kreativ på mange ulike nevå. Stor innsats frå alle.




Så er vi i gang med julebaksten!!! Her har vi to ivrige damer som er klare for pepparkake baking.





Ella Sofie bakt like godt uten deig !!




Nathalie jobba iherdi med bakinga. Vart mange gode kaker til jul!!




Tre blide damer!





Søndags frukost med egg det er vikti for Nathalie. Vi gledar oss til og få feire jul sammen med desse to smådamene og resten av gjengen.









torsdag, november 25, 2010

Nathalie feira 2 år!!!

1 november vart Nathalie 2 år!! Vi tok turen til Sotra fredag 5 nov. for og feire dagen henna , her er ei " stor " og spent jente klar for fest.



Litt kos med bestefar høyrer og til .



Bestemor fekk og ein god klem av bursdagsjenta.



Tre damer , tre generasjonar !



Familjen Nilsen.




Så kom gjestane, Ella Sofie kom heilt frå Bygstad for og vere med på festen.




Nathalie og bestefar i full gang med og utforske gåva.



Ein fin samling av småjenter kom for og feire Nathalie.


To lys skulle og blåsast ut.





Fin kveld på Skogtun denne laurdagen.





Søndag kosa vi oss med ein god frukost , Geir Morten nyte kaffien i "gostolen".




Middag vart det på ein liten koseli Thai resturang inne i Bergen der fekk vi utruli god mat . Her blir det nok fleire besøk når vi er i Bergen .




Ella Sofie var fornøgd med risen ! Britt Merete ser og veldi fornøgd ut med sin meny.





Etter mykje god mat tok Britt Merete, Kjell Ivar og Anne Grete turen opp på Fløyen der var skikkeli vinterstemning. Nydeli fint for ein tur.





Skomakardiket var vakkert denne dagen.




Så var det berre og nyte utsikten over byen før vi kjørte heim til Bygstad etter nok ei fin helg.
















lørdag, november 13, 2010

Oktober.

Oktober kom og den gjekk fort. Veret var alt frå sol og fine dagar til vinter og kalde dagar. Hadde nokre fine kveldsturar opp i " skogen " her er ein fin kveld ved Stongavatnet.


Lars Eirik og eg fekk og inn vinterveden som dei skal ha og varme seg på når minusgradene kjem. Trur han trivest godt med jobben i solskinnet.



Nathalie kom på besøk to helgar i oktober. Ho måtte tegne med bestefar når frukosten var unnagjort.


Stor solsikke og lita jente, spennande og sjå på bestemor sin " store " blomster.



To gode jenter som er klare for senga, litt kos i god stolen før dei skal sove.



16 oktober var det stor feiring av Bjørn sin 50 års dag. Han hadde eit stort selskap i Samfundshuset der vi fekk ein fin kveld med mykje god mat og god underhaldning. Kjekt å treffe slekt og venner og få feire broren vår. Han greidde og blåse ut 50 lys Hurra!!!



Her er ein gjeng som kom med helsing og sang.



Ingvild har eit godt lag med små barn og dei vil gjerne vere sammen med ho. Her er det Ella Sofie som får henna oppmerksomhet.


Vinteren kom tidli . Det var berre og ta på snøhetta for solsikka.


Nathalie måtte ut og prøve akebrettet.


Tur med mamma på ein kald fin oktober laurdag.


Vinter blomster kan og vere vakre og dei pyntar opp langs vegen.

tirsdag, oktober 12, 2010

Tur til Oslo

Laurdag 11 sept. tok vi flyet til Oslo! Vi fekk besøke Kurt Andre og søndag var det konfirmasjon til Silje Iren. Laurdag kveld tok Kurt Andre oss med på ein liten Indisk resturang med nydeli mat.


Vi kunne forlate resturange mette og god , koseli og komme inn på slike små resturangar der heile familien er sysselsatt.


Søndag føremiddag var det konfirmasjon i Ellingsrud kirke, ei fin gudsteneste med mange flotte ungdomar. Her er Silje Iren utanfor kirka.



Ei blid og fornøgd jente klar til og forsyne seg av all den gode maten.



Her ser vi mamma Inger sammen med dei to flotte jentene hennar.


Etter mykje god mat var det fint og ta ein tur ut i sola. Alle gjestane samla, ikkje ofte vi treffer slektningane våre i Oslo. Takk for at vi fekk komme og vere med på festen.



Ein tur på Karl Johan høyrer med når vi er i Oslo.



Mandag var vi ein tur for og sjå på Operaen; eit spennande og flott bygg.





Fin utsikt er det og.




Kurt Andre har med seg ostekake når vi er på Operataket, den smakar like godt kvar gong.



Må berre nytast !!!






Vi var godt fornøgde med dagane vi fikk i hovudstaden, kjekt med litt forandring frå kvardagen.



Fin utsikt frå innsida av Operabygget.


Så er det tid for og dra heim, ein prat mellom far og son. Kjekt og få vere sammen med Kurt Andre , og alt han tok oss med på.