søndag, juni 28, 2009

Jonsok!

23 juni var det klart for jonsokfeiring på Liagjerdet. Der har vi samlast i mange år og vi har mange gode minner frå vi var små.


I år var vi så heldige at sommaren kom for fult denne dagen og mange tok turen i fineveret. Her er litt av gjengen som var samla og vi ser det var fint og sitt ute i kveldssola.


Her er ein gjeng som har feira mange jonsokkveldar på Liagjerdet. Frå venster : Norvald , Gerd , Maria , Ivar, Kjell Ivar og Anne Grete.


Kaffien blir alltid kokt på denne gamle gode kaffikjelen. Som vi ser av bilde har meir moderne kanner komme til når kaffien skal serverast.




Sølvi fortalte frå " gamle dagar " korleis feiringa var då, her viser ho fram ei lita brus ( Perle & Bruse ) noke vi hugsar godt frå barndommen. Det er vel den brusen som har smakt aller best.





Det er alltid ulike leikar ein slik kveld, tautrekking er like poppulert kvart år. I år trur eg det var damene som vant!!!





Så var det tid for og rusle heimover i den utruli fine kvelden. Kjekt og vere sammen og treffe naboar og andre bygdefolk og slå av ein prat. Er nok vikti med slike tradisjonar i vår hektiske kvardag.





torsdag, juni 25, 2009

Bryllaup til Hildegunn og Odd Magne

20 juni var det klart for bryllaup for Hildegunn og Odd Magne. Vielsen var i Salhus kyrkje og der var det pynta med markblomster.


No er det klart for brudemarsj og Odd Magne gjer seg klar til og ta imot Hildegunn.



Hildegunn vart ført inn av sin mor.


Så er vielsen over og brudeparet kan gjere seg klar for fotografering.


Sammen med foreldre og vi ser at sola skinte på dei når dei kom ut frå kyrkja.



No kan dei forlate kyrkja og dra avstad til endå meir fotografering.



Etter ein god middag var det klart for desert og kaffi men først må det takast av ringar på kransekaka.




Odd Magne tar seg ein prat med Janne Mari og Britt Merete.



Eldrid og Lars Eirik kom til kaffi





Sveinung og Kjell Ivar er også klare for kaffi og kake, vi hadde ein hyggeli dag som varte ut i dei små timar.








søndag, juni 07, 2009

Litt av kvart.

Pinsafta fikk vi vere med i bryllaupet til Camilla og Mathias (kolega av Kjell Ivar) Her ser vi paret på kyrkjetrappa i Ålhus kyrkje. Dei fikk ein fin dag der sommaren kom tilbake etter ei veke med gråver.


1. Pinsdag kjørte vi til Bergen med flyttelasset til Britt Merete. Ho har fått seg leilihet i Bergen. Vi fekk ein fin kveld på Sotra , vakker solnegang tatt frå varandaen til janne Mari og Geir Morten.


2. pinsdag fikk vi ein fin morgon / føremiddag ute i sola Janne Mari og Nathalie ved frukost bordet.


Mange stakk innom til ein kopp kaffi, her er tante Britt, tante Eldrid og onkel Lars kommen på besøk. mange andre var og innom.


Nathalie vart 7 månader denne dagen og her er det kos på bestefar sitt fang. Ser fornøgde ut begge to.



Fredag 5. juni var det tur til stølen til Signe i Fagredalen. Som vanli vart vi tatt godt imot, her gjer Signe klar rømmegrøten.



Her er dei damene som kom i år + Johan han hadde tatt turen opp med mamma sSolveig.



Jenny var også med og her kosar vi oss med rømmegrøt. det smakte godt og ikkje minst i slike omgivelsar . Kjekt at det ennå finst slike gamle stølshus .


Johann og " tante " Bente kosar seg i kveldssola før han skulle heim med sim mor.


Signe lagar det alltid koseli til når vi kjem på besøk. Fint med fjellyng i vinduet og fin utsikt over vatnet. Fin kveld og vi hadde ein fin tur nedover i solnedgangen. Her er det fint og ta seg ein kveldstur visst du ikkje har vert her oppe.