lørdag, november 28, 2009

Julepølser

På onsdag var det tid for og lage julepølser!! det er ein tradisjon som vi har hatt i mange år. Her er Kjell Ivar og Judith i gang med veging av pølsedeiga.


Kjell Ivar og Bjørn jobbar med og få blande all deiga .



Kjell Ivar og Arne har ansvar for og knytte alle pølsene.


Med to miksara og fire dyktige arbeidara gjekk det fort og få ferdi årets pølse. Så kan vi berre glede oss til julemiddagen skal serverast.




Etter endt arbeid smakar det godt med kaffi og julebrød.




tirsdag, november 03, 2009

Nathalie 1 år!!

Søndag 1. nov. vart Nathalie 1 år. Det måtte feirast skikkeli med stor fest for ei lita jente. Ho forsto fort at gåver det var spennande.



Når tante Britt er på besøk er det "stas" dei kosar seg alltid i lag. Litt avslapping er greit før festen startar.




Så er finkjolen kommen på og Nathalie er klar for fest!!!!



Janne Mari hadde pynta fint inne og ute. Her er det berre og sei VELKOMEN!!!
Mange gode kaker var sett fram.





Pappa måtte hjelpe til med og blåse ut lyset på kaka.





" Dette var god kake onkel Lars"




Her ser vi sju damer som bur på Skogtun.




Nathalie og bestemor var godt fornøgde med festen.




Så var dagen over og det er tid for barne tv , Hedda og Nathalie er varme og slitne etter festen. Det vart ein fin dag og ei fin helg på Sotra.