lørdag, august 22, 2009

Litt meir av sommaren......

Her kjem litt fleire bilder frå sommaren!! Ein kveld vi besøkte " bestemor " hadde ho besøk av Klara då blir det prat, kaffi og strikking.


Siste feriveka måtte eg ein tur til Sotra og Nathalie. Ein handletur på Sartor vart det også på oss damene.


Nathalie og pappa leser bok ser ut for at dei trivest veldi godt med det.



Hjort ser vi mykje av her hos oss men skjelden at den er så nær folk på ettermiddagen.


Her må eg berre komme med eit sitat: " En blomst er ikke mindre vakker om den vokser opp av en møkkadynge." Der var på ein møkkadynge eg fant denne.


Her er Nathalie klar for middag....
I sommar fekk Nathalie bli kjent med onkel Kurt han har ho ikkje treft så mange ganger. Dei vart gode venner og her får ho prøve stigen på Hjelmeland.


Bestemor har ikkje forstått noke " det er leikane som skal vere oppi kassa -- ikkje eg".


Nathalie er tidli oppe så ho kunne ete frukost med bestemor før dei andre var oppe. Vi kosa oss "masse".


Litt blåbær har det og blitt plukka så vi har noke og ta fram når det snøar og vinteren er på sitt verste.

tirsdag, august 11, 2009

Fine dagar i Telemark!!!!!

Framme på Gvarv venta det mykje god grillmat som Pasara hadde laga til oss. Det smakte veldi godt etter ein lang dag i bilen.


Laurdag kveld kunne vi kose oss med alle desse thai rettane det var som og vere tilbake i Thailand og kjenne all den gode smaken igjenn.


Manee og Pasara i full gang med og rydde bort frukosten , to personar som alltid "MÅ" ha noke og gjere......


Ole Vidar og Kjell Ivar tar det meir med ro ein god prat sette dei pris på etter ein god frukost.


Det var veldi kjekt og få komme på besøk til Pasara og Ole Vidar endå ein gang. Sidan sist vi var der hadde dei pussa op stova og den var blitt utruli lys og fin.


Laurdag var vi og på besøk til Radchanee og vesle Arvid.


Ole Vidar hadde gleda seg til og ta " Karane " med på motorcross. Manee syntest det var nok og sjå på
Kjell Ivar hadde gleda seg lenge til og få oppleve dette og han kosa seg med og kjøyre. Tok også ein tur på eiga hand ( gjekk ikkje så fort då som når Ole Vidar køyrte)


Etter på gjekk han over til og køyre gravemaskin sammen med Arvid.


Søndag var det tid for oss og reise heimover då var det slutt på fjorten fine dagar sammen med Manee og ei fin helg sammen med våre venner på Gvarv/Bø. Alltid kjekt og få vere sammen og vi ser fram til neste møte kanskje i Pattaya i januar?