onsdag, april 22, 2009

BULANDET APRIL 2009

Må legge inn nokre bilder frå Bulandet i påska. Vi var så heldige og få bu i Campella BUA til Gunn Thorild og Arne ( foreldra til Eldrid). Dei har fått ein kjempefin plass der vi ambefaler på det sterkaste viss de har tenkt ein tur i Bulandet.

Det er ein fantastisk utsikt når vi sitte ved spisebordet. Appelsiner , blomster og lys høyrer med når det er påske.

Lars Eirik og bestemor har seg ein hyggeli prat dagen før bryllaupsfesten.


Vi fekk og fine kveldar med med vakker solnedgang.


Påskeliljene blomstra og våren var komt for fult.


Her er heimen til Eldrid!! Det var ein fin morgon 8 april og flagget markerar at her skal det vere fest i dag.

Ein har vakker utsikt frå alle kantar . Desse to bilda er frå morningen 8 april.


Tar også med kvelsstemning laurdag før palmesøndag . Blir nok ikkje så lenge før vi tek turen til Bulandet igjenn.


fredag, april 10, 2009

Bryllaup

8 april var det BRYLLAUPSFEST i Bulandet for Eldrid og Lars Eirik. Det vart ein strålande dag med sol og fint vår ver. Velsignelsen var i Bulandet kapell. Her ser vi brudeparet klare til og forlate kapellet.
Her ser vi dei sammen med brudepike Hedda og brudesvenn kristian. Dei greidde oppgåva veldi bra.
Når det er bryllaup ute ved havet er det mest naturli at dei blir transportert i båt. Her er det Hedda som ynskjer dei fin tur.
Her er fornøgde foreldre sammen med brudeparet. Det vart ein fin dag og festen gjekk slik som det var tenkt tru gjestar og brudepar kosa seg.
Klokka 02.30 var festen over og det ser ut for at bruden er sliten etter ein lang dag og med mange dagars planlegging og jobbing i forkant.
Hadde mange fine dagar på Bulandet før bryllaupet så eg må nok komme med meir bilder om ikkje lenge.
GOD PÅSKE !!