søndag, mars 29, 2009

Vår


Ngår mars mot slutten og vi har hatt ein måned med vår og vinter slik mars kan vere. Det er alltid kjekt med klosterklokkene som kjem med ein gong snøen blir borte.
o


Også andre vårteikn kan vi finne når vi tar oss ein tur ut i skog og mark.



<
Kveldane blir lysare for kvar dag og no har vi flytta klokka til sommartid.


<
<
Med våren kjem det også rydding i hagar . Laurdag 28 mars var det rydding rundt bedehuset på Hjelmeland. Mange store tre som var blitt alt for store vart kappa ned.









Ein gjeng var samla og her er dei klare for ein matpause i det fine veret.








No er bedehuset kommen fra og vi ser at det gjenstår mykje rydde arbeid.










Dugnadsgjengen heldt på frå tidli morgon til langt ut på ettermiddagen.










<

mandag, mars 09, 2009

Dåpen til Nathalie.

Fredag 6 mars gjekk turen til Sotra for og vere med på dåpen til Nathalie. Laurdag var vi klare for og pynte til fest. Her er det Leifen ( Besten på Sotra ), Britt Merete, Janne Mari og Rønnaug som er i gang med dekking av bord.
Nathalie var og med her tar ho seg ein pause på fanget til tante Britt.

Så er den store dagen kommen. Her er Nathalie klar for og starte festen. Vi hadde middag og kaffi før Gudstjeniste og dåp. Ei fornøgd lita jente som tok alt styret med stor ro.


Som de ser så vart det fint når alt var ferdi og all pynten kommen på plass.


Under middagen var det godt og få sitte litt med tante Eldrid og onkel Lars.



Janne Mari hadde bestilt ei kjempefin kake til dåpsbarnet.



Før vi fikk smake på kaka vart det tatt bilde av Nathalie sammen med alle søskenbarna henna. Det var berre ein som ikkje var med på dåpen elstemann Sivert frå Volda. Ein herli gjeng der jentene er i stort fleirtal.


Kaffi og kaker er servert!!


Så er Nathalie og foreldre klare for og gå inn i kirka. No har ho fått på seg dåpskjolen som oldefar Johannes vart døypt i for 90 år sidan. Dåpshua vart kjøpt til bestemor Anne Grete sin dåp.




Trygt plasert på mamma sitt fang .




Etter gudstjenista var det tid til fotografering. Her er Nathalie sammen med stolte besteforeldre.

Så var det foreldre og fadrar sin tur.


Etter ein lang og slitsom dag har Nathale fortsatt eit skøyerakti blikk og sende alle fotografane.




Ein lite kvilepause på bestefar sitt fang .


Så var det endeli tid for litt mat og det aller beste var og få av seg kjolen og all anna pynt. Vi hadde ein fin og kjekk dag sammen med familjane på begge sider samla. Slike dager gjøymer ein som gode minner og tar fram seinare.