søndag, februar 22, 2009

På tide med ny oppdatering.

Lenge sidan det var noke nytt her på bloggen vår. Jannuar og snart februar har forsvunne i ein fart.
Jannuar hadde vi mykje fint ver og her er eit bilde frå Barnehagen ein av dei første dagane vi hadde sol i 2009.

Har hatt besøk av alle barna fleire helger dette året. Her kosar vi oss med god Wook som Eldrid og Janne Mari laga til oss. Kjell Ivar, Britt Merete, Lars Eirik og Kurt Andre hadde vert på revy øving.
Så var det morsdag og alle var heime også den helga. Vesle Nathalie kom også med blomster til bestemor .Ei fornøgd mor/bestemor med ein slik gjeng.


Grunnen til at alle var heime denne helga var Bygstadrevyen som hadde framsyning laurdag og søndag. Her er Kjell Ivar sammen med musikarane og dei ser ut for og trivest i sine kostymer.



I dag har vi berre slappa av og sett ut på regn og gråver. Har hatt ei helg der vi har tatt det heilt med ro og ikkje hatt noke vi skulle vere med på. Trur det er vikti med slike dagar. Så er vi klare for ei ny veke med jobb.