tirsdag, desember 30, 2008

Julefeiring


Vesle julafta var alle på plass på Hjelmeland klare for julefeiring. I år var Eldrid og Nathalie med for første gang. Vi vart ni stykker rundt bordet.


Julafta må det vere grøt og Geir Morten var den heldige som fikk mandelen.




Så er vi klare for julemiddag noke vi hadde sett fram til heile dagen. Spessielt Kjell Ivar som hadde vert igjennom tre gudstjenister denne dagen. Vi andre hadde ein roli dag med besøk hos bestemor og nokre andre slektningar før vi var på gravplassen og tente lys på gravene.



Etter middag og opprydding var det tid for å gå rundt juletre. Nathalie var med for første gang. Trur ho var litt usikker på kva som skjedde.


Julegåve vart det og på alle men Eldrid var den som fikk mange vesker. Litt dårli komunikasjon i familjen godt med bytte rett. Det vart ein fin julekveld der vi fekk vere sammen med alle våre.

søndag, desember 14, 2008

Advent

No er vi kommen til 14 des. og halveis inn i advent. Siste veka har vi hatt eit fantastisk vinterver med tempraturar ned mot - 10 grader. Når vi i forkant fikk ein del snø og det vart full måne opp i det heile kan det ikkje bli betre. Lenge siden det har vert ein så fin førjulsvinter. Tar med to bilder som viser kor fin kvelden kan vere.

Fredag 5 des fekk vi besøk av Nathalie for første gang. Vi var så heldig og ha ho her hos oss ei heil veke. Det har blitt mange kosestunder på bestemor og bestefar.
To lys fekk ho og vere med på og tenne. I sin lilla kjole har ho sjarmerte ho oss alle.


Bestemor og mamma måtte la Nathalie vere ei lita Lussia prinsesse.



Så var ho klar for heimreise! Vart veldi tomt i stova etter at ho reiste i dag.
No gledar vi oss til ho og alle våre barn og svigerbarn kjem på juleferie på Hjelmeland. Så får vi bruke denne veka til og lage alt klart for julefeiringa.