torsdag, september 25, 2008

Oslo tur

Helga 19 - 22 sept. skulle det bli ei skikkeli Oslo helg for Anne Grete. Besøk hos Britt Merete og Kurt Andre var det som sto på planen.
Turen skulle starte fredag kveld men det sette regn og skodde ein stoppar for.
Laurdag morgon gjekk det betre eg kom med første fly og var vel framme i Oslo 10. 45.
Der vart eg møtt av Britt Merete . Etter ein rask lunch hos henne var det tid for ein tur på byen.

I det fine veret var vi innom fleire loppemarked av ulik kvalitet. Også ein tur gjennom Botanisk hage vart ei fin oppleving i det fine veret.
Søndag kveld var det tid for og sjå det nye Oprabygget og det var eit kjempefint bygg. Kurt Andre hadde kjøpt med seg ostekake som skulle nytast på taket av Opra bygget. ( Beste kake ein kan få kjøpt i følge han )
Bygget ser virkeli fint ut i skumringa når lyset blir tent.
Mandag var Kurt Andre og eg innom Sally Ann for ein god kopp kaffi og gode kaker/ sjokolade. Kurt Andre jobbar her når han har fri frå studier og musikk. Så han ambefaler denne plassen når det skal vere ein god kaffi.

Mandag kveld var det retur til Bygstad etter ei utruli fin helg. Må og ta med at laurdag kveld var Britt Merete og eg på Mucicale Sound of Music det vart ei utruli fin oppleving med veldi flinke aktørar.

Dette vart ei god helg med avkobling og passeli påfyll av ulike aktivitetar. Ikkje minst var det kjekt og sjå korleis våre to barn har det i hovudstaden.