søndag, april 27, 2008

Tur til Pattaya

Ja slik såg det heime før vi drog fredag 28.mars, med skodda tjukk nedover "hesten".
Og vi lettar frå Flesland frå eit kvitt landskap med nysnø på.

Turen går vi København og Kastrup flyplass før vi landar på Suvarnabhumi (er aldri sikker på korleis det skrivst) flyplass utanfor Bangkok laurdag 29. kl.15.25 lokal tid. Og Manee er plas og møter oss med sitt smil og si hjelpande hand. Tradisjonen tru på veg frå flyplassen til Pattaya, må vi innom Mac Donald.

Så er vi tilbake. Buen med "Pattaya the extreme city" står som før på veg frå stranda på Jomtien.

Vi skal bu i View Talay 2A og får sjå "Twin Tower" (der vi budde 2006-2007) frå baksida.

Den nye blokka framfor der arbeidet vart stogga i fleire månader, var no komme mange etasjar opp med grovbygget.

Noko av det første vi fekk med oss etter "heimkomst", var gudsteneste på Redemptorist senter. Det underlege var at då vi kom til kyrkja i Soi 7, kjendest det som vi berre hadde vore borte nokre veker medan det var 8 mnd. sidan sist. Det var litt som å komme heim att. Veldig kjekt å få møte att kjende og kjære både frå kollegafelleskap og brukarar av kyrkja.

Chris og eg måtte berre ha litt felles øving før gudstenesta tok til.

Alt på søndag kveld fekk vere med ut og feire Kag (kona til Arild) sin 50-årsdag. Ho ønskte pengar til barneheimen Baan Jingjai. Som vi dagen etter fekk vere med å overlevere.

Det er alltid like sterkt å få møte Khun Pinta som har ansvar for over 50 foreldrelause born opptil 18 år. Ei utstråling som lyser av omsorg for dei ho har rundt seg. Å oppleve desse borna lovsynge og danse og sjå at dei har glimtet i auget, er svært sterkt.

Her er Kag (til Venstre) i samtale med Khun Pinta

Det er lett å få lov å ta bilde av smilande born.

Så var det klart for tur til Aran på grensa til Cambodia. For nordmenn har denne grensebyen vore brukt svært mykje for å fornye turistvisumet til Thailand. Terje måtte eit slikt ærend til grensa, og tok like godt heile staben ved kyrkja (+ dei gamle eittåringane) på ein liten rundtur. Her er det herrane som sjekkar inn på hotellet.

Lars og eg fann oss ein god gyngebenk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kven som har vore lengst i Thailand

Eit forsøk på finne seg eit enkelt måltid mat etter innsjekk. Manee leier an.

Vi måtte nett prøve ein av desse flotte thai-lysthusa utanfor hotellet. Slike ser ein mange av i ulike fasongar i Thailand.

Marked her og marked der. Men det største i flatevidde må vere det som ligg her ved Aran. Her er det Manee og Terje som er på utkikk.

I ei bod med cd/dvd-ar var det full action av ein danseglad liten gut.

Og for nokon kan freistingane verte store i møte med slikt.

Noko av det som alltid slår oss på eit thai-marked er dei ofte enorme mengder med varer. Her trur eg det må by på problem å få oversikt over kva som er.

Denne søte små dama var heldigvis ikkje for sal. Men ho jobba på sitt mellom alle dungar med tøy.

Dei som kjem over grensa frå Camobia kjem med varene sine dragande på slike vogner. Det må betalast skatt/toll ved motorisert transport.

Bak Hansi, Cris og meg ser vi bygningar på cambodiansk side.

På veg tilbake til Pattaya fekk vi møte ein nokså spesiell grisetransport. Levande griser i 3 etasjer på denne måten, trur eg hadde fått store avisoppslag i Norge. Og den som kjørte ei klekkeleg bot. Det var eit lite hyggeleg syn. Men varmt hadde dei det. Og det likar jo grisen.

Klart vi måtte nyte noko av tida ved bassengkanten og i vatnet. På tilbørleg avstand fekk eg ta eit bilde.

Og mat må til også ved bassengkanten.

Fredag før heimreise var vi i Mini Siam saman med Øyvind, Tananta, Hansi og Chris. Det var ein park vi ikkje hadde vore i før vi drog heim i 2007. Kjende stader og bygningar er kopiert og krympa, plassert ein nydelg park der den ein delen var via verda utanfor Thailand og ein med kjende stader i Thailand. Var imponert. Dette vart også eit farvel for denne gong med Hansi Chris, då dei skulle til Jansilla sine heimtrakter på ferie. Vi håpar jo å få sjå dei i Norge på ferie!

Etter besøk i parken venta det eit hyggeleg måltid på buffèn på toppen av Royal Garden kjøpesenter saman med Øyving og Tananta.



At det er vakkert når sola går ned, har vi opplevd veldig mange gonger. Må likevel ta med dette nydelege bilde frå beech-en ein kveld vi var ute og gjekk.

Det er ufatteleg mykje meir både av bilder og tekst som kunne vore med. Vi var veldig einige om at det hadde vore utruleg gode 14 dagar. Kjekt å komme tilbake til Pattaya utan annan plan enn å roe ned, treffe kjende, nyte klimaet og igjen få oppleve "smilets" land.