søndag, mai 18, 2008

17.mai

No livnar det i lundar!

Så skal flagget opp før 17.mai-kleda (bunaden) skal på.

På frukostbordet står eit kubbelys som kun er i bruk kvar 17.mai-morgon. Denne gong tent på for 24.gong!

I mange år har eg ikkje fått vere med på 17.mai-gudsteneste i mi eiga heimbygd, då dei må ha organist ved gudstenestene i dei to andre kyrkjene i kommunen. Bygstad har det i mange år vore Bygstad skule- og hornmusikk som har spelt til salmane denne dagen. Desse damene er klar for gudsteneste i Bygstad kyrkje. Fruen i år med sin flotte "thai-bunad" (sydd i Pattaya).

Til 17.mai høyrer det til å ha tog med hornmusikk. Vi er framleis heldig å ha det endå i Bygstad.

Tradisjonen tru møtest stor-familien hos svigermor til eit skikkeleg godt 17.mai tradisjonsmåltid med spekemat, flatbrød, mylse og rømmegraut på tidleg ettermiddag. No supplerer visstunderteikna akkurat her på med ei pølse m/brød.

Om ikkje kaffimaten er så mykje tradisjonsmat, så er det nok mykje tradisjon i eit slikt bord også.

Må også få med eit flott bilde av svigermor med sitt "nyaste" oldebarn. Ser ikkje ut for at nokon av dei mistrivst med situasjonen.