søndag, februar 24, 2008

Valentinsdag

Sidan sist har Valentins dag 14.februar passert. Sidan morsdag ikkje vart så vellukka (sett frå mannen si side), så var det tid for å prøve å rette opp att litt. Og denne dagen stod den største og mest velluktande (og dyraste) rose eg nokonsunne har fått tak i på frukostbordet saman med vallentins hjarte-konfekt og eit kort. Ja, ho fortener det i aller høgaste grad!
Høyrde eit kåseri (av ei ung kvinne) på radioen same dag, der ho ynka seg over kor hjelpelause og mislukka vi mannfolk er når det gjeld å tolke kva kvinner helst vil vi skal finne på ved slike høve. Eg fekk tydeleg vite mykje om kva ho meinte dei ikkje ville ha, men skjønte mindre av kva ho meinte var heilt innlysande vi burde gjere.
Sidan sist har vi også hatt bygderevy. Helga 17.-17.febr. braka det laus med 3 førsestillingar i samfunnshuset i Bygstad. Med eit skrått blikk på det meste presentert av ein heiltent gjeng på og bak scena og i "orkestergrava", vart årets utgåve godt teken imot av totalt ca. 650 frammøtte.


Å ha ein fengande avsluttning, er jo svært viktig. Denne gongen vart det ståande applaus frå publikum på heile avsluttningsnummeret på premieren med ein song skriven av Hildegunn Otterstad på ein fengande melodi (cover-låt). Ho står forøvrig for dei fleste av tekstane på både songinnslag og skodespel (sketsj).


Lyt ha med eit skikkeleg bra bilde av orkester/band-gjengen. Bygstad-revyen er kjend for gode og fengande musikk-/song-innslag. Kva er då meir naturleg enn å presentere (frå venstre):
Didrik Amundsen - bass, Sveinung Øvrebø - el.gitar/kassegitar, Sigbjørn Mo - slagverk og underteikna - piano/synth./tangent.

Trudde vinteren var på hell ved forrige blogg, men i dag fekk vi "kvita" oss litt. På veg for å ta oss ein tur, dukka nabo Haldor opp ferdig med sin "dagens marsj".

Lyt innrømme at det er litt sjarm med vinter også. Med så mykje flott turterreng rundt oss, er det jo berre å ta det i bruk. Men på slike dagar kjem jo "heimlengten" til Thailand sterkare fram også. Det er jo ikkje rart vi ser fram til 29.mars då vi skal få møte att kjende og kjære på ein stad med herleg sol og varme og heilt suuuuuper temeratur i vatnet.


Så får de ha farvel for denne gong!

onsdag, februar 13, 2008

Vinter på hell?

På søndag var det ein etterlengta dag med finever. Og for oss som bur litt over havet, så kan vi "bade" i sol medan bygda ved fjorden ligg tildekka av eit tjukt teppe av skodde.
Anne Grete fekk ta seg ein tur medan eg var på Viksdalen for å spele til gudsteneste. Storehesten er no ganske fin også med litt snø på. Mengda er nok adskilleg mindre enn det som er vanleg eit "normal-år" (viss slikt eksisterer).

Forrige helg (3/2) skulle eg ha konsert med eige stoff og hadde invitert kor, musikarar og solistar til Bygstad kyrkje. Men den dagen kom det mest forrykande vinterveret vi har hatt i heile vinter.



Marianne Juvik Sæbø som skulle køyre heilt frå Bergen hadde med seg minstejenta si på 3mnd. Eg er glad alle kom både vel fram og heim igjen. Anne Grete fekk gleda av å sjå etter Veslemøy medan mamma song.

Det var ifjor 10 sidan første gong eg presenterte ein heil konsert med eige stoff med Marianne som solist. I fjor på denne tid var avstanden (til Thailand) for lang til at det var mogeleg å gjennomføre, og i haust melde Veslemøy sin ankomst til familien Sæbø. Så difor denne forseinka utgåva. Eg har hatt den gleda å få ha ganske mange konsertar saman med Marianne, noko som har betydd mykje for meg både i jobben som organist og som musikar generelt.

Margret Henden Aaraas studerte saman med Marianne på Gimlekollen mediasenter i Kristiansand på slutten av 80-talet Dei song song duettar også den gongen. Veldig artig å høyre dei saman igjen.

Elles hadde eg med Knut Henning Litsheim som solist og saman med Førde Kammerkor framførte han saman med Marianne noko frå påske-cd-en "Det er fullført" som vi produserte våren 2006.

Veret vart hovudgrunnen til at det ikkje kom så mykje som ynskjeleg, men det kom faktisk meir enn vi vågde håpe på, veret teke i betrakning.


Kommande helg er det revy i Bygstad og eg har ansvar for revy-bandet. Det vert på mange måtar stor overgang med tanke på musikkstil og utfordringar. Men moro er det. Og for ein grå-håra ungdom midt i femti-åra, er det litt artig å komme i nærkontakt med musikkformer som ikkje har vore så mykje i min musikalske kvardag. Eg lærer mykje og får nye utfordringar. Heile konseptet er svært samansveisande for deltakarar, som alle er avhengig av kvarandre for at resultatet skal bli best mogeleg. Skal prøve få litt på bloggen om korleis det gjekk.

No vert dagane berre lysare og lysare!