tirsdag, januar 01, 2008

2007 er historie.

Adventstida med alle sine "faste" gjeremål kan av og til fortone seg som eit pliktløp. Det var godt i fjor å få oppleve at banda til dette "pliktløpet" vart sterkt redusert. Samstundes er det jo godt å vere tilbake til det gode, gamle kjende. Sjølv om vinter er noko vi visst set mindre og mindre pris på, må vi innrømme at vakkert kan det svært ofte vere når sola gir oss beskjed om at vi ikkje er gløymde og at snart vert det endå lysare.
Julaftan er det 3 gudstenester her i Gaular. Startar alltid med gudsteneste på Gaular bygde- og sjukeheim kl.11.00. Ei enkel flott gudsteneste der mange av dei som ikkje lenger er har sjanse til å komme seg til gudsteneste i kyrkja, kan få ver med. I år song jentene i Futurum klokkereint og flott om jula sin evigvarande bodskap. Futurum betyr "framtid". Med jula sin bodskap kan vi få minne dei gamle om ei framtid også for dei som er komt til livets kveld. Ei framtid som er uavhengig av stand og stilling, alder og helse. Berre av at vi tek imot gåva i tru som Gud rekker oss heilt gratis.


Så er husfolket også klar for heimleg julefeiring med jultre, god mat, lys og samvær med sine aller kjæraste. Julegåver må det sjølvsagt også vere. Prøver jo å vere fornuftige i så måte. I år fekk vi ha Britt Merete, Lars Eirik og Kurt Andrè med på julaftan.

Med jula høyrer også familieselskap. Og i år var det vår tur til å vere vertskap for det. Å ha mange i nær familie som kan komme sammen slik, er veldig kjekt. Med mat og moro styrkjest familie-banda.

Vi var samla ca. 25 stykker på vårt "nye" kontor-/musikkloft over garasjen.

Ikkje minst er det ei utruleg god kjensle av glede og takksemd når vi fleire gonger fekk samle born, svigerson og (forhåpentleg) framtidig svigerdotter rundt kjøkkenbordet for å dele med kvarandre.

Framleis er det faktisk bruk for at ho mor finn fram symaskina.

Og så kom nyttår! Med feiring hos svigermor.

Og då må tefonen takast i bruk for å nå dei som ikkje kan nåast på anna vis denne nyttårsafta.
Må Gud få gi oss det vi treng for at vi dette året kan vere hans munn, hender og føter i møte med medmenneske.

Godt nyttår til alle!