søndag, desember 09, 2007

Advent

Ja, no er det visst ei stund sidan det har vore lagt ut noko på denne sida. I dag noterer vi 9.des. og 2. sundag i advent. Må legge ut nokre vakre vinterbilder for å overbevise både oss sjølve og eventuelt andre lesarar at det er no ikkje så verst likevel med litt vinter. (Men det kunne jo vore litt varmare......)
Bilda er frå ein liten spasertur langs vegen ein sundag vi hadde besøk av Lars Eirik og Eldrid. Det er jo ikkje heilt å samanlikne med dei spaserturane som Hansi kan gjer i Pattaya. (Det er berre å samanlikne for den som vil på http://www.thailandhansi.net/ )

Men vakkert er det i alle høve. Skifte av årstider er jo noko av det som gjer det variert og bra å bu her på tross av det til tider vert veldig mykje "ver" her.

Med advent følgjer mange gjeremål som høyrer med og som nok er ulike frå familie til familie. Hos oss har det i svært mange år vore tradisjon Anne Grete og hennar søsken samlast for å lage ekte julepølser. Dei er no på plass i frysaren og skal fryde våre ganar bl.a. på julafta.

Jorunn (som syter for at pølsene vert godt og jamt stappa) har overteke lefsebakarkunsten etter si bestemor. Så forrige laurdag var det felles innsats med lefsebaking hos svigermor. Khun Jumnong (husmor på sjømannskyrkja i Pattaya) var også med på lefsebaking i sommar hos svigermor.

Elles vert det jo som vanleg ein del ekstra no føre jul. Sjølv fekk eg vere med (Førde Kammerkor) å syngje Händels Messias saman med orkester i går kveld. Med 430 tilhøyrarar vart det ei ekstra flott oppleving å ta med seg no fram mot jul.
2 lysmesser, 3 julekonsertar, 3 skulegudstenester, 1 barnehagegudteneste skal fram til julafta "opprinner" vere unnsgjort. Men det er jo slikt som høyrer med i denne tida.
Ha ei god adventstid!