søndag, august 12, 2007

Velkommen til "gamlelandet".

Blogg-namnet er visst litt vanskeleg å endre, så vi får tenke oss at no går det litt info frå "Aase til Pattaya". Overskrifta i dag har vi høyrt mange gonger no, og det er svært kjekt å høyre. At nokon også legg til at dei har sakna oss, gjer oss takksame. Men vi er sikkert litt lite opplært til å ta imot slike utsegn og kjenner oss nesten litt brydd. Men det får så vere.

Midt oppi gleda over å komme heim til kjære og kjende, til nydeleg natur og elles alt som gjer at vi tross alt likar å bu her, ser vi alt no at Hansi sin spådom om at vi "returnerer nok om ein månad", faktisk ikkje er heilt fri for fornuft. Tanken på at det er så langt til Pattaya/Jomtien at vi liksom ikkje berre kan dra dit for nokre dagar, gjer at vi lyt jobbe litt med saknet den vegen.

Sidan forrige blogg har vi hatt bryllaup i familien. Eg har lova alle mine born og dei eg er onkel til, at eg skal lage inngangsmusikk (bryllaupsmarsj) til dei som gifter seg. Det er ikkje utidig press frå mi side, men meint som honnør for noko eg syns dei gjer rett i. No har det nok riktignok ikkje blitt mange komposisjonar endå, men min 2. komposisjon for bryllaup kom "på lufta" då Birgitte (dotter til min svoger) stod som nydeleg brur i Bygstad kyrkje 4.august. Litt bilder ligg ute frå den samanhengen. Alt frå "gamlefolket" oppstasa i sine skreddar- sydde bryllaupsklede frå Pattaya til søskenborn- gjengen saman med besta (som nyleg vart 80 år). I går kveld var det 50-årsdag-feiring for eit søskenbarn av Anne Grete, så det har vorte ein del familiesamlingar etter heimkomst.

Denne helga har det vore Vikingfestival i Osen, tusenårsstaden for Gaular. Eit par regnbyer på laurdagen, men elles strålande festivalvèr. Gaularspelet som har sitt 20-års-jubilèum dette året, har vokse og utvikla seg til i dag å omfatte eit festivalområde for aktivitetar, tradisjonsmat, utstilling og sal av handtverk, song og musikk. Men det historiske spelet "Kjærleikssaum" er jo høgdepunktet. Dette året med nokre fleire profesjonelle, men framleis eit møte med sterke amatør-prestasjonar som kanskje til og med maktar å rive oss endå meir med i spelet. Møte med alle desse som frivillig gjer ein imponerane dugnads-innsats og står på time etter time time, dag etter dag, gjer at mykje av det som har vore skrive i Firda om korleis det er i Sogn og Fjordane, for meg kjem i eit litt underleg lys.

Men før første framvising i dag, hadde vi ei god friluftsgudsteneste på spelestaden. Besøk av presten (og kona hans) frå vår islandske venkapskyrkjelyd gav gudstenesta ein ekstra dimensjon. Banda mot Island nettopp frå vår (Dalsfjorden) region, vert nok berre sterkare og sterkare.

Til slutt ei lita helsing til alle kjende og kjære i Pattaya, vi er framleis veldig mykje i Pattaya både i ord og tankar (og bøner).

Ha framleis gode dagar!

And take care!