søndag, juli 29, 2007

Ny avskjed

At livet mykje består av å møtast og skiljast, syns vi spesielt dei siste vekene er blitt aktualisert mange gonger. Tirsdag morgon stod vekkarklokka på 03.30 for å nå ferja over Sognefjorden kl.05.30. Men det gjekk veldig bra. Frukost tok vi med oss og hadde "piknik" på ferja, då ingen var særleg svolten før avreise.






Det vart ein tårevåt avskjed på flyplassen med menneske som alltid vil vere ein del av oss. No veit dei litt meir om korleis vi lever her, og dei skjønar nok meir av kor stor forskjell det er på Pattaya og Bygstad. Arvid Tveit kom også til Flesland og fekk møte og seie farvel til dei. Vi vart einig om at dette måtte verte eit "på gjensyn". Flyet letta kl.10.00 norsk tid.

Dei likte godt å få vere i aktivitet. Khun Jamnong var i full gang på kjøkken etter kort tid og Manee heiv seg på utearbeid. Vi hadde flott ver alle dager unnateke siste dagen med litt meir gråver. Jamnong lærte meg å lage "fried nudle with pork/chicken", så etter besøk på asiatisk butikk i Førde for å få tak i alle nødvendige ingrediensar, var det berre å gå laus på første forsøk åleine. Så på torsdag var første thai-middag eit faktum. Og alle var vel fornøgde.

I dag måtte vi ha ein tur på "Reset" (ein åsrygg,ca. 400 m over havet, som det er laga skogsveg opp til). Motbakke heile tida. God trim for "gamle folk". Faktisk ein av dei få tinga vi sakna medan vi budde på Jomtien.

Sjølv om det denne dagen ikkje var noko ver å skryte av, kom vi tørre heimatt også. (Ja, eg innrømme at eg syns det er litt kaldt. Borna mobbar oss for at vi fyrer i omnen.) Revebjelle er Sogn og Fjordane sin "nasjonalblomst". Og vi møtte både folk og fe.

I kveld er det olsok-messe i eit gamalt kapell (Hestad). Men før det må eg ein tur på besøk til dei som bur på bygdeheimen og som eg ikkje har sett på eit år. Nokre av dei som eg ikkje trudde eg ville få møte att, lever framleis. Medan andre har gått bort. Godt er det at det ikkje er vi som skal bestemme kven som skal forlate livet.

Kor ofte det vert lagt ut blogg framover, er litt uvisst.

Men uannsett: Ha ei god veke!

søndag, juli 22, 2007

Heime i Bygstad att.

Ja, no er namnet på bloggen eigentleg feil.
Men må iallfall skrive litt om korleis det er å komme tilbake til heimstaden og korleis det er å ha besøk av Manee og Khun Jamnong. Med våre gjester kom det også godt ver. Så vi har hatt veldig fint ver desse dagane.

Men aller først må det seiast at det var med litt blanda kjensler vi drog heim. Ikkje det at vi var svært glade for å få komme heim til våre kjære og helse på slekt og vener og naboar. Men å dra frå menneske som vi er blitt glade i og som vi trivdest godt sammen med, er vanskeleg, spesielt med tanke på at vi ikkje kunne sei når tid vi kunne møtast neste gong. Men at vi skal tilbake ein gong, er sikkert. Hansi fekk det "ærefulle" oppdrag å kjøre oss til flyplassen.
Desse dagane vi har hatt besøk, har på ein måte vore ein fin overgang tilbake norske forhold. Vi har gjort litt forskjellig. Men såg veldig kjapt at våre gjester treivst aller best om vi kunne ta dei med på fisketur eller ein plass dei kunne kunne plukke blåbær eller ville bringebær. Manee har fiksa plenklippar og slått plen og Khu Jamnong serverer sine rettar enten det er frå fisken vi fekk eller frå innkjøpte varer frå den asiatiske butikken i Førde. Ho har forresten vore på kurs for å lære bake sunnfjordlefse med kling.

I dag sov Anne Grete og eg veldig godt. Begynne kanskje å komme inn i norsk tid igjen. Så Khun Jamnong hadde omtrent frukosten klar, då vi kom ut av senga. Dei er svært fornøgde berre dei finn ein fiskeplass eller ei blåbær-tue. Manee har tydeleg fått med seg at blåbær gir god helse.

I dag har vi også vore i fødselsdagselskap og Manee var med på leiken i hagen (kubbespel).I morgon skal vi bl.a til Førde for å kjøpe litt matvarer som dei skal ha med tilbake til sjømannskyrkja i Pattaya. Manee har også sett ein skråning langs med vegen her som trengs at graset vert kutta, og vi skal sjølvsagt ut i båt og fiske for siste gong (på fjorden). Tirsdag morgon må vi opp kl.04.30 for å dra til Flesland, og dei må snu nasa mot Thailand og Pattaya.

Bilda viser litt frå fisketur, tur til bre og bremuseum, fjelltur og anna. Legg ut litt ekstra bilder i dag. Det blir blogg også neste veke. Inntil då:



Ha ei god veke!

søndag, juli 15, 2007

Siste dag på "kjerka".

Så var altså dagen kommen for å for å seie takk for "eit år som blir litt utanom det vanlege" (som det står innleiingsvis på bloggen vår). Det vart det i aller høgaste grad.
Noko av takksemda er grunna i at vi har fått treft veldig mange som på ein måte har invitert oss inn i livet deira. Kor mange gonger får vi ikkje heime i Norge svaret "det går bra" om du spør nokon korleis det går. Her vert svaret rett som det er "nei, det går ikkje så bra". Og så får ein håpe og be om om at samtalen kan rette på noko av det som ikkje er så bra.

Baggasjen er ikkje berre fyllt opp av skreddarsydde klede. Møte med ein annan kultur og veremåte gjer noko med oss. Og vi håpar at vi tek med oss noko heim som kan vere med å sette ein korrigert kurs for kommande dagar.

I dag med omtrent tomt kjøleskåp starta dagen med frukost ute. Gjekk ein stad vi har gått nokre få gonger før. Nydeleg frukost med herleg godt, ferskt brød. Det vart bra med folk innom på kyrkja idag på tross av låg-sesong. Etter vaffeltid (kl.12.00-16.00) laga vi til for gudsteneste. Før Manee drog til Norge var vi sammen om å feste symbol på alterbordet. I dag brukte vi alterbord og lespult for første gong. Kunne hatt ein heil blogg berre på å fortelje om prosessen frå teikning til ferdig produkt. Det var litt kjekt å få vere med å pynte og ta det i bruk før vi skal dra. Dette vart den andre og for meg siste gudstenesta eg spelte med Carl som prest.

Etter gudsteneste var det (som alltid) nydeleg mat. Denne gongen var Sunanta og Rune mannen og dama bak eit flott og godt koldtbord/buffè.

Vi gler oss veldig til å møte att våre kjære heime, helse på naboar, slekt og vener. Men det er likevel med veldig blanda kjensle vi tek farvel med menneske vi har levd og trivast mellom. "Å skilles er å dø litt", vart det sitert i ei helsing til oss. Vi legg noko att noko her, og vi tek noko med oss. Prisen for å bli glad i nokon er vemod og sorg når tida er der for å skiljast. At vi kjem tilbake ein gong er ganske sikkert om dato ikkje er klar.
I morgon skal Hansi kjøre oss til flyplassen, så neste blogg som vert skriven frå Hjelmeland, får ta med litt om det og frå Manee og Khun Jamnong sitt besøk hos oss.
Ha ei god veke!

søndag, juli 08, 2007

Vikarprest på plass

Sist helg kom Carl Tråen for å fungere som vikarprest i sommar til Lars er tilbake i slutten av august. Han fekk alt første veka 3 bryllaup, det siste den 7. i 7. 07 i Redemptourist Senter sitt kapell der vi har gudsteneste siste søndag i kvar månad. Med ca. 60 gjester var det eit stort bryllaup her.

Elles starta veka som vi skreiv sist om, i Bangkok. Vi skulle også på eit sjukebesøk på eit av sjukehusa der. Vi kom litt for tidleg første gongen, og då var det jo berre å gå inni eit av dei nærliggande kjøpesentra og "slå i hel" tida litt med kaffi og shopping, som det visst heiter. Litt godt at no har vi ikkje plass til meir i bagasjen. Skal vere glad vi får med det vi har. Vi tok i utgangspunktet altfor mykje med oss då vi reiste.

De som har følgd litt med på bloggen vår skjønar nok at det vi er med på og opplever er litt anna enn berre å gå ut og ete og/eller dra på hyggelege turar (korte eller lange). Noko av det som skjer kvar veke, er barnegruppa torsdagar mellom kl.17.00 og 19.00. Bildet viser William, Jessica og Chris viser stolt bilde dei laga i lag med Anne Grete på gruppa denne veka. Slike stunder er jo veldig kjekke å tenke tilbake på, om dei av og til tyktest travle nok mens dei stod på. For eigen del må eg legge til at besøk på ulike sjukehus om laurdagane med risengrynsgraut, har gitt meg mange gode minne, sjølv om ein etter ein slik runde også kan vere nokså tappa. Men utan ansvar for små barn som krev sitt også etter arbeidstid, har vi jo berre oss sjølve å tenke på.

Rart at neste blogg vert den siste herifrå, men slik er det no med denne tida då!

Ha ei god veke!

mandag, juli 02, 2007

See you in Norway!

Ja, denne bloggen vert prega Manee og Khun Jamnong's norgestur. I går kveld følgde vi dei til flyplassen der vi skulle vinke farvel (grunnen til at bloggen denne veka er ein dag "seint" ute). Det har vore dagar med spenning for dei. Manee gjentok fleire gonger idet vi gjekk inn i terminalen med baggasje for å sjekke inn: "I can't beleave I'm going to Norway." Håpar turen går greit for dei. Første gong i fly, første gong ut av Thailand. Ikkje nett kvardagskost.

No når Manee er borte så må vi prøve å gjere oppgåver som vi er vand med at han tek seg av, som å rake plenen fri for lauv. Men det kan kanskje komme godt med å ta til med litt hagearbeid igjen, så ikkje alt slikt kjem som eit sjokk. Desse siste (14) dagane går nok fort som det har gjort hittil. Vi snakkar litt om kva som vert største overgangen med å komme tilbake til Norge og Bygstad. Trur ikkje det vert temperatur og klima. Men det kan no vere hemmeleg til vi veit om det går i oppfylling det vi trur.

Då vi kom tilbake til Pattaya (Hans Konrad køyrde) vart det først ein tur innom familien Nyvoll til ein kopp kaffi. Blant dei vi spesielt kjem til å sakne når vi har "landa" trygt og godt heime igjen.

Ha ei god veke!