søndag, mars 25, 2007

Besøk frå Signapore

Denne helga har vi hatt besøk av Koriallverden, sjømannskyrkja sitt kor i Singapore. På laurdag hadde vi kor-kaffè med korsong, allsong, vaflar og kaffi. Ei hyggeleg stund med mykje song og musikk. I staben i Singapore har Inger og Trygve som dirigent og musikar i Koriallverden, fått til eit flott tilbod ved sjømannskyrkja for dei som likar å syngje. I dag har dei delteke på gudstenesta før dei måtte dra tilbake. Bildet er frå kor-kaffèen. I dag har vi for første gong hatt gudsteneste i den nye sjømannkyrkja her. Og vi hadde sjølvsagt mykje song frå Koriallverden.
Vi skal flytte hit kommande torsdag og fredag, så veka som kjem vert mykje utanom det vanlege.

Elles må eg ha med eit bilde denne gongen av den harpespelande, Wang Tongjuan, som eg skreiv om i ein tidlegare blogg. Denne gongen spelte ho i ein 60-års-dag vi var invitert i. Noko av det spesielle ved henne er at ho også syng ein del attåt sitt eige harpespel. Har aldri høyrt nokon spele slik på ei harpe som henne. Må berre høyrast!

Elles ser vi på datoen at vi på neste blogg kan få legge ut bilde av våre nye gjester her nede. Gler oss veldig!

Ha ei god veke!

søndag, mars 18, 2007

Sesong på hell.

Veka som har gått har vore prega av dei meir daglegdagse gjeremål som vertskap på "kjerka", heimebesøk og sjukebesøk. Merkar nok etter kvart at høgsesong er over, men likevel møter vi stadig nye som kjem innom og som ikkje har vore på besøk før. Også nye fastbuande er å sjå. Då å få tilbakemelding på at møte med sjømannskyrkja gav meirsmak, er utruleg hyggeleg.

Fredag kveld var vi invitert på koseleg middag saman med Manee og husmor. Dei er invitert til Norge ein tur i sommar, og det ser ut for at dei kan komme heim til oss også. Men sidan vi ikkje er heime før 17.juli og dei alt er i Norge 2.juli, seier det seg sjølv at det vert på slutten av reisa deira.

I dag var det ikkje gudsteneste og staben saman med nokre andre drog på "strandhogg" på ei flott strand 50 min. sør for Jomtien. Flott å kunne få vere sammen også på litt ferievis og nyte sol og sjø. Det vert i kvardagen eigentleg svært lite av slikt. Dagen vart avslutta med ein hyggeleg middagsbuffè i Ban Chang på ein restaurant som vert driven av ein nordmann.

Mellom der vi bur og sjømannskyrkja pågår det utviding av gata frå 2-felts til 4-felts vegbane. Thaiar gir seg ikkje så lett, ser det ut for. Personar som har hatt si salsbod med bl.a. heil grilla kylling attmed vegen, sluttar ikkje om det vert vegarbeid rundt dei. Nei, kvifor det. Så lenge gravemaskiner, vegvalsar og vegskraper held nokre meter avstand held salet fram som normalt. Så uthaldande tvilar eg på nokon heime hadde vore!

Ha ei god veke!

søndag, mars 11, 2007

Verda rundt

Om vi ikkje fysisk drog verda rundt, hadde vi nesten kjensla av å ha vore litt med på noko av Ragnar Thorseth sine opplevingar. Onsdagskvelden med Ragnar som kveldens gjest, vart ein av dei mest spesielle hendingane denne veka. Han har kjøpt eit flott husvære her på Jomtien hos ein nordmann som driv bl.a med eigedom. Det var difor naturleg å invitere ein gammal støttespelar av sjømannskyrkja. Han har bl.a. budd ein periode på sjømannskyrkja i Singapore. Ikkje mange nordmenn kan fortelje om så mange eventyrlege reiser med vikingskip laga som kopiar av historiske skip. Via DVD fikk vi sjå både byggjeprosess og film frå fleire av reisene. På bilde får Ragnar eit teskjorte med logo for sjømannskyrkja av Lars prest.

Etter å ha hatt dagar med besøk vart det denne veka fullt kjør igjen. Så då kvelden med Ragnar var vel i hamn fekk vi besøk av Tore Nerland og hans team på torsdagkvelden. Vi starta med middagsbuffè og fekk undervegs høyre frå ulike sykkelturar i hans opplegg med "Bice fore Peace". Det mest spesielle denne kvelden var likevel møte med Harald som både er stum, døv og blind. Å sjå korleis han kommuniserte var spesielt. Han hadde med seg 2 tolkarar som bytte på arbeidet. Og han fortalde bl.a. om korleis det var å møte sin navnebror, kong Harald, på slottet for å motta kongens fortjeneste-medalje i sølv. Han har vore med på mange av Tore sine turar. New York-maraton hadde han visst sprunge 14 gonger. Imponerande!

Fredag kveld var det tid for å gå på barbesøk igjen. Og denne kvelden vart både intensiv og krevjande. Det skal innrømmast at eg av og til syns det kan verte noko einsformig å høyre på kor dårleg jobb både vi i sjømannskyrkja og ambasade gjer, og ikkje minst kor dårleg den norske stat er og kor fullstendig tomskalla alle leiande politikarar i Norge er. Eg kan ikkje anna enn å utfordre litt med motspørsmål. Men denne kvelden fekk eg også oppleve samtale som vart både gjevande, meiningsfull og motiverande for å gå ut igjen.

Må til slutt vise at vi prøver å lære oss litt nye ting til vi kjem heim (berre flaks at kjøtbollen ikkje datt ned).
Ha ei god veke!

søndag, mars 04, 2007

Avskjed

Det vert visst mykje skriving om gjester i bloggane når slikt er aktuelt. Men det er jo veldig kjekt å få helse på kjende og kjære og vere saman nokre dagar. Denne gongen får det bli bilde med noko anna enn matinntak og synging. Riktignok hadde Barfot-trioen (som vi no visst av enkelte er omdøypt til) ein minikonsert på "kjerka" på onsdag, elles har det begrensa seg med song til bordvers ved frukostbordet.

Måndag er vår faste fridag og vi fekk utnytta dagen godt. Først med eit besøk i palasset i Pattaya til "kylling kongen" i Thailand. Det gav oss endå meir innblikk i kor store kontrastar det er her i Thailand. Frå det utruleg vakre til det som mest er å samanlikne med slum og boss. Frå rikdom til fattigdom.

Dette anlegget består av fleire bygningar, bl.a. ein ball/konsert-sal som åleine kan ha 2400 stk. sitjande til bords samtidig. Ein mjukt knytta teppe dekka heile golvet i den kjempestore salen og må vere noko av det største i sitt slag. Vi fann berre ein skøyt på langs. Eit lyd/lysanlegg som berre er til å drøyme om, og 6 storskjermar som kunne gje publikum meir nærbilde av dei på scena. Men parken utanfor og rundt var også eit syn for seg.

Torsdag og fredag fekk vi bruke nokre oppsparte fridagar. Då bar det til Bangkok med buss. Asbjørn og Bodil hadde jo vore i byen før då dei besøkte Helge Kjetil for nokre år sidan. Første kvelden ville vi bruke på elve-cruise slik vi prøvde med borna våre like over nyttår. Det vart ein uforgløymeleg tur på mange måtar. 2 drosjar var bestilt til eit bestemt tidspunkt. Men det kom ikkje sånn utan vidare. Etter diskusjon med ein sjåfør om kor umogeleg det var å komme dit vi skulle p.g.a. trafikk-kork tilbaud han seg å kjøre til ein annan elvebåt. Men vi hadde bestilt bord ombord og var heilt bestemt på at vi skulle dit. Det kom til å ta ein og ein halv time, fekk vi beskjed om. Så det ville vi ikkje nå.

I slike stunder er det godt å ha ein thai-ven som attpå til har vore taxi-sjåfør i Bangkok. Eg ringte Manee og fortalde om problema og han fekk sjåføren til å køyre oss dit vi skulle. Noko av systemet her er at taxi-sjåførar har avtale med ulike føretak som gir dei økonomisk uttelling. Det kostar dei difor lite å lyge om trafikk-kaos og anna for å få oss godtruande utlendingar dit dei vil ha "sine kundar". Enden på visa var at vi kjørte 7 stk. i ei drosje og nådde båtcruise etter 45 min. Ivar og eg sat med kvar vår respektive frue på fanget og vart nok til gratis underhaldning for vaktene utanfor hotellet.

Fredag morgon bar det til Floating Marked. Då også opplevde vi noko av det same. Sjåføren kjørte oss ikkje dit vi skulle, sjølv om Manee hadde gitt beskjed kva pir vi skulle gå ut frå. Sjåføren hadde også her sine avtalar som skulle gje han økonomisk fordel. Vi visste at turen med elvebåten som vi skulle ta, kosta 400 bath. Der han kjørte oss fekk vi presentert ein pris på 2000 bath. Vi fekk turen for 500 bath takka vere litt "oppbacking" av Manee. Då han med båtutleige skjønte at vi kom til å dra til den andre plassen, gav han etter.

Sjølv etter gode og minnerike dagar, kjem tida for avskjed. Det skjedde midt i ei travel marknadsgate. Når denne bloggen vert skriven, er dei truleg nettopp stige ut av flyet på norsk jord.
Laurdag venta oppgåvene på kyrkja att, og i dag har Anne Grete og eg hatt åleineansvar for gjester og vaflar.

Ha ei god veke!