søndag, januar 28, 2007

Kvardag igjen.

Dei vanlege kvardagar med arbeid på "kjerka", har igjen prega veka. Måndag var det som vanleg stengt. Ut på dagen fekk vi beskjed om at husmor var lagt inn på sjukehus i Bangkok med hjarteproblem. Ein kontroll hos lege enda med at ho vart lagt inn på intensivavdelinga. Vart liggjande der til fredag, men er no ute att.
Men det har betydd at andre har måtta teke eit ekstra tak for at vaflar kaffi skal vere på plass. På laurdag var det igjen over 80 stk. for å få seg graut. Anne Grete og eit par andre måtte ta seg av koking og kjøkkenarbeid. Vi håpar jo sjølvsagt at husmor kjem seg skikkeleg til hektene att. Men 66 år gammal bør nok husmor etter kvart også ta omsyn til helsetilstand.

Gudstenesta denne sundagen, var på Redmtorist Senter der vi leiger kyrkje til gudsteneste ein gong i månaden (har skrive om kyrkja der i blogg i haust). I dag var det nesten 60 stk. på ei vanleg gudsteneste, veldig kjekt. Det har sjølvsagt også med at vi er i høgsesong enno. Det vart ei flott gudsteneste med god song og musikk. Utanom gruppa på bildet som også drog forsamlinga med seg, hadde eg med meg ein trompetist som er komt hit igjen frå Norge. Litt rart å tenkje på at neste gong vi har gudstenste i denne kyrkja, så er Bygstad Trio på plass for å syngje. Det gler vi oss til.

Må de alle ha ei god veke!

søndag, januar 21, 2007

Medarbeidartreff

Veka som er gått må seiast å vere ei "anleis-veke" i "anleis-året" for oss. Måndag drog vi alle (norske) tilsette til Purimas Hotell i Ban Chang nær Rayong (40 min. kjøring sørover). Bildet er teke frå verandaen på rommet vi var på. Der skulle vi vere på medarbeidarsamling for alle som jobbar i sjømannskyrkja i Østen, dvs Pattaya, Singapore, Dubai, Sydney + ambulerande sjømannsprestar i Asia Øst og Asia Sør. Fem frå hovudkontoret i Bergen, inkl. generalsekretæren, var også saman med oss. Skut (svensk kirke i utlandet) hadde også samling parallelt og delvis saman med oss.

To nordsjøprestar, Steinar Rishaug og Tormod Woxen, hadde eit 2-dagars-kurs om nærværskompetanse og samliv, gjevande og lærerikt. Det vart på mange måtar gode dagar for "opplading". Fekk møte andre og såleis dele både gleder og utfordringar vi møter i kvardagen. Såg fort at dei ulike stasjonane arbeider under til dels ulike vilkår, men at vi likevel hadde mykje felles.

Fredag drog vi tilbake til Pattaya. Med oss var alle som kom frå hovudkontoret i Bergen og vi hadde stabsmøte der vi saman med dei fekk fokusere på dei spesifikke utfordringar vi som sjømannskyrkje møter her i Pattaya. Vi ligg nok på topp i organisasjonen i forbruk av timar på sosialsaker. Dei fekk også sjå dei nye lokalitetane vi skal få flytte inn i, ikkje langt unna der vi no held til. Huset er større og det har stor flott hage med eit stort tre som gjev skugge. Det einaste som må gjerast først, er ei ombygging av kjøkkenet slik at det vert ein rasjonell og god arbeidsplass, spesielt med tanke på dei aller største samlingane. På fredag-kveld fekk vi hyggje oss saman med gjestene våre frå hovudkontoret med eit godt måltid mat.

Laurdag var det på plass att i kvardagen. Litt godt også. Grautdagen er veldig populær. Over 80 stk, var innom. Sjølv fekk eg vere noko av dagen med graut på sjukehus og på eit heimebesøk. Å komme på heimebesøk og få høyre at dette besøket med graut er høgdepunktet i veka, gir god "betaling" i jobben.

Skjønar at no er det begynt å likne meir på normal vinter heime. Vinteren her vart veldig kort. Vel ei veke med temperaturar ned mot 19 grader (om natta) og eit litt kaldare basseng er jo i den samanheng lite å skryte av. Her eg sit og skriv no (søndag føremiddag) er det ca.30 grader i skuggen. Det vert spennande å sjå korleis det vert å vere her når det er på det varmaste i april-juni.
Ha ei god veke!

lørdag, januar 13, 2007

Samvær og avskjed

Vekene rullar som før, og no er vi tilbake til meir vanlege dagar. Dagen i dag (laurdag) starta med at vi måtte seie farvel til våre kjære. Så bar det i taxi for dei til den nye flyplassen med retur via Moskva. Elles har dagen vore som så mange andre laurdagar med at Anne Grete har vore på "kjerka" som vertskap for gjester som bl.a. vil ha seg risgrynsgraut. 73 stk. var i dag innom. Som skrive om i tidlegare blogg, er vi også på besøk på sjukehus for å tilby ein tallerken med graut for dei skandinavar som ynskjer det. Ei svært hyggjeleg oppgåve.

Forrige fredag fekk vi alle vere med på besøk igjen på den barneheimen Anne Grete og eg var med og delte ut julepresangar på. Born og tilsette hadde møte denne kvelden. Ei sterk oppleving å få sjå og høyre bøn og lovsong på thai! Etterpå vart nokre av oss meir omsverma enn andre. Britt Merete hadde ikkje mindre enn 3 frisørar samtidig.

Kontrasten var nok litt stor til "Elvis Live" i Walking Street der vi var på laurdag-kvelden. Men nokre av oss vart spesielt lagt merke til også denne kvelden. Chris (son til Hans Konrad) fant fort tonen med Kurt Andrè og Lars Eirik. Ein hyggjeleg og avslappande kveld for oss alle.

Søndag bar det til Bangkok for å prøve å sjå om Kurt Andrè kunne få endra retur-billet. Vi visste det skulle gå 2 fly (Aeroflot) tilbake den dagen. Det var fullstendig på lykke og fromme og det såg lenge svært mistrøstig ut. Men med ei mor som ikkje ville gi seg før siste fly hadde letta, steig han ombord på siste fly som sistemann! Ein lukkeleg kar sa farvel til oss og fekk passere passkontroll. Og mor og far stod att, også letta og glade, på tross av avskjed.

Kor mange Starbucks Coffee-ar som har vore besøkt i løpet av ferien, trur eg vert vanskeleg å få oversikt over (spesielt for nokon). Men dagane med familiært samvær har vore gode for oss alle. Riktig ei opplading!


Ha ei god veke!

lørdag, januar 06, 2007

Fridagar

Det manglar ikkje på stoff å legge ut på bloggen denne veka. Nesten vanskeleg å velje ut. Nyttårsfeiringa var veldig anleis enn heime, og då tenkjer eg ikkje på temperatur. Etter gudsteneste og kjempegod middagsbuffè på sjømannskyrkja, drog heile gjengen "på by'n" for å vere midt i folkehavet og ta pulsen på Pattaya ved overgangen til eit nytt år. Det vart det desidert største fyrverkeri-show eg har opplevd på nært hald. Men komme seg heimatt om natta vart likevel meir kaotisk og utfordrande. Men det gjekk bra.

2.nyttårsdag hadde vi Manee (kona hans var også med første dagen) som guide og sjåfør til Bangkok. Han var med oss i 2 dagar. Tredje dagen var vi "overlatt" til oss sjølve for å utforske diverse shoppingsenter. Hotellet vi budde på var midt i det området som bombene gjekk av. Men folk vi spurde om råd frå, sa at det ikkje var risikofylt å dra, då desse "nyttårsbombene" ikkje hadde noko med konflikta i Sør-Thailand å gjere. Resultatet var at omkring hotellet som vi budde (med mange store shoppingsenter) var det mykje mindre folk og bilar enn normalt. Berre meir politi og militært nærvær. Så vi følte oss heilt trygge.

Vi fekk med oss mange av dei stadene som turistar oppsøkjer som Grand Palace, Floating Market, restaurant-cruise på Chao Phraya River(bilde til venstre), natt-marked, "Back-packer Street", og som sagt mange STORE shoppingsenter. Mest spesielt var for nokre av oss vart Floating Market på onsdag. Vi drog tidleg om morgonen frå hotellet for det var 9 mil å køyre. Hadde aldri trudd at området (kanalbyen) var så stort. Kanalane fungerte som gater og det var tidvis like mykje kork som på land i Bangkok sentrum. Veldig spesielt!

Elles er det å meddele at det har vore godt å ha fri nokre dagar, ikkje minst at vi kan vere sammen med borna om opplevingane. Neste veke er det på jobb igjen og dei lyt få gå litt på "sjølvstyr".


Ha ei god veke!