søndag, juni 24, 2007

Jonsok

I går kveld vart jonsok-afta feira i Norge (etter døyparen Johannes, fødd eit halvt år før Jesus). Vi knyter jo det til midtsommar og solsnu sjølv om det er eit par dagar før. Her i Thailand er det omtrent utan meining å feire solsnu. Her er det berre ca. 1 time forskjell på vinter og sommar når det gjeld dagslengda.

Denne veka har vore litt prega av at Lars og Marie skal til Norge på ferie kommande tirsdag. Det førte bl.a. til at alle i staben vart invitert ut til på middag (buffè) på torsdag kveld. Derfor vert det nok eit bilde der vi er "på by'n" og får oss mat.

På gudstenesta i dag tok Lars oss fram etterpå og gjorde folk oppmerksom på at det var siste gudstenesta han hadde sammen med oss før dei drog på ferie.

Elles er både Manee og husmor etter kvart meir og meir opptekne av turen som nærmar seg for dei. Når neste blogg skal skrivast, er dei på veg til flyplassen. På bildet studerer vi visa som Manee hadde fått same dag i Bangkok. Vi håpar på lagleg ver dei dagane dei skal vere hos oss (frå 18.-24.juli).

Ha ei god veke!

søndag, juni 17, 2007

Spesielt bryllaup

Denne veka starta med at Lars skulle vie eit par ved stranda her på Jomtien. Og dei skulle komme ridande på ein elefant. Gjestene visste lite om "stuntet", og vart overraska. Men elefanten, på tross av sine 40 år, var redd for å komme for nær sjøen og bølgjene som slo mot stranda. Men det gjekk bra til slutt med happy ending og det heile.

Desse vekerapportane vert (noko truleg alle som les bloggen, har oppdaga for lenge sidan) jo veldig mykje det vi opplever utanom arbeidstid. Og slik må det bli, då mykje av det i jobbsamanheng ikkje har noko på ein blogg å gjere. No når tida nærmar seg at vi skal heim att, er det jo klart at vi ser også litt tilbake på det som har skjedd dette året, på alle dei ulike menneske vi har fått møte og snakke med. Har vi lært noko? Trur faktisk vi har lært ganske mykje, både i møte med thaiar og nordmenn. Trur også vi maktar å sjå meir nyansert på livet vi møter i Pattaya etter å ha budd her eit år. Vi legg noko att av oss sjølve her, og vi tek med oss noko av Pattaya heim. Må jo bl.a. bli forelska i alle dei flotte solnedgangane. På fredag kveld på veg heim etter vår faste handletur, møtte dette synet oss (bildet over) ved Pattaya beach.

Elles har dette vore ei roleg veke med arrangement. I og med at det ikkje var gudsteneste i dag vart staben invitert med til ei roleg flott strand litt sør før Pattaya. Den ligg på militært område og der var reint vatn og flott sand. Fredeleg og med lite folk. Det var lågvatn mesteparten av tida så vi kunne sparke fotball og spasere på eit stort område. Sola viste seg ikkje mykje, men det er faktisk betre enn at den står nesten i senit og gjer det nesten uråd å vere der særleg lenge. Eg undrar meg stadig over kor varmt det er i sjøen. Anne Grete og mange med ho nytta høve til ein god time med fotmasasje.

Akkurat når eg skriv dette, så feirer svigermor sin 80-årsdag saman med familie, vener og naboar. Skulle gjerne ha vore der, men får ta det att.

Ha ei god veke!

søndag, juni 10, 2007

Til River Kwai

Nokre av dykk som les på bloggen vår, får vel snart inntrykk av at vi stort sett er ut og får oss mat ein stad eller er på reise. Vekta seier truleg at det første ikkje er langt unna sanninga (har ikkje vore på vekt på aldri den tid) og litt turar har det blitt.

Søndag morgon (3.juni) drog vi til Bangkok med buss. Hadde fri med helga og skulle ha 3 dagar der.

Måndagen ville vi ha oss ein tur til River Kwai, noko mange hadde anbefalt oss. Og vi vart ikkje skuffa. Minibussen henta oss kl.6.30 om morgonen. Ca. 10 mil å køyre nordvestover. Dei som har lese litt krigshistorie, har nok høyrt om japanarane sine forsøk på å byggje jernbane ved hjelp av krigsfangar ("dødens jernbane") gjennom Thailand inn i Burma og vidare mot India. Bruene, ei i tre og ei i stål, vart jo bomba av dei allierte, men etter manges meining veldig seint. Det er jo også laga film om desse hendingane.

Vi gjekk sjølvsagt over stålbrua som vart oppattbygd etter krigen og drog med tog nokre stasjonar bl.a. gjennom ein passasje ved elva der det var nokså bratt ned mot elvebreidda. Ei stor fjellhole der vart brukt som sjukehus for soldatane.

Vi fekk også besøkje ein stor minnekyrkjegard for falne der det var ca.7000 minneplater over hollendarar, engelskmenn og amerikanarar. Flott tillaga og stelt. Var også innom eit museum som viste mykje av situasjonen for desse fangane som skulle byggje jernbanen.
Japanarane var nok vel så raffinerte som tyskarane når det galdt tortur og mishandling. Heilt grusomt.

Elles må vi meddele at onsdagkvelden fekk vi vere med å feire svensk nasjonaldag (svenska flaggans dag) 6. juni. Dei har jo ikkje same tradisjon som oss med 17.mai og slikt, så dette var eit forsøk på å få til det som kanskje kan bli til ein tradisjon på denne dagen. Avslutta sjølvsagt med nydeleg svensk mat (bl.a. kjøttbullar og diverse sortar sild).

I dag var det ny buffè etter gudstenesta. Truleg på høg tid å vende nasa heimover snart så vi får meir kontroll med matinntaket. Her vert freistingane mange i så måte.

Tilslutt må vi ta ein av dei mange spesielle solnedgangar sett frå verandaen vår.

Ha ei god veke!

søndag, juni 03, 2007

Frihelg

Dette vert nokre ord i all hast. Nettet låg nede i heile går og no står vi "på trappene" til å dra til Bangkok. Faktisk den første turen vi tek dit heilt på eiga hand. Kjem att tirsdag kveld etter å ha vore med på Nordmanns-forbundet sitt siste møte før "sommaren".

Må legge ved eit par bilder frå ein hyggeleg kveld ved strandkanten der Marie og Lars bur. Dei inviterte staben ++ ut til ein hyggekveld og hadde laga til herleg mat. Dei drar på ferie til Norge 26.juni, og vert såleis dei første som drar. Men dei skal jo tilbake til Pattaya og fortsette etter ferien. Det er no tilsett eit nytt eittåringspar som kjem etter at vi er reist heim.

Føre jul hadde vi juleverkstad for borna ved bassenget litt lenger oppe mot blokka. Chris og eg var dei einaste denne kvelden som ikkje greidde å motstå ein herleg dukkert der. Hadde dessverre ikkje bilde av badinga, men har eit flott bilde av han med solfarga skyer i horisonten.

Ha ei god veke!