søndag, mai 27, 2007

Festdag på kyrkja.

God pinse til alle! Startar med eit bilde som viser korleis vi reknar med det er heime no på denne tida. Det er Bjørn som tok det ifjor på ein av sine turar.

Her har vi feira pinse i dobbel forstand. Så no er kyrkjebygg med hage teke offentleg i bruk, og kapellrommet inne er vigsla for kyrkjeleg bruk. På grunn av storleik,vert det mest nytta til kvardagsmesser, barnedåp og bryllaup. Det vert (heldigvis nær sagt) for lite til gudstenester.

Elles har dette vore ei veldig roleg veke i forhold til forrige. Og det kan komme godt med. Til høgtida idag med gudsteneste og vigsling kom Espen (Feilberg-Jacobsen) frå hovudkontoret i Bergen. Vi fekk lese brev med helsing frå biskop Ole, som også er biskop for sjømannskyrkja. Espen hadde med seg ei flott skipsklokke som i mange år hadde vore på sjømannskyrkja i Kobe i Japan. Den tilhøyrde ein båt frå 1926 frå Haugesund som vart opphøgd i 1961. Den vart nesten torpedert i senk av Japanske ubåtar under krigen, men greidde seg på mirakuløst vis. No heng den her, og skal glede oss med sin nydelelege klang.

Å skulle feste eit oppheng for ei tung klokke til murvegg, kan vere ei veldig tøff oppgåve her. Men Hans Konrad var heldigvis på kontoret og Manee og eg fekk jobbe i fred. Slikt arbeid er ikkje normalt å gjere på ein pinsedag, men syns vi hadde all verdens gode argument for å få klokka på plass før gudstenesta.

Ei fin gudsteneste der Lennart (Svenska kyrkan i Bangkok), Knut (jobbar i NMS i Thailand), Espen og Lars var med i "presteskrud". (Ambasadør Merete i midten). Kyrkjerådsleiar Trygve Gundtvedt (som jobbar som attasjè ved ambasaden) deltok med song som gledde både tilhøyrar og han som fekk spele til.

Etter gudstenesta var det (som vanleg) nydeleg grillbuffè/middagsbuffè med kaffi og kaker som dessert (for 250 thb, ca.44 kr). Må til slutt vise eit bilde av blomsteroppsatsen ambasadøren kom med. Det viser til fulle kor flinke thaiar er til å setje opp blomster.

Ha ei god veke!

søndag, mai 20, 2007

Vår andre 17.mai-feiring

Veka starta med at sjømannskyrkja arrangerte tur på måndag med MV King Olav (ein turbåt vi også nytta 2.juledag). Denne dagen drog vi til ei "øde øy",Kho Rin. Vi ser rett ut på denne øya frå balkongen. Kvit og fin strand og strålande vatn, gjorde at vi naut kvart minutt. Heldigvis var ikkje sola for sterk denne dagen, då hadde det blitt litt for tøft for dei fleste på denne tida av året.

Viser til eigen blogg om 17.mai i Bangkok. Vi tok igjen vår eiga feiring i dag. Nærare 120 stk. hadde funne vegen, noko vi syns var veldig bra. Vi starta med lunch kl.14.00. Deretter hadde vi ei kort gudsteneste før bløtkakene kom på bordet. Ambasadøren vår hadde også ei helsing. Så gjekk vi i tog med HMK Gardens Musikkkorps i spissen, spelt frå den mest spesielle pickup eg har sett på lenge. Høgtalarar i heile lasteplanet. Toget enda opp på ei tomt med gras, som vi hadde leigd. Der fekk vi ein flott tale av ei ung norsk jente som bur og går på skule her i Pattaya dette året. Så var det tid for leikar og is og MASSE drikke, også for vaksne.

Kjekt og vellukka var det. Men trur vi alle syns det var travelt i denne varmen. Så vi seig litt saman etter at det meste var rydda på plass. Ha ei god veke!



fredag, mai 18, 2007

17.mai-ekstra!

Syns vi må berette litt ekstra denne veka frå 17.mai-feiring i Bangkok. Vi vert vel sjeldan meir oppteken av å feire dagen, enn når heimen og landet er langt borte.

Staben drog onsdagskveld til Bangkok for å få med seg starten av dagen med frukost på den Svenske Kyrkan (Skandinaviske) kl.8.00. Men dagen starta (som ofte heime også) med regn. Einaste forskjell er truleg at her vert det berre så voldsomt når det set i gang (noko eine bildet syner). Vi våga oss etter kvart ut av hotellet for å gå til frukosten, men måtte til slutt av med skoa.

Deretter forflytta vi oss til ambasaderesidensen sin hage for å feire med program. Ambasadøren ønskte velkommen med helsing frå Harald R. To born heldt ein kjempefin tale, og det vart leikar og tog med eit militærkorps i spissen innleigd for høvet. Skikkeleg bra musikk. Is og pølse var på plass, og vi song sjølvsagt Kongesongen og Ja, vi elsker. Koste oss storleg sjølv om varmen etter kvart vart meir enn god. Så då vi nådde hotellet nærare kl.3, var det stort sett ein ting som var i hovudet: Å få dysje!

På kvelden inviterte Nordmannsforbundet her til fest med 3-retters middag på eit av dei meir storslåtte hotella i by'n. Flott orkester var på plass med live-musikk (nokre av dei som var med tidlegare på dagen). For oss litt "vanlege" vart dette ei spesiell oppleving av korleis fest kan føregå blandt "dei litt meir verdensvande". Kjempegod mat bl.a. med den beste laksen vi nokosinne hadde smakt.

Kjem tilbake sundag!





søndag, mai 13, 2007

Å herlege måndag!

Måndag er vår faste fridag. I starten måtte vi liksom utnytte dei til opplevingar og til å bli kjende her vi skulle bu såpass lenge. No er det ein meir kjærkommen dag der vi tek det heilt ned og berre gjer minst mogeleg. Godt å ha ein dag å ta seg inn att på.

I og med at det minkar på tida til vi skal heim, har blant anna tida komme for å besøkje skreddar. Eg er ferdig, så denne veka var det Anne Grete sin tur. Det kan av og til verte litt venting. Då kan det i ventetida vere godt med banan-pannekake på strand-promenaden. Kjempegodt, men fali, fali.....

Elles har vi denne veka besøk av to sjukepleiarstudentar frå Diakonova i Oslo. Om ein månad er dei autoriserte sjukepleiarar. Dei har observasjons-praksis (som det heiter) her hos oss. På bildet er Ida med på barnegruppa som Anne Grete og Marie har om torsdagane på ettermiddag. Det er litt mindre born no det er sommarferie her nede. Men skulen tek til att i morgon.

Her om dagen kom det ein knivslipar forbi kyrkja, då var det fram med alle knivar og sakser som fanst på kjøkken og kontor. Trur han fekk seg ei bra dagsløn. Dei er ikkje så kravstore slike karar. Har med seg slipekrakken og gode bryne. Smilande og fornøgd over at vi hadde noko som trong slipast. Bukka og takka på den flotte måten thaiar gjer det: med handflatene mot kvarandre med fingrar peikande oppover framfor bryskassen samtidig som ein bukkar (ganske djupt) mot fingertuppane.

I dag har vi hatt gudsteneste (kl.17.00) med norsk kveldsmat/buffè på menyen etterpå. (mor's bidrag var ferske bollar). Menyen vart krona med riskrem og kaffi kaker som "dessert".
Ha ei god veke!






søndag, mai 06, 2007

Kom mai du skjønne milde

På tirsdag denne veka bar det til Bangkok på kvelden for å feire 1.mai med foredrag og middag på stilige Grand Hyat. Nordmanns-forbundet hadde invitert til dette relativt eksklusive hotellet. Truleg ikkje heilt i arbeiderrørsla sin tradisjon med tanke på kor mange av Bangkoks befolkning som aldri har råd til å sette sin fot på ein slik plass. Men vi hadde eit veldig interessant foredrag om framvokster og opp og ned-tur for arbeid innanfor fagrørsla her i Thailand. Foredragsholdar eks-senator dr. Kraisat Chonnhavan, hadde studert i Europa i mange år, snakka utruleg godt engelsk og hadde stor kunnskap om temaet. Vanskeleg å referere, men det var ein utruleg ærleg fordragsholdar som gav oss sine analysar av situasjonen i Thailand m.o.t. arbeidstakarar sine rettar (rettare sagt mangel på). Han virka forholsvis lite opptimistisk med tanke på å få arbeidet opp å gå att innanfor fagrørsla.

Kan ikkje skryte av å ha vore aktiv i å avsynge Internasjonalen før. At det atpåtil skulle skje på eit hotell i Bangkok var spesielt. Fekk prøve 1. verset saman med resten av gjengen.

Elles er det å berette at fredag var vi igjen på by'n. No er det sikkert nokon av dykk som les bloggane, som trur det er berre det vi berre driv med her ute. Det er nok feil, heldigvis. Skal innrømme at vi er litt spent på kor det vert å skulle lage all mat heime igjen, når vi flyttar tilbake. Men det kan vi trøyste dykk med at mange gonger ber vi om "take away" på restauranten og får det levert på husværet. Så vi kan sitje for oss sjølve og nyte det på verandaen om kvelden.

Men altså fredag, då feira vi Anne Grete sin dag med å invitere alle som jobba på "kjerka" (+ ektefeller og barn) på buffè. Ein hyggjeleg kveld der vi kosa oss med mykje god og variert mat. Hans Konrad var (som vanlig) snill og tok bilde, så han er den einaste som ikkje kom med. For Anne Grete vart dette ein ekstra kjekk kveld, då nokre av thai-kvinnene som var der, trudde ho vart 45 denne dagen.
Ha ei god veke!