søndag, februar 25, 2007

Bygstadnytt (for oss her i Østen)

Denne veka har vore utanom det vanlege med tanke på at vi har besøk. Veldig kjekt å kunne få vere saman såpass mykje. Vi fann fort ut at tal resaurantbesøk alt etter nokre få dagar var meir enn vi nokon gong hadde gjort saman. Frukost lagar vi til på verandaen vår, og startar dagen bokstaveleg talt med eit varmt (30 grader i lufta) måltid rund bordet.

I dag har det vore gudsteneste. Synest nesten eg må ta med bilde av trioen i sving på song- og musikkgudsteneste i det spesielle kapellet på Redemptorist Senter. Må innrømme at det var litt kjekt å få synge sammen igjen. Har til og med fått øvd inn ein ny song saman.

Elles har veka vore prega av mange flotte opplevingar og inntrykk. Måndag-kveld var vi på middags-buffè i tårnet (i løpet av knapt 2 timar har alle som sit der teke ein heil runde). Fekk med oss flott solnedgang, god mat og god utsikt. Må nett vise noko av utsikta frå tårnet. Den høgste blokka (smal og med rødt tak) husar både oss og våre gjester.
Onsdag hadde vi Evert Taube-kveld i hagen i den nye kyrkja vår som vi håpar vere på plass i til slutten av mars. Ein flott allsongkveld leia av Lennart Hamark, prest i Skut (Svensk Kyrka i UTlandet) i Bangkok. Godt over 130 stk. betyr at vi på 2 arrangement i løpet av 4 dagar hadde over 300 stk innom. Kjempebra!

Fredag hadde mest heile dagen i Nong Nooch Tropical Garden. Den må berre opplevast. Kunne skrive mange bloggar på det, ikkje minst med alle bilde som burde vore med. Vi fekk med oss ein god del meir enn sist vi var der med borna våre, og det er endå mykje å sjå og oppleve.
Ha ei god veke!

.

søndag, februar 18, 2007

Besøk

Litt seint å legge ut bloggen først no. Men syns vi måtte ha med beviset på at no har vi fått besøk frå Bygstad. Vårt første middagsmåltid sammen "på by'n"! Vi gler oss til flotte dagar sammen, sjølv om vi må jobbe mange av dagane.

Dagen starta kl. 04.45 for å dra til flyplassen i Bankok for å møte våre gjester. Manee var på plass med bil og gjensysgleda var stor. Bortsett frå at Ivar og Jenny sin koffert var komme på videvanke undervegs, så var alt vel. Den kom på plass att i kveld med ekstraskyss frå flyplassen.

Den andre storhendinga i dag vart konserten til Rune (Larsen) og Helge (Nielsen) i hagen på den nye kyrkja vår som vi skal flytte til ein gong i mars. Over 170 menneske er jo kjempebra! Anne Grete hadde baka 200 fastelavensbollar og husmor hadde baka mykje anna godt. Så folk såg ut til å stortrivast både med musikk og mat.

Ha ei god veke alle!

søndag, februar 11, 2007

Morsdag

Gratulerer alle mødre!

For oss starta dagen (etter å ha forlate senga litt seint) med å gå ut på restaurant og ete frukost, noko vi ikkje har gjort før. Det er ein plass ikkje langt unna oss som har det nydelege, nysteikte brødet. Etter at mor hadde fått sin sveitsiske frukost og eg min engelske, drog ho på jobb for å ta imot besøkjande på kyrkja. Vi har gudsteneste i dag kl.17.00 (med veldig god middagsbuffè etterpå). Så eg skal bort om ikkje lenge for å førebu gudsteneste og få på plass stolar og bord.

Måndag hadde vi ein hyggeleg kveld saman med Waree, kona til Magne som i sommar dreiv kaffèen i "Osebua" på Viksdalen. Nokre hugsar det stod litt i Firda om henne med dei nydelege thai-frukt-drinkane. Dei skal tilbake for å opne "Osebua" for sommaren kring 17.mai. Så då må de ta imot dei. Kjekt også å møte søster hennar, Ying og mannen hennar Suwit. Waree og Ying har vokse opp her i området. Vi var såvidt innom Waree på Viksdalen før vi drog til Pattaya, så det var veldig kjekt at at vi fekk til eit møte. Litt artig at vi sunnfjordingar i Pattaya greidde å finne ein restaurant som dei ikkje hadde vore på (men det er jo ufatteleg mange her også då).

Elles må vi jo nemne at vi denne veka har hatt konsert med Gunnar "GP" Pedersen. GP duo består av han og kona Sigfrid Eiksund. Ho har ein bror som driv ein flott restaurant kort veg frå der vi bur. Dei har sunge der 3 dagar i veka no nokre veker. Kjempe flott av dei å gi oss ein slik kveld der folk såg ut for å trivast storleg. Vi måtte også denne kvelden ut på gata med ein god del stolar, så no gler vi oss til å komme på plass i den nye kyrkja med den flotte hagen. Men enno usikkert kor tid vi kan flytte, sidan det må gjerast noko arbeid bl.a. med kjøkkenet. Til slutt ønskte Gunnar også "Sputnik" velkommen på scena. Og konserten vart avslutta med to songar der han og kona også var. Så no kan eg skryte av å ha arrangert konsert der sjølvaste "Sputnik" var med. Gunnar kjenner truleg mange bl.a. frå frå lang fartstid som programleiar i 9-timen og reiseradioen.

Vi merkar det er sesong, og at "utanom-det-vanlege"-hendingar, er fleire enn elles. For alt neste søndag er det duka for konsert med Rune Larsen og Helge Nielsen (i hagen ved den nye kyrkja). Og då er også våre vener frå Bygstad, Asbjørn, Bodil, Ivar og Jenny på plass. Vi gler oss til 2 veker saman med dei!

Ha ei god veke!


søndag, februar 04, 2007

Søndagsfri

I dag lyt vi fortelje at det er blitt litt vinter igjen med ned mot 20 grader når vi skal ha vår gode frukost på verandaen. Hadde nokon sagt til meg før vi drog hit at eg kom til å kle på meg joggedress ved slike temperaturar, hadde eg ikkje teke det særleg alvorleg. Men...... når ein ein har levd i temperaturar på omkring 30 grader i nærare 6 mnd., så vert ein visst forandra. Men vi klagar ikkje. Bortsett frå at det er litt verre å komme seg uti basssenget, så er det eigentleg heilt ok.

I går kveld (laurdag),var vi invitert til middag hos ein som driv forretningsverksemd, i høve 3års-markering sidan oppstart. Hansi og eg representerte "kjerka" i den samanheng. God mat var der, men det som vart det beste denne kvelden, var ei harpespelande kvinne frå Kina som underheldt. Sitjande i eit lysthus som ei prinsesse, presenterte ho himmelsk musikk. Aldri før har eg høyrt nokon spele på harpe slik ho gjorde. Ho var også ein dyktig songar og akkomagnerte seg sjølv på fleire songar. Alt frå klassiske perler til kjende og kjære melodiar frå ulike sjangrar. Ho musiserte så det var ein fryd både å sjå og høyre. Men utan fotoapparat, får eg dessverre ikkje bilde på bloggen. Ein som sat ved same bord, sa spøkefullt at han trudde ikkje han skulle høyre slik musikk før litt lenger framme i livsløpet.

I dag har vi hatt søndagsfri, og bl.a. promenert på beach-en litt. Der trefte vi to andre fornøgde damer som også gikk søndagstur. Agneta (frå Sverige) har stått i på "kjerka" litt som frivillig, og skal reise tilbake til Antwerpen i morgon.

Mens eg skriv dette, så veit eg at revyen i Bygstad om 3 timar skal ha si 2. førestilling. Lukke til alle sammen! Og ha ei god veke!