søndag, desember 09, 2007

Advent

Ja, no er det visst ei stund sidan det har vore lagt ut noko på denne sida. I dag noterer vi 9.des. og 2. sundag i advent. Må legge ut nokre vakre vinterbilder for å overbevise både oss sjølve og eventuelt andre lesarar at det er no ikkje så verst likevel med litt vinter. (Men det kunne jo vore litt varmare......)
Bilda er frå ein liten spasertur langs vegen ein sundag vi hadde besøk av Lars Eirik og Eldrid. Det er jo ikkje heilt å samanlikne med dei spaserturane som Hansi kan gjer i Pattaya. (Det er berre å samanlikne for den som vil på http://www.thailandhansi.net/ )

Men vakkert er det i alle høve. Skifte av årstider er jo noko av det som gjer det variert og bra å bu her på tross av det til tider vert veldig mykje "ver" her.

Med advent følgjer mange gjeremål som høyrer med og som nok er ulike frå familie til familie. Hos oss har det i svært mange år vore tradisjon Anne Grete og hennar søsken samlast for å lage ekte julepølser. Dei er no på plass i frysaren og skal fryde våre ganar bl.a. på julafta.

Jorunn (som syter for at pølsene vert godt og jamt stappa) har overteke lefsebakarkunsten etter si bestemor. Så forrige laurdag var det felles innsats med lefsebaking hos svigermor. Khun Jumnong (husmor på sjømannskyrkja i Pattaya) var også med på lefsebaking i sommar hos svigermor.

Elles vert det jo som vanleg ein del ekstra no føre jul. Sjølv fekk eg vere med (Førde Kammerkor) å syngje Händels Messias saman med orkester i går kveld. Med 430 tilhøyrarar vart det ei ekstra flott oppleving å ta med seg no fram mot jul.
2 lysmesser, 3 julekonsertar, 3 skulegudstenester, 1 barnehagegudteneste skal fram til julafta "opprinner" vere unnsgjort. Men det er jo slikt som høyrer med i denne tida.
Ha ei god adventstid!

mandag, november 05, 2007

Tur til Gvarv og Bø

Om morgonen då vi skulle starte (fredag 2.nov.) på turen til Telemark, fekk vi eit flott syn frå uteplassen ved kjøkkenet.


Men alt på veg gjennom Sogndals-dalen vart vi minna om at vinteren snart er om hjørne.

Etter overnatting i Kongsberg, drog vi til Gvarv for å møte Pasara (Denn) og Ole Vidar. Her er vi i gang med internett-telefoni til Manee.
(Manee. Here we try to get in contact with you!)


Trur alle thai-kvinner er dyktige på mat. Det var iallefall Denn.



Endeleg skulle vi få eit skikkeleg thai-måltid. Utruleg kjekt å få eit slikt måltid sammen med Ole Vidar og Denn.

Etter ein god lunch bar det til Bø for å vitje Radchenee og Arvid. Arvid er veldig glad i Denn. Radchenee har eit fint, nytt og passeleg stort husvære i kjellaretasjen.


Var litt rart å møte Radchenee og Arvid utan Arnold. Men Radchenee står på. Går 50 min. kvar morgon og kveld. Først for å levere Arvid i barnehage, og så vidare til skule. Og så samme runde om kvelden. Både Ho og Denn er blitt flinke i norsk.


Arvid godtok relativt kjapt Anne Grete sitt fang. Det var for såvidt ikkje uventa.


Men at eg også skulle få nokre sekundar med han på kneet, syns no eg er endå meir imponerande.

På veg heim på søndag var vi ein kort tur innom Radchenee og Arvid igjen før vi drog over Haukeli tilbake til Vestlandet. Over nyttår ser vi fram til ein gjennvisitt frå "telemark-gjengen".

søndag, september 30, 2007

Haustvakkert

Bilde av soloppgang teke frå kjøkkenverandaen.


Og solnedgang med siste plenklipping for i år.

Så tok vi svigermor til "fjells".


Til ein kopp kaffi laurdag ettermiddag.

Manee var på storehesten, og blåbæreting vart det ein del av, men neppe no frå denne tua.

Så bilde av nokre av dei vatna vi har i nærleiken i utmarka. Først Stongavatn.


Så Djupedalsvatn

Så Svartetjønn

Så vatnet på Hjelmelandsstølen.


Så Mevatnet.


Og alle var einig om at hausten kan vere utruleg vakker. (Kvifor Storehesten absolutt skal vere med på mesteparten av bilda, får vi spørje han om neste gong)
Nyt fargane!










søndag, september 23, 2007

Kor vart god-veret av?

Nokre veker sidan oppdatering no. Tittelen på bloggen seier vel det meste. Har ikkje vore mykje høve til uteaktivitetar nett. Trur den veka som Manee og Jamnong var her, er den lengste perioden med godver sidan vi kom heim att. Men vi har fått beskjed at vi ikkje har noko å klage på etter eit år i Thailand. Hausten kan vere vakker likevel. Sjå berre på fargane på denne klynga med lauvtre.


Galskapen lenge leve, er visst noko som heiter. Det er vel ein form for galskap å plassere eit kyrkjeorgel på kontor/musikk-loftet vårt over garasjen. Men no står det no der. Kalde kyrkjer på vinterstid gjer øvinga svært tilfeldig. No kan eg førebu og øve når eg har ei ledig stund, kort eller lang. Loddefjord kyrkje skulle byte ut sitt 9 år gamle Allen-orgel med i eit nytt stor 3-manuals-orgel. No har eg øvingsinstrument så lenge eg ynskjer. Kunne skrive ein heil blogg berre om transport og bæring opp trappa til loftet. Med centi-meter-presisjon kom det på plass ved hjelp av sterke karar og innleigd pianosele.


Alt dagen etter at orgelet stod på plass, bar det tilbake til Bergen og Sotra. Denne gongen for å besøkje Janne Mari og Geir Morten på deira nydelege plass på Skogtun. Med utsyn over holmar, viker, skjær og havet der ute, er det berre for auge å ta til seg. Etter vel ein månad i eit vikariat har Janne Mari no få fast stilling som tannlege, noko vi gler over oss saman med dei.

Marianne Juvik Sæbø (heilt til høgre på bildet under) inviterte oss med på Logen teater. Der fekk vi med oss ei forestilling med kjende nummer frå diverse operetter og musikalar. Eit flott og humoristisk program, spesielt flott med alle borna som var med på nokre av nummera. Elles var Marianne sin mage (ho ventar nr.3 i nov.) ein viktig del av fleire nummer. Om kvelden drog vi til Askøy på besøk til "gamlepresten" vår Øystein Skauge og kona Tove Sneås Skauge. God mat og hyggjeleg gjensyn gjorde at timane gjekk fort. Vi gløymde å ta bilder derfrå dessverre.

Elles går dagane fort med ymse gjeremål. Anne Grete merkar nok at det er litt meir "køyr" å jobbe fullt i barnehagen, men får no tid til litt anna likevel. Veret har ikkje gitt sjanse til så mykje turgåing på Reset. Men bibelgruppa held no til inne. Og omkring bordet på kjøkkenet vert det også litt tid til den jordiske føde krydra med den gode samtale.


I morgon, måndag er det som vanleg drosjekjøring for meg. Køyrer no kvar måndag og annankvar onsdag og fredag + ein kveld/natt i veka. Trivst med det. Og syns at brikkene no er på plass etter "tenketida" i Pattaya.
Ha fortsatt gode dagar!



tirsdag, september 04, 2007

Haust

No er det visst hausten som prøver å melde sin ankomst. Med 3-4 grader i dag tidleg, gjekk nok tankane fort til eit land langt i sør-aust med betre temperaturar, og som vi sit att med så mange gode minne frå. Vi innrømmer det med ein gong! Vi er ikkje ferdig med å prate om tida i Thailand. Om vi nokon gong blir det, er jo også usikkert. Spesielt når Hansi legg ut nytt stoff på sida si, så les vi det med endå større iver enn vi las lokal-avisa vår på nettet før vi drog til sjømannskyrkja om morgonen.

Må vise at det er litt blomster her også sjølv om det ikkje vert mykje å skryte av i forhold til Nong Nooch. Vi er komt godt i gang i vårt "nye liv". Anne Grete er no i godt i gang i barnehagen. Jobbar no i full stilling. Sjølv har eg teke til med litt drosje-køyring hos Nistad Taxi her i bygda. Skal køyre kvar måndag (og kanskje onsdagar) + ein kveld/natt i veka. Eg kom tilbake til ein 80% stilling, men kjem nok til å søkje om permisjon i 20% (av full), slik at eg jobbar 60% som organist. Trivst godt i drosja. Er det ikkje noko som heiter drosje-diakon?

Må også vise at vi har litt eple å hauste også. Skal gå relativt kjapt det då. Men smaken er jo upåklageleg, så får mengda komme etter kvart.


Vi fekk oss ein tur til Hardanger der vi fekk møte mine brødre og svigerinner (på den sida) før vi tok til i jobb att. Trur det var første gong vi hadde vore samla slik utan å ha ein einaste av "ungane" rundt.Dei fleste er jo ute av "redet" og står trygt på eigne bein. Ja, kanskje det mest vert slik framover?


På veg heim sundag kvelden, møtte vi veslandsver på sitt beste. Bildet er tatt ut bilvindauge på veg til ferje ved Oppedal. Men med tanke på teiknet som Gud sette på himmelen i Noa's dagar, så har vi ingen ting å frykte. Når det til og med vert dobbel regnboge (over naboen), må det vere godt å ta med seg inn i dagane som kjem.

At Arnold skulle gå bort så altfor tidleg, fører til mykje endra planar for Radcheni og Arvid. Då er det godt å høyre at Bø kommune og menneske rundt dei støttar opp for å gjere situasjonen best råd. Spesielt Ole Vidar og Pasara har gjort svært mykje. Vi gler oss til å få besøk av Radcheni og Arvid ein gong i haust. Håpar jo også på besøk av Ole Vidar og Pasara ein gong.
I morgon går vegen til Bergen. Skal på kurs i noko som blir kalla "babysong" på torsdag og fredag. Skal også innom ein forretning for å sjå på eit flygel. Ei testamentsgåve gjer det mogeleg å kjøpe flygel til samlings-stova på Gaular bygde- og sjukeheim. Dei gamle er så absolutt verd dette. Det vil verte jamnleg brukt på songstunder og andaktar (gudstenester). Og blir jo også ein inspirasjon for andre arrangement.
De som har vore inne å bloggen før også, ser at vi har måtta endra overskrifta til "Etter tida i Thailand". Syns det stemte litt betre med situasjonen no.
Ha fortsatt gode dagar!









søndag, august 12, 2007

Velkommen til "gamlelandet".

Blogg-namnet er visst litt vanskeleg å endre, så vi får tenke oss at no går det litt info frå "Aase til Pattaya". Overskrifta i dag har vi høyrt mange gonger no, og det er svært kjekt å høyre. At nokon også legg til at dei har sakna oss, gjer oss takksame. Men vi er sikkert litt lite opplært til å ta imot slike utsegn og kjenner oss nesten litt brydd. Men det får så vere.

Midt oppi gleda over å komme heim til kjære og kjende, til nydeleg natur og elles alt som gjer at vi tross alt likar å bu her, ser vi alt no at Hansi sin spådom om at vi "returnerer nok om ein månad", faktisk ikkje er heilt fri for fornuft. Tanken på at det er så langt til Pattaya/Jomtien at vi liksom ikkje berre kan dra dit for nokre dagar, gjer at vi lyt jobbe litt med saknet den vegen.

Sidan forrige blogg har vi hatt bryllaup i familien. Eg har lova alle mine born og dei eg er onkel til, at eg skal lage inngangsmusikk (bryllaupsmarsj) til dei som gifter seg. Det er ikkje utidig press frå mi side, men meint som honnør for noko eg syns dei gjer rett i. No har det nok riktignok ikkje blitt mange komposisjonar endå, men min 2. komposisjon for bryllaup kom "på lufta" då Birgitte (dotter til min svoger) stod som nydeleg brur i Bygstad kyrkje 4.august. Litt bilder ligg ute frå den samanhengen. Alt frå "gamlefolket" oppstasa i sine skreddar- sydde bryllaupsklede frå Pattaya til søskenborn- gjengen saman med besta (som nyleg vart 80 år). I går kveld var det 50-årsdag-feiring for eit søskenbarn av Anne Grete, så det har vorte ein del familiesamlingar etter heimkomst.

Denne helga har det vore Vikingfestival i Osen, tusenårsstaden for Gaular. Eit par regnbyer på laurdagen, men elles strålande festivalvèr. Gaularspelet som har sitt 20-års-jubilèum dette året, har vokse og utvikla seg til i dag å omfatte eit festivalområde for aktivitetar, tradisjonsmat, utstilling og sal av handtverk, song og musikk. Men det historiske spelet "Kjærleikssaum" er jo høgdepunktet. Dette året med nokre fleire profesjonelle, men framleis eit møte med sterke amatør-prestasjonar som kanskje til og med maktar å rive oss endå meir med i spelet. Møte med alle desse som frivillig gjer ein imponerane dugnads-innsats og står på time etter time time, dag etter dag, gjer at mykje av det som har vore skrive i Firda om korleis det er i Sogn og Fjordane, for meg kjem i eit litt underleg lys.

Men før første framvising i dag, hadde vi ei god friluftsgudsteneste på spelestaden. Besøk av presten (og kona hans) frå vår islandske venkapskyrkjelyd gav gudstenesta ein ekstra dimensjon. Banda mot Island nettopp frå vår (Dalsfjorden) region, vert nok berre sterkare og sterkare.

Til slutt ei lita helsing til alle kjende og kjære i Pattaya, vi er framleis veldig mykje i Pattaya både i ord og tankar (og bøner).

Ha framleis gode dagar!

And take care!

søndag, juli 29, 2007

Ny avskjed

At livet mykje består av å møtast og skiljast, syns vi spesielt dei siste vekene er blitt aktualisert mange gonger. Tirsdag morgon stod vekkarklokka på 03.30 for å nå ferja over Sognefjorden kl.05.30. Men det gjekk veldig bra. Frukost tok vi med oss og hadde "piknik" på ferja, då ingen var særleg svolten før avreise.






Det vart ein tårevåt avskjed på flyplassen med menneske som alltid vil vere ein del av oss. No veit dei litt meir om korleis vi lever her, og dei skjønar nok meir av kor stor forskjell det er på Pattaya og Bygstad. Arvid Tveit kom også til Flesland og fekk møte og seie farvel til dei. Vi vart einig om at dette måtte verte eit "på gjensyn". Flyet letta kl.10.00 norsk tid.

Dei likte godt å få vere i aktivitet. Khun Jamnong var i full gang på kjøkken etter kort tid og Manee heiv seg på utearbeid. Vi hadde flott ver alle dager unnateke siste dagen med litt meir gråver. Jamnong lærte meg å lage "fried nudle with pork/chicken", så etter besøk på asiatisk butikk i Førde for å få tak i alle nødvendige ingrediensar, var det berre å gå laus på første forsøk åleine. Så på torsdag var første thai-middag eit faktum. Og alle var vel fornøgde.

I dag måtte vi ha ein tur på "Reset" (ein åsrygg,ca. 400 m over havet, som det er laga skogsveg opp til). Motbakke heile tida. God trim for "gamle folk". Faktisk ein av dei få tinga vi sakna medan vi budde på Jomtien.

Sjølv om det denne dagen ikkje var noko ver å skryte av, kom vi tørre heimatt også. (Ja, eg innrømme at eg syns det er litt kaldt. Borna mobbar oss for at vi fyrer i omnen.) Revebjelle er Sogn og Fjordane sin "nasjonalblomst". Og vi møtte både folk og fe.

I kveld er det olsok-messe i eit gamalt kapell (Hestad). Men før det må eg ein tur på besøk til dei som bur på bygdeheimen og som eg ikkje har sett på eit år. Nokre av dei som eg ikkje trudde eg ville få møte att, lever framleis. Medan andre har gått bort. Godt er det at det ikkje er vi som skal bestemme kven som skal forlate livet.

Kor ofte det vert lagt ut blogg framover, er litt uvisst.

Men uannsett: Ha ei god veke!

søndag, juli 22, 2007

Heime i Bygstad att.

Ja, no er namnet på bloggen eigentleg feil.
Men må iallfall skrive litt om korleis det er å komme tilbake til heimstaden og korleis det er å ha besøk av Manee og Khun Jamnong. Med våre gjester kom det også godt ver. Så vi har hatt veldig fint ver desse dagane.

Men aller først må det seiast at det var med litt blanda kjensler vi drog heim. Ikkje det at vi var svært glade for å få komme heim til våre kjære og helse på slekt og vener og naboar. Men å dra frå menneske som vi er blitt glade i og som vi trivdest godt sammen med, er vanskeleg, spesielt med tanke på at vi ikkje kunne sei når tid vi kunne møtast neste gong. Men at vi skal tilbake ein gong, er sikkert. Hansi fekk det "ærefulle" oppdrag å kjøre oss til flyplassen.
Desse dagane vi har hatt besøk, har på ein måte vore ein fin overgang tilbake norske forhold. Vi har gjort litt forskjellig. Men såg veldig kjapt at våre gjester treivst aller best om vi kunne ta dei med på fisketur eller ein plass dei kunne kunne plukke blåbær eller ville bringebær. Manee har fiksa plenklippar og slått plen og Khu Jamnong serverer sine rettar enten det er frå fisken vi fekk eller frå innkjøpte varer frå den asiatiske butikken i Førde. Ho har forresten vore på kurs for å lære bake sunnfjordlefse med kling.

I dag sov Anne Grete og eg veldig godt. Begynne kanskje å komme inn i norsk tid igjen. Så Khun Jamnong hadde omtrent frukosten klar, då vi kom ut av senga. Dei er svært fornøgde berre dei finn ein fiskeplass eller ei blåbær-tue. Manee har tydeleg fått med seg at blåbær gir god helse.

I dag har vi også vore i fødselsdagselskap og Manee var med på leiken i hagen (kubbespel).I morgon skal vi bl.a til Førde for å kjøpe litt matvarer som dei skal ha med tilbake til sjømannskyrkja i Pattaya. Manee har også sett ein skråning langs med vegen her som trengs at graset vert kutta, og vi skal sjølvsagt ut i båt og fiske for siste gong (på fjorden). Tirsdag morgon må vi opp kl.04.30 for å dra til Flesland, og dei må snu nasa mot Thailand og Pattaya.

Bilda viser litt frå fisketur, tur til bre og bremuseum, fjelltur og anna. Legg ut litt ekstra bilder i dag. Det blir blogg også neste veke. Inntil då:



Ha ei god veke!