lørdag, desember 30, 2006

På plass

Julefeiringa er over. Med 120 stk. til bords på julekvelden vart det ei lang og hektisk julafta. Men første oppgåva denne dagen var både sterk og rørande for oss. Med masse pakkar i bilen drog vi til ein barneheim med 52 barn her i byen. Vi vart sjølvsagt godt mottekne og dei song og dansa for oss. Kjekt å sjå dei hadde glimt i auge, og det verka som dei hadde det godt. Men vi fekk merke at behovet for voksenkontakt var stor, spesielt blant nokre av dei yngre. Vi skal bort igjen og vere med på eit arrangement hos dei neste fredag, så då skal det bli lagt ut bilde derfrå.
Resten av dagen gjekk med til førebuing og gjennomføring av "den store dag". På gudstenesta var det fullt, 160 stk. (i kyrkja som vi leiger 1 gong i mnd.) Deretter bar det tilbake til sjømannskyrkja som vi hadde gjort klar for middagsgjester. Det gjekk bra og det var mange hyggelege tilbakemeldingar. Folk var flinke til å gå rundt juletreet, som vi måtte plassere midt i eit gatehjørne (det er ingen gjennomgangstrafikk akkurat der). Må innrømme at når vi drog heim etter oppvask og det heile, var senga svært etterlengta.

Vi sov godt på tross av at vi skulle til Bangkok kl.06.00 for å hente våre kjære på flyplassen. Trur ikkje vi treng beskrive så mykje korleis det var å få møte dei att. No har vi nokre gode dagar der vi skal ha mykje tid saman. På bilde er dei trygt på plass i husværet vårt. Neste veke skal vi avspasere for å feriere saman med dei. Imorgon nyttårsaftan er det gudsteneste og middag på "kjerka", og så ber det til by'n for å sjå på fyrverkeri. Det trur eg thaiane likar for det smell rett som det er om kveldane med ein eller annan som har noko å feire.

Godt Nytt År!

fredag, desember 22, 2006

Jul

På "kjerka" har vi hatt basar denne veka, så no står berre den store dag igjen. Det vert spennande å sjå 130 gjester sessa på ein såpass liten plass som vi har til rådvelde, men der det er hjarterom er det husrom , heiter det.
På onsdag skulle vi til å pynte plasttreet som vi har på kyrkja, men då kom det ein nordmann (i siste liten) med eit ekte juletre av edelgran som han hadde teke med som gåve til sjømannskyrkja. Veldig artig! Truleg få sjømannskyrkjer som har flybore tre frå Norge. Syns vi måtte stille oss opp attmed det for å få eit bilde.
Elles har ho mor pynta eit lite tre i husværet vårt (avplast vel å merke), så vi kan få litt forståing av kva årstid og høgtid vi eigentleg er i no. Må jo ha noko her når borna kjem.

Så då står det att å ønskje "alle våre lesere" som det heiter i mange aviser og blad:

Ei god og velsigna julehøgtid!

søndag, desember 17, 2006

Snart jul

Kor mange gonger vi har skrive at vekene går fort og at vi er seine med bloggen osv., får de som les dette, berre ta for det det er.
Vekas store hending på fleire måtar, var julekonserten i går kveld. Det vart ein flott kveld med mange menneske. Vi skal jo vere ei kyrkje for alle skandinavar her nede. Det hadde til fullt mon svenskane oppdaga. Det var 80-90 svenskar utav 110 tilhøyrarar. Om det er at svenskane er meir kulturelt bevisste skal eg ikkje seie, men var litt overaska over at dei vart så mange fleire enn oss frå Norge. (slik var det visst i fjor også).

Fekk til fulle røynt at plassen vi disponerer, er alt for liten til slike tilstelningar. At det også vart lagt opp til middagsbuffè til så mange er eit kunststykke for seg sjølv å få til. Det viser litt om godt arbeid. Husmor hadde sove berre 2 timar natta til laurdag. hadde jobba mesteparten. Så når laurdagen i tillegg er grautdag ofte for ca.60 stk. + besøk med graut på sjukehus, så er det svært imponerande.

På konserten hadde vi ei blanding av solistiske ting og fellessongar (julesongar). Folk likte seg og "takka og bukka". Etter 14 timars arbeidsdag var oppvask og opprydding ferdig og vi kunne dra heim til ei god natt med sømn.

At det er berre ei veke til jul og besøk av våre barn, er noko uverkeleg, Men heldigvis sant. Lyt imorgon prøve få ut litt jule-mail til vener og familie.

Ha ei god veke.

søndag, desember 10, 2006

Tur til Cha-am

Bloggen denne veka kjem litt seint, men skuldast tur til Cha-am på andre sida av Thaibukta. Bakgrunnen for turen er at presten vår, Lars (Haugan) har mange vigsler av norske brudepar, dei fleste faktisk andre stader enn i Pattaya (endå). Han vart ved eit slikt høve invitert til å komme til Cha-am og ha med så mange av staben som han kunne, for å presentere sjømannskyrkja.

Vi drog difor fredag før lunch gjennom Bangkok og sørover til Cha-am ca. 35 mil totalt. Det må seiast med ein gong at det var godt å få komme til ein rolegare og mykje mindre by. Senka skuldrane litt. Var nesten som å komme litt ut på bygda att. Byen framtrer også vakrare enn Pattaya og er ein stad som er svært godt eigna for familiar med born.

Det bur ein del nordmenn der, sjølvsagt mest i sesongen. Nokre av dei som bur der fast og som jobbar der, tok imot oss og guida oss. Det var først ei samling med info saman med fleire av dei andre norske. Etter ein god middag, besøkte vi dei norske barane for å treffe fleire norske i byen.

Syns det er positivt at dei ønskjer at sjømannskyrkja skal komme dit 3-4 gonger i året for å møte nordmenn der. Sjølv om dei ikkje er "særleg kristelige" (kva no som meinest med det) som dei seier, så ønskjer dei oss dit også med gudstenestetilbod. På bildet ser vi nokre av dei som guida oss gjennom ettermiddag og kveld.


Laurdag morgon etter ein god frukost drog vi så tilbake. På turen tok vi nokre bilder på Phra Pin Klao-brua i Bangkok. Der ser vi litt av den enorme byen som Bangkok eigentleg er.

I dag, andre søndag i advent, skal vi tenne 2 lys. Som vanleg har vi ope på "kjerka" frå kl.12.00-16.00 med kaffi og vaflar. I dag har vi også gudsteneste kl.17.00 med påfølgjande grillbuffè etterpå. Deretter skal Tore Nærland ( den nesten blinde syklisten i Bice for Pease) orienter om noko av sine prosjekt.

Ha ei god veke!

fredag, desember 01, 2006

Juleverkstad

I dag skriv vi 1.desember. Og det kan seiast med ein gong: Mindre kjensle av adventstid enn dette året, har vi ikkje opplevd. Her er framleis godt 30 grader på dagtid i skuggen. Så sjølv om dei store forretningane har pynta mykje til jul, så er det svært lite som stemmer til det. Det vart litegrann stemning tirsdag kveld då eg var i Bangkok hos den svenske kyrkja og øvde julesongar.
Ei hending litt utanom det vanlege vekeprogram denne veka, var juleverkstaden vi hadde på søndag. Marie og Anne Grete har jo barnegruppe på kyrkja om torsdagar. Så dei hadde førebudd mykje av det praktiske, ikkje minst med formingsaktivitetane. Vi leigde eit lokale i nærleiken av der Lars og Marie bur.

Det heile starta kl. 12.00 med smakfull og god mat frå husmor, Khun Jumnong. Etter det hadde Katrine (som jobbar for NMS i Bangkok) andakt der ho gjekk gjennom julefortellinga med borna. Ho kan thai, slik at også dei borna som ikkje forstår så godt norsk skulle få med seg mest mogeleg.
Alt fungerte bra denne dagen unnateke air-con inne. Så vi måtte sette alle bord ut. Det var tak over uteplassen som gav skugge, så vi slapp å renne heilt vekk når vi skulle til med juleverkstad. Bilde viser flott konsentrasjon av borna. Vi hadde besøk av to av familiane som er knytta til NMS sitt arbeid i Bangkok, så det var ei herlag blanding av thai, norsk/thai og norske born. Totalt mellom 25-30 born.

Dagen vart avslutta med kos i det flotte ute-bassenget. Det er jo heilt vanleg med slikt på juleverkstad? Det er i allfall ein kar uti der (snart heilt kvit i håret) som nyt det til fulle

Elles må vi jo få takke Bjørn for godt forslag i den vedvarande "englar-i-sanden-følgjetongen" på comments.

Ha ei god veke!