fredag, november 24, 2006

Englar i sanden!

Hallo igjen!

Fredagen kjem visst snarare for kvar veke. Og endeleg, etter stort og langvarig påtrykk under "comments", kan vi presentere "englar i sanden". Kjempeflott og søtt. Dei beste vi kunne finne.

Elles har vi fått med oss bryllaup sidan sist. Når ein nordmann gifter seg med thaidame, kan ikkje Lars (presten vår) vie slik som elles. Thailov tillet berre at slike bryllaup vert inngått (juridisk) av thaistyresmakter. Men vi hadde "norsk bryllaup" i form av velsigning av inngått ekteskap. Vi hadde full pakke med Mendelson som inngang. Vi har jo også hatt slike "bryllaup" heime i Gaular. Vi (både Lars og Marie og Anne Grete og eg) vart innvitert til heile selskapet med mykje god mat. Litt spesielt å sitje ved bord plassert ute rundt eit basseng der det flaut masse flotte blomsteroppsatsar i. Stilig. På bord-korta vart eg tittelert som Mr. Kantor og Anne Grete som Mrs. Kantor. Så det lever eg lenge på. Seinare skal brudeparet til brura sine heimtrakter i Nord-Thailand og feire meir på thaivis.

Annakvar onsdag har vi "Åpen kveld" på "kjerka". No på onsdag hadde vi besøk frå Bangkok av Lennart Hamark (prest i Skut). Det ser ut til at desse kveldane vert meir populære etter kvart. Det kjem også nokre som vi ikkje har sett før, og er jo veldig hyggeleg. Desse kveldane er tenkt som ei rein sosial samling, der folk opplever å få senke skuldrane og hyggje seg saman med song, ei god historie, bordkonkurranse, ei lita utlodding og sjølvsagt kaffi og kaker og ein god prat. Prøver også å invitere nokon kvar gong som på ein eller anna måte bidrar med noko i form av ord eller song. Det er ikkje alle som bur her, som likar å gå noko særleg på bar. Det vart difor ganske tidleg etterspurt noko på kveldstid som dei kunne gå ut på. Men alle er sjølvsagt like velkomne enten dei likar seg på bar eller ikkje.

Må "legge på" no. Skal på ein runde å henge opp plakatar om gudsteneste (på søndag) på nokre barar i området i kveld. Det er jo litt speseielt her at det er der vi heng opp mest plakatar. Vi er alltid velkomne til å gjere det. Men dette er jo Pattaya.

Ha ei god veke!

fredag, november 17, 2006

Endeleg lovleg visa

Storhendinga (om vi skal sei det så) denne veka for oss var å få på plass visa så vi kan vere her i Thailand så lenge som planlagt. Etter 1.okt vart visareglane innskjerpa etter ei lov som vart vedteken for 2-3 år sidan. Men først no vart den sett ut i livet. Visareglane er ikkje heilt enkle å forstå, men no har ambasaden hjelpt oss så vi har fått visa som varer til 15.aug.2007. Kvar 3. månad må vi på immigration-kontoret her i Pattaya for å stemple så dei kan kontrollere adresse o.l. er som før. Så no er det slik sett berre velstand, noko vi forhåpentlegvis gir litt uttrykk for på bilde.
Vi var til Bangkok på onsdag, først på ambasaden, der ein tilsett vart med oss på imigration og hjelpte oss. Det var vi i alle fall glade for.
Andre storhendingar denne veka må vere møte med slangen. Etter 3 mnd. med prat om alle slangar her i Thailand, ikkje minst alle dei 17 giftige sortane, så møtte Anne Grete endeleg ein. Til og med midt på eit fortau i ei sterkt trafikkert gate. Ho oppførte seg utruleg bra til eit første møte å vere. Den var no ikkje så stor, men ein skal vel ikkje spøke med slikt heller.
På torsdag hadde vi lunch og samling for dei som vi brukar som frivillege i arbeidet her ute. For at kyrkja skal kunne vere open alle dagar unnateke måndagar, så treng vi av og til hjelp frå personar som har lyst og sjanse for å stille opp av og til. Når det no vert sesong etter kvart vert behovet også større både for sjukebesøk og heimebesøk. Samtidig så kan dei gi oss informasjon frå "felten" om det er nokon som treng hjelp frå oss. Denne helga skal vi roe ned litt. Syns vi fortener det. Men på søndag skal vi i eit bryllaup (velsigning av inngått ekteskap) der eg skal spele, så heilt fri vert det likevel ikkje. Både Lars, Marie, Anne Grete og eg skal nyte ein betre middag.
No ser vi at det endå er sterke oppfordringar om englar i sanden på "comments". Ro ned. Det er under planlegging.
Ha fortsatt ei god veke!

fredag, november 10, 2006

Loy Krathong

Ny veke er alt til ende. Med tanke på at borna våre kjem ut hit 25.des., er det no slik sett veldig positivt. Gler oss veldig! Men vi opplever også mykje som gler oss mens vi ventar på det store GJENSYN. Midt opp i møte med menneske som ikkje har komme heldig ut på ymse vis, har vi også mange gode opplevingar som er med og gjer kvardagen rikare.
Sist helg var vi meir på by'n enn på lenge. Laurdagskvelden var vi på restaurang/bar med live-musikk saman med Hansi, Djan Sila og son deira Chris (på 5 år). Vi kom ca. 22.30 og var der til nærmare 01. Ein god del av musikken var "Elvis live". Men også mykje anna veldig bra. Eine kor-dama song også nokre songar solo, mest Witny Housten (sikkert feilstava). Det var om mogeleg betre enn originalen. Heilt utruleg. Dyktige musikarar gjorde til at dette vart ei oppleving. Til slutt kom trompetisten fram og song Louis Armstrong så det mest var uråd å høyre forskjell frå originalen på "What a beautifull morning". Thaiar likar høg musikk, og vi sette oss litt for langt framme med tanke på det. Men kjekt var det likevel.
Vi hadde masse bilde frå konserten, men dessverre var det ei innstilling på kameraet som gjorde at alle bilda vart for uklåre. Difor legg vi denne gongen med eit bilde frå fullmånefeiringa Loy Krathong (1.fullmåne i nov.) på søndagskvelden. Når det gjeld rakettar o.l. så vart nyttår heime i Norge nesten litt beskjedent. Denne feiringa/festivalen er til ære for vannveiene og elvenes gudinne. På bilde (litt uklårt)sit Anne Grete, Djan Sila og Chris med kvar sin blomsteroppsats med lys og røykelse i som skal settast ut på vatnet (sjøen).
Eit spesielt syn når det etter kvart vart mange av dei. Buddistar set desse blomstrene ut på vatnet med bøn om at syndene deira skal fare bort og ut på sjøen (eller elva/vatnet). Litt seinare på kvelden drog Anne Grete og eg tilbake til Jomtien Beach Road (nær der vi bur). Der var det eit folkehav og eit folkeliv som eg ikkje er i stand til å beskrive slik at du som les dette, kan forstå korleis det var.
Måndag roa vi heilt ned og bl.a. kosa oss på bassengkanten (så lenge vi kunne tole sola der). Vi treng slike dagar innimellom for å lade opp til veka. For vi vedgår lett at etter enkelte dagar kan vi vere nokså trøytte. Møte med mange, ofte nye menneske og også menneske med spesielle sosiale behov, krev energi på ein annan måte enn kroppsarbeid. Noko av det som då er heilt topp her ute, er få stå opp til ein ny dag med ein symjetur i bassenget, for så å ta heisen opp att i husværet og lage frukost (m/egg) og nyte den på verandaen/balkongen og ta oss GOD TID. Det gjer oss klar for ein ny dag både fysisk og åndeleg.
Ha ei god veke!

fredag, november 03, 2006

Kvardagsprat

Må prøve få opp ein blogg før eg dreg til Bangkok (igjen). Skal spele i eit bryllaup der den svenske presten skal vie (velsigne)eit brudepar.
Bra å sjå på kommentarane at vi gjer framsteg på bloggen. Vert dessverre ingen englar i sanden denne gongen,men kanskje...Idag legg vi ut eit bilde av det som skjer her kvar dag (unnateke måndagar), nemleg at vi er med og tek imot folk som kjem på besøk til kyrkja.
Sesongen tek til no frå nov.-febr. med ein topp i des.-jan. Difor merkar vi no at det etter kvart vert fleire turistar. Det er liksom 3 "typar" nordmenn her: Dei fastbuande, dei som bur her i vinterhalvåret og dei som kjem for kortare ferie i nokre veker. Ein del av dei fastbuande vert som "stamgjester" som vi etter kvart lærer ganske godt å kjenne, men stadig nye fjes kjem innom, mens andre dreg anten heim eller til andre stader i Thailand eller områder omkring. På ein vanleg dag hittil har det vore ca. 15-30 stk. innom pr.dag. På sist laurdag var det 44 stk. innom som bl.a. ville ha graut. Så det var veldig bra. No framover vil det nok auke på, spesielt med turistar.
Ha ei god veke!