lørdag, desember 30, 2006

På plass

Julefeiringa er over. Med 120 stk. til bords på julekvelden vart det ei lang og hektisk julafta. Men første oppgåva denne dagen var både sterk og rørande for oss. Med masse pakkar i bilen drog vi til ein barneheim med 52 barn her i byen. Vi vart sjølvsagt godt mottekne og dei song og dansa for oss. Kjekt å sjå dei hadde glimt i auge, og det verka som dei hadde det godt. Men vi fekk merke at behovet for voksenkontakt var stor, spesielt blant nokre av dei yngre. Vi skal bort igjen og vere med på eit arrangement hos dei neste fredag, så då skal det bli lagt ut bilde derfrå.
Resten av dagen gjekk med til førebuing og gjennomføring av "den store dag". På gudstenesta var det fullt, 160 stk. (i kyrkja som vi leiger 1 gong i mnd.) Deretter bar det tilbake til sjømannskyrkja som vi hadde gjort klar for middagsgjester. Det gjekk bra og det var mange hyggelege tilbakemeldingar. Folk var flinke til å gå rundt juletreet, som vi måtte plassere midt i eit gatehjørne (det er ingen gjennomgangstrafikk akkurat der). Må innrømme at når vi drog heim etter oppvask og det heile, var senga svært etterlengta.

Vi sov godt på tross av at vi skulle til Bangkok kl.06.00 for å hente våre kjære på flyplassen. Trur ikkje vi treng beskrive så mykje korleis det var å få møte dei att. No har vi nokre gode dagar der vi skal ha mykje tid saman. På bilde er dei trygt på plass i husværet vårt. Neste veke skal vi avspasere for å feriere saman med dei. Imorgon nyttårsaftan er det gudsteneste og middag på "kjerka", og så ber det til by'n for å sjå på fyrverkeri. Det trur eg thaiane likar for det smell rett som det er om kveldane med ein eller annan som har noko å feire.

Godt Nytt År!

fredag, desember 22, 2006

Jul

På "kjerka" har vi hatt basar denne veka, så no står berre den store dag igjen. Det vert spennande å sjå 130 gjester sessa på ein såpass liten plass som vi har til rådvelde, men der det er hjarterom er det husrom , heiter det.
På onsdag skulle vi til å pynte plasttreet som vi har på kyrkja, men då kom det ein nordmann (i siste liten) med eit ekte juletre av edelgran som han hadde teke med som gåve til sjømannskyrkja. Veldig artig! Truleg få sjømannskyrkjer som har flybore tre frå Norge. Syns vi måtte stille oss opp attmed det for å få eit bilde.
Elles har ho mor pynta eit lite tre i husværet vårt (avplast vel å merke), så vi kan få litt forståing av kva årstid og høgtid vi eigentleg er i no. Må jo ha noko her når borna kjem.

Så då står det att å ønskje "alle våre lesere" som det heiter i mange aviser og blad:

Ei god og velsigna julehøgtid!

søndag, desember 17, 2006

Snart jul

Kor mange gonger vi har skrive at vekene går fort og at vi er seine med bloggen osv., får de som les dette, berre ta for det det er.
Vekas store hending på fleire måtar, var julekonserten i går kveld. Det vart ein flott kveld med mange menneske. Vi skal jo vere ei kyrkje for alle skandinavar her nede. Det hadde til fullt mon svenskane oppdaga. Det var 80-90 svenskar utav 110 tilhøyrarar. Om det er at svenskane er meir kulturelt bevisste skal eg ikkje seie, men var litt overaska over at dei vart så mange fleire enn oss frå Norge. (slik var det visst i fjor også).

Fekk til fulle røynt at plassen vi disponerer, er alt for liten til slike tilstelningar. At det også vart lagt opp til middagsbuffè til så mange er eit kunststykke for seg sjølv å få til. Det viser litt om godt arbeid. Husmor hadde sove berre 2 timar natta til laurdag. hadde jobba mesteparten. Så når laurdagen i tillegg er grautdag ofte for ca.60 stk. + besøk med graut på sjukehus, så er det svært imponerande.

På konserten hadde vi ei blanding av solistiske ting og fellessongar (julesongar). Folk likte seg og "takka og bukka". Etter 14 timars arbeidsdag var oppvask og opprydding ferdig og vi kunne dra heim til ei god natt med sømn.

At det er berre ei veke til jul og besøk av våre barn, er noko uverkeleg, Men heldigvis sant. Lyt imorgon prøve få ut litt jule-mail til vener og familie.

Ha ei god veke.

søndag, desember 10, 2006

Tur til Cha-am

Bloggen denne veka kjem litt seint, men skuldast tur til Cha-am på andre sida av Thaibukta. Bakgrunnen for turen er at presten vår, Lars (Haugan) har mange vigsler av norske brudepar, dei fleste faktisk andre stader enn i Pattaya (endå). Han vart ved eit slikt høve invitert til å komme til Cha-am og ha med så mange av staben som han kunne, for å presentere sjømannskyrkja.

Vi drog difor fredag før lunch gjennom Bangkok og sørover til Cha-am ca. 35 mil totalt. Det må seiast med ein gong at det var godt å få komme til ein rolegare og mykje mindre by. Senka skuldrane litt. Var nesten som å komme litt ut på bygda att. Byen framtrer også vakrare enn Pattaya og er ein stad som er svært godt eigna for familiar med born.

Det bur ein del nordmenn der, sjølvsagt mest i sesongen. Nokre av dei som bur der fast og som jobbar der, tok imot oss og guida oss. Det var først ei samling med info saman med fleire av dei andre norske. Etter ein god middag, besøkte vi dei norske barane for å treffe fleire norske i byen.

Syns det er positivt at dei ønskjer at sjømannskyrkja skal komme dit 3-4 gonger i året for å møte nordmenn der. Sjølv om dei ikkje er "særleg kristelige" (kva no som meinest med det) som dei seier, så ønskjer dei oss dit også med gudstenestetilbod. På bildet ser vi nokre av dei som guida oss gjennom ettermiddag og kveld.


Laurdag morgon etter ein god frukost drog vi så tilbake. På turen tok vi nokre bilder på Phra Pin Klao-brua i Bangkok. Der ser vi litt av den enorme byen som Bangkok eigentleg er.

I dag, andre søndag i advent, skal vi tenne 2 lys. Som vanleg har vi ope på "kjerka" frå kl.12.00-16.00 med kaffi og vaflar. I dag har vi også gudsteneste kl.17.00 med påfølgjande grillbuffè etterpå. Deretter skal Tore Nærland ( den nesten blinde syklisten i Bice for Pease) orienter om noko av sine prosjekt.

Ha ei god veke!

fredag, desember 01, 2006

Juleverkstad

I dag skriv vi 1.desember. Og det kan seiast med ein gong: Mindre kjensle av adventstid enn dette året, har vi ikkje opplevd. Her er framleis godt 30 grader på dagtid i skuggen. Så sjølv om dei store forretningane har pynta mykje til jul, så er det svært lite som stemmer til det. Det vart litegrann stemning tirsdag kveld då eg var i Bangkok hos den svenske kyrkja og øvde julesongar.
Ei hending litt utanom det vanlege vekeprogram denne veka, var juleverkstaden vi hadde på søndag. Marie og Anne Grete har jo barnegruppe på kyrkja om torsdagar. Så dei hadde førebudd mykje av det praktiske, ikkje minst med formingsaktivitetane. Vi leigde eit lokale i nærleiken av der Lars og Marie bur.

Det heile starta kl. 12.00 med smakfull og god mat frå husmor, Khun Jumnong. Etter det hadde Katrine (som jobbar for NMS i Bangkok) andakt der ho gjekk gjennom julefortellinga med borna. Ho kan thai, slik at også dei borna som ikkje forstår så godt norsk skulle få med seg mest mogeleg.
Alt fungerte bra denne dagen unnateke air-con inne. Så vi måtte sette alle bord ut. Det var tak over uteplassen som gav skugge, så vi slapp å renne heilt vekk når vi skulle til med juleverkstad. Bilde viser flott konsentrasjon av borna. Vi hadde besøk av to av familiane som er knytta til NMS sitt arbeid i Bangkok, så det var ei herlag blanding av thai, norsk/thai og norske born. Totalt mellom 25-30 born.

Dagen vart avslutta med kos i det flotte ute-bassenget. Det er jo heilt vanleg med slikt på juleverkstad? Det er i allfall ein kar uti der (snart heilt kvit i håret) som nyt det til fulle

Elles må vi jo få takke Bjørn for godt forslag i den vedvarande "englar-i-sanden-følgjetongen" på comments.

Ha ei god veke!

fredag, november 24, 2006

Englar i sanden!

Hallo igjen!

Fredagen kjem visst snarare for kvar veke. Og endeleg, etter stort og langvarig påtrykk under "comments", kan vi presentere "englar i sanden". Kjempeflott og søtt. Dei beste vi kunne finne.

Elles har vi fått med oss bryllaup sidan sist. Når ein nordmann gifter seg med thaidame, kan ikkje Lars (presten vår) vie slik som elles. Thailov tillet berre at slike bryllaup vert inngått (juridisk) av thaistyresmakter. Men vi hadde "norsk bryllaup" i form av velsigning av inngått ekteskap. Vi hadde full pakke med Mendelson som inngang. Vi har jo også hatt slike "bryllaup" heime i Gaular. Vi (både Lars og Marie og Anne Grete og eg) vart innvitert til heile selskapet med mykje god mat. Litt spesielt å sitje ved bord plassert ute rundt eit basseng der det flaut masse flotte blomsteroppsatsar i. Stilig. På bord-korta vart eg tittelert som Mr. Kantor og Anne Grete som Mrs. Kantor. Så det lever eg lenge på. Seinare skal brudeparet til brura sine heimtrakter i Nord-Thailand og feire meir på thaivis.

Annakvar onsdag har vi "Åpen kveld" på "kjerka". No på onsdag hadde vi besøk frå Bangkok av Lennart Hamark (prest i Skut). Det ser ut til at desse kveldane vert meir populære etter kvart. Det kjem også nokre som vi ikkje har sett før, og er jo veldig hyggeleg. Desse kveldane er tenkt som ei rein sosial samling, der folk opplever å få senke skuldrane og hyggje seg saman med song, ei god historie, bordkonkurranse, ei lita utlodding og sjølvsagt kaffi og kaker og ein god prat. Prøver også å invitere nokon kvar gong som på ein eller anna måte bidrar med noko i form av ord eller song. Det er ikkje alle som bur her, som likar å gå noko særleg på bar. Det vart difor ganske tidleg etterspurt noko på kveldstid som dei kunne gå ut på. Men alle er sjølvsagt like velkomne enten dei likar seg på bar eller ikkje.

Må "legge på" no. Skal på ein runde å henge opp plakatar om gudsteneste (på søndag) på nokre barar i området i kveld. Det er jo litt speseielt her at det er der vi heng opp mest plakatar. Vi er alltid velkomne til å gjere det. Men dette er jo Pattaya.

Ha ei god veke!

fredag, november 17, 2006

Endeleg lovleg visa

Storhendinga (om vi skal sei det så) denne veka for oss var å få på plass visa så vi kan vere her i Thailand så lenge som planlagt. Etter 1.okt vart visareglane innskjerpa etter ei lov som vart vedteken for 2-3 år sidan. Men først no vart den sett ut i livet. Visareglane er ikkje heilt enkle å forstå, men no har ambasaden hjelpt oss så vi har fått visa som varer til 15.aug.2007. Kvar 3. månad må vi på immigration-kontoret her i Pattaya for å stemple så dei kan kontrollere adresse o.l. er som før. Så no er det slik sett berre velstand, noko vi forhåpentlegvis gir litt uttrykk for på bilde.
Vi var til Bangkok på onsdag, først på ambasaden, der ein tilsett vart med oss på imigration og hjelpte oss. Det var vi i alle fall glade for.
Andre storhendingar denne veka må vere møte med slangen. Etter 3 mnd. med prat om alle slangar her i Thailand, ikkje minst alle dei 17 giftige sortane, så møtte Anne Grete endeleg ein. Til og med midt på eit fortau i ei sterkt trafikkert gate. Ho oppførte seg utruleg bra til eit første møte å vere. Den var no ikkje så stor, men ein skal vel ikkje spøke med slikt heller.
På torsdag hadde vi lunch og samling for dei som vi brukar som frivillege i arbeidet her ute. For at kyrkja skal kunne vere open alle dagar unnateke måndagar, så treng vi av og til hjelp frå personar som har lyst og sjanse for å stille opp av og til. Når det no vert sesong etter kvart vert behovet også større både for sjukebesøk og heimebesøk. Samtidig så kan dei gi oss informasjon frå "felten" om det er nokon som treng hjelp frå oss. Denne helga skal vi roe ned litt. Syns vi fortener det. Men på søndag skal vi i eit bryllaup (velsigning av inngått ekteskap) der eg skal spele, så heilt fri vert det likevel ikkje. Både Lars, Marie, Anne Grete og eg skal nyte ein betre middag.
No ser vi at det endå er sterke oppfordringar om englar i sanden på "comments". Ro ned. Det er under planlegging.
Ha fortsatt ei god veke!

fredag, november 10, 2006

Loy Krathong

Ny veke er alt til ende. Med tanke på at borna våre kjem ut hit 25.des., er det no slik sett veldig positivt. Gler oss veldig! Men vi opplever også mykje som gler oss mens vi ventar på det store GJENSYN. Midt opp i møte med menneske som ikkje har komme heldig ut på ymse vis, har vi også mange gode opplevingar som er med og gjer kvardagen rikare.
Sist helg var vi meir på by'n enn på lenge. Laurdagskvelden var vi på restaurang/bar med live-musikk saman med Hansi, Djan Sila og son deira Chris (på 5 år). Vi kom ca. 22.30 og var der til nærmare 01. Ein god del av musikken var "Elvis live". Men også mykje anna veldig bra. Eine kor-dama song også nokre songar solo, mest Witny Housten (sikkert feilstava). Det var om mogeleg betre enn originalen. Heilt utruleg. Dyktige musikarar gjorde til at dette vart ei oppleving. Til slutt kom trompetisten fram og song Louis Armstrong så det mest var uråd å høyre forskjell frå originalen på "What a beautifull morning". Thaiar likar høg musikk, og vi sette oss litt for langt framme med tanke på det. Men kjekt var det likevel.
Vi hadde masse bilde frå konserten, men dessverre var det ei innstilling på kameraet som gjorde at alle bilda vart for uklåre. Difor legg vi denne gongen med eit bilde frå fullmånefeiringa Loy Krathong (1.fullmåne i nov.) på søndagskvelden. Når det gjeld rakettar o.l. så vart nyttår heime i Norge nesten litt beskjedent. Denne feiringa/festivalen er til ære for vannveiene og elvenes gudinne. På bilde (litt uklårt)sit Anne Grete, Djan Sila og Chris med kvar sin blomsteroppsats med lys og røykelse i som skal settast ut på vatnet (sjøen).
Eit spesielt syn når det etter kvart vart mange av dei. Buddistar set desse blomstrene ut på vatnet med bøn om at syndene deira skal fare bort og ut på sjøen (eller elva/vatnet). Litt seinare på kvelden drog Anne Grete og eg tilbake til Jomtien Beach Road (nær der vi bur). Der var det eit folkehav og eit folkeliv som eg ikkje er i stand til å beskrive slik at du som les dette, kan forstå korleis det var.
Måndag roa vi heilt ned og bl.a. kosa oss på bassengkanten (så lenge vi kunne tole sola der). Vi treng slike dagar innimellom for å lade opp til veka. For vi vedgår lett at etter enkelte dagar kan vi vere nokså trøytte. Møte med mange, ofte nye menneske og også menneske med spesielle sosiale behov, krev energi på ein annan måte enn kroppsarbeid. Noko av det som då er heilt topp her ute, er få stå opp til ein ny dag med ein symjetur i bassenget, for så å ta heisen opp att i husværet og lage frukost (m/egg) og nyte den på verandaen/balkongen og ta oss GOD TID. Det gjer oss klar for ein ny dag både fysisk og åndeleg.
Ha ei god veke!

fredag, november 03, 2006

Kvardagsprat

Må prøve få opp ein blogg før eg dreg til Bangkok (igjen). Skal spele i eit bryllaup der den svenske presten skal vie (velsigne)eit brudepar.
Bra å sjå på kommentarane at vi gjer framsteg på bloggen. Vert dessverre ingen englar i sanden denne gongen,men kanskje...Idag legg vi ut eit bilde av det som skjer her kvar dag (unnateke måndagar), nemleg at vi er med og tek imot folk som kjem på besøk til kyrkja.
Sesongen tek til no frå nov.-febr. med ein topp i des.-jan. Difor merkar vi no at det etter kvart vert fleire turistar. Det er liksom 3 "typar" nordmenn her: Dei fastbuande, dei som bur her i vinterhalvåret og dei som kjem for kortare ferie i nokre veker. Ein del av dei fastbuande vert som "stamgjester" som vi etter kvart lærer ganske godt å kjenne, men stadig nye fjes kjem innom, mens andre dreg anten heim eller til andre stader i Thailand eller områder omkring. På ein vanleg dag hittil har det vore ca. 15-30 stk. innom pr.dag. På sist laurdag var det 44 stk. innom som bl.a. ville ha graut. Så det var veldig bra. No framover vil det nok auke på, spesielt med turistar.
Ha ei god veke!

fredag, oktober 27, 2006

Sterke inntrykk

Igjen vart det fredag før det vart tid for bloggskriving. No skal vi etterkvart få internett også i husværet vårt. Då kan vi også skrive når vi er "heime".
På søndag var vi til Bangkok og hadde norsk gudsteneste kl.11.00 på den svenske "sjømannkyrkja" (SKUT - Svensk Kyrka i utlandet). Vi skulle også møte 3 norske par m/sine born som arbeider i NMS her i Thailand. Sigve Vidnes (underviser på presteskule) var også vikarprest ei tid i sommar her i Pattaya. Før vi drog til dei for å nyte mat og hageliv ved bassengkanten, skulle vi vitje ein barnehage som NMS driv i eit slumstrøk. Enkle forhold, men der låg mykje kjærleik bak og borna hadde det godt. Det var søndag og difor ikkje born der då. Etterpå vart vi "vist rundt" i noko av slummen og fekk med eigne auge sjå korleis det kan vere.
Sjølvsagt smiler dei fleste thaiar, men det ligg nok meir under enn dei gir uttrykk for. Dei såg etter forholda velkledde ut, og svalt ikkje. Litt vanskeleg å velje ut bilde som gir godt inntrykk av forholda. Det var med eit visst bakteppe av inntrykk vi sette oss til bords i hageselskap ved bassengkanten.
Denne veka har vi hatt sjukepleiarstudentar i praksis her ved sjømannskyrkja.
Og på tirsdag drog Anne Grete og Marie sammen med dei to på besøk til eit par barneheimar som vert drive her i Pattaya. Blant thaiborn er det som blant andre born, sjarmtroll som lett sjarmerer oss voksne i senk. Sjømannskyrkja er ikkje innvolvert i drift av desse barneheimane. Men Anne Grete og Marie har barnegruppe her på kyrkja kvar torsdag. Der er det for det meste barn med norsk far og mor frå Thailand.
No ser vi at det har avstadkomme ein viss aksjon på "comments" for manglande "action-bilder".
For å rette opp litt tar vi også med eit bilde av det eg har gjort mange laurdagar - besøk på sjukehus der vi har med oss laurdagsgraut til nordmenn som ligg der. Ei svært hyggeleg oppgåve. På bilde er også ein av sjukepleiarstudentane med.

fredag, oktober 20, 2006

Til Bangkok

Vekene går fort og torsdag med bloggskriving vart plutseleg fredag. Men eit par ord og eit lite glimt herfrå må til. Søndag var det gudsteneste her i kyrkja. Vi lagar til nede i inngangs-hallen, pyntar med eit fint alterparti og syns vi tross alt får eit brukande sakralt rom. Etter gudstenesta hyggja vi oss med Khun Jumnong sin herlege buffè. Ser i Firda at Bygstad sokneråd inviterer på kyrkjemiddag på Tønna den 29.okt. Det høyrest kjekt ut. Start på ein tradisjon?
På tirsdag var eg i Bangkok til den svenske kyrkja. Tok buss og sky-train for første gong åleine og fekk igjen oppleve konsekvensen av at thaiar aldri seier "eg veit ikkje". Dei er høflege og hjelpsomme og du får uannsett eit svar, om det er rett er ein annan ting. Men eg kom fram utan dei store problema og no veit eg vegen. Lennart (sjømannspresten) og eg skulle bl.a planlegge litt fellesarrangement framover.
Sjømannkirken (den norske) kom jo hit til Pattaya for eit år sidan og det er ønskje om fortsatt å ha noko samarbeid. Det kan både dei og vi ha nytte av. ( dei manglar bl.a. nokon til å spele.) Bildet i dag viser kyrkja deira, ein grønn plett med stor hage mitt i Bangkok. Utruleg flott plass.

torsdag, oktober 12, 2006

På øytur

Med helga hadde vi fri både søndag og måndag. Vi drog difor søndag morgon saman med Mani til Ban Phe, ein liten havneby ca. ein times køyring sørover frå Pattaya. Der tok vi båt over til Koh Samet, ei øy som har mange fine, kvite strender. På tross av regntid og få dagar med sol, hadde vi denne dagen passeleg med sol også for oss "nordbuarar". Men sjølv om sola ikkje var så sterk, så kjende vi at det vart meir enn vi hadde hatt på ei stund. Vi kosa oss og slappa av. Vatnet er utruleg varmt og godt, må nærme seg 30 grader.
Bilde er frå stranda vi var på Anne Grete og Mani står litt og lurer på kvar vi skal strande. Turistinfo stemmer ikkje alltid med det verkelege, men det vart ein fin tur for det. Mest spesielt var det kanskje å bli frakta på desse pickup-drosjene frå kaia på ein veg som likna mest på ein svært dårleg norsk skogsveg. Bra gjort at alle kom fram utan at nokon vart slengt av.
På tirsdag hadde vi gravferd frå ein båt utanfor Pattaya. Ein nordmann som budde her døydde av kreft og hadde ønskje om å få oska strødd på havet. Borna var komt frå Norge og vener her i Pattaya møtte godt opp, så vi var totalt 44 stk. Ei nokså spesiell oppleving å vere "klokkar" på ein slik sermoni. Trur neppe det vert så ofte.

torsdag, oktober 05, 2006

Regntid

Vekene går fort og det skjer mykje nytt for oss endå. Endå har vi mykje overskya vèr, men regn kjem det mest om natta. Temperaturen er framleis opp mot 30 grader, men det merkar vi ikkje så mykje til når sola ikkje er så mykje framme. Om 2-3 veker er det på hell med regntida. Frå november til februar er det visst mest stabilt og fint ver med temperaturar som dei fleste syns er ok.
Om fredagane har vi vår faste handletur på ein av sentra her i by'n.
Carrefour (bilde) har eit utruleg utval på det meste, kanskje spesielt innan matvarer. Med 20-30 kassar skulle dei fleste komme seg ut att med betalte varer relativt fort. I første etj kan vi kjøpe god mat, både thaimat og anna og nyte ein kopp kaffi om vi vil.
Sist søndag hadde vi flott gudsteneste i inngangshallen på kyrkja. Kapellet i 2.etj. tek ikkje så mange, så vi prøvde å lage kyrkjerom nede. Syns vi fekk det flott til med bilde, kross og alterbord med blomster. Ca. 40 stk var møt fram for å vere med på innsetjinga av nyepresten (og oss andre nytilsette). Espen frå hovudkontoret i Bergen føretok den formelle biten av handlinga. Etterpå var det buffè med husmors nydelege rettar. Lyt visst passe oss så det ikkje vert for mykje eting. Får prøve symje det av.

fredag, september 29, 2006

Spesiell kyrkje

Ja, så er det alt ei veke sidan forrige blogg, og vel så det. Vart litt lang dag i går, så bloggen måtte vente. Fekk ein dag eg vil hugse lenge.
Sidan sist har vi bl.a hatt gudsteneste i ei kyrkje vi leiger ein gong i månaden (katolsk kyrkje). Det er ei helt spesiell kyrkje med tanke på utsmykking. Det er gjort på thaivis, og vi ser tydeleg inspirasjon frå utsmykking av buddisttempel. Bibelhistoria er malt på vegger (og delvis tak) og framme står eit ei overdådig dekorert alter. Midt oppi det heile står det nokre heilt forferdelege aluminiumsstolar som skjemmer ut det meste og som ikkje er så gode å sitje på.
På bilde er jo organisten på plass og øver med Maria som skulle synge. Det kom godt med folk denne søndagen.
Til helga vert det igjen gudsteneste, men då her i sjømannskirka nede i "hallen" (inngangen). Då kjem Espen frå hovudkontoret i Bergen og skal setje Lars formelt inn i den nye stillinga som prest her nede.
Ha ei fortsatt god veke.

torsdag, september 21, 2006

Uro Bangkok

Ja, dei fleste av dykk som les dette i Norge, veit sikkert minst like mykje som oss om alle tanks som køyrer rundt regjeringskvartalet i Bangkok. Vi håpar og ber om at den fredelege måten ting har skjedd på hittil, også skal ende godt. Vi merkar nesten ingenting, bortsett frå ein del stengde bankar og offenlege kontor i går.
Anne Grete og Maria valde også å la vere å dra til Bangkok på kvinnemøte om kvelden i går, då det var snakk om portforbod i Bangkok. På bilde i dag ser de "gjengen" her på "kirka".
No er vi fulltallig. Til venstre står Lars, nyepresten, så er det kona Marie. Heilt til høgre står Hans Konrad (Hansi) som var (og framleis er) ein slags ankerfeste for oss her ute. Hans formelle stilling er konsulent. Så har vi sjølvsagt våre hyggjelege og svært viktige medarbeidarar i Khum Jumnong (husmor) og Mani (vår sjåfør).
Prøver å få litt ut kvar torsdag. (Det gjekk i dag også)
Skriv gjere kommentarar, det set vi pris på.

torsdag, september 14, 2006

Regntid

I dag er det ekstremvèr her os oss. Til og med Hans Konrad hadde ikkje sett det så gale, og han har vore her i fleire år. Gatene er mange stader omgjort til elvar, så i dag måtte vi ta taxi til jobben. Ein hyggeleg kar i resepsjonen tilbaud seg å køyre oss, så vi kom oss tørre fram. Beklagelegvis vart det pga veret ingen symjetur på oss i bassenget i dag tidleg, men det får vi ta igjen.
Bilda i dag viser inngangspartiet til condoen som vi bur i. Ved porten står det staute vakter døgnet rundt, så vi føler oss trygge. Vi helsar på dei kvar dag når vi går ut og inn av porten, og har måtta forklare kor vi er om dagane.

I dag er første dag for Lars og Maria, nyepresten og hans kone. Vi gler oss over at no er alle på plass og kan planlegge og fordele oppgåver endå betre. Kjem tilbake med bilde av staben i eit anna "brev".

torsdag, september 07, 2006

Ein fridag

Mest vanleg er at vi har fri på måndagar. Slik sett har vi no 6 dagars veke. Denne måndagen tok vi oss ein tur ut på ein av øyane som ligg utanfor Pattaya. Det er endå finare strender der ute. Herleg å kunne bade med slike temperaturar i vatnet. På tross av at det "formelt" er regntid her no, så var veret heilt upåklageleg. I dette område av Thailand som vi bur, er det visst minst regn.

På veg tilbake gjekk vi gjennom den berømte/berykta Walking Street. Her er det "tilbud" på det meste. Gata er einvegskjørt og bath-taxiane er det rikeleg av. Men dei er gode å ha. Kostar 10 bath (ca.kr.1,80) nesten kor lenge du sit på. Dei går sine faste ruter og tutar når dei ser nokon går på fortauet.
Syns eg også må legge med eit bilde på ledningskaoset på el-stolpane her. Eit syn for seg og lite pent.

Tirdag var det bl.a. tur til Bangkok om kvelden til eit møte i Nordmannsforbundet. Vi var 10 stk. som drog. Brukte like lang tid opp til Bangkok som inn til hotellet der møte skulle være. Men vår dyktige sjåfør (Mani ) har vore drosjesjåfør i Bangkok tidlegare. Og han prøvde finne mindre trafikerte gater (smau) for å komme fram. Imponerande.
Kjell Ivar overnatta i på eit hotell (på eit rom utan vindauge) for dagen etter å skulle vere litt til støtte for ein person i møte med rettsinstansar her.
Som de ser lever vi nokså anleis enn heime på Hjelmeland. Oppgåvene er varierte og vi har ikkje mykje oversikt alltid kva dagen vil bringe. Slik sett er det spennande.

torsdag, august 31, 2006

Godt igang


Så, sit vi her i våre uniformer i "foajèen" her på "kyrkja". Dei fleste som kjem innom om dagane og som har tid til ein kopp kaffi og vaflar, sit her under verandaen i 2. etj. Lunchen vår i dag er nudl-suppe på thai-vis til 35 bath (ca.5 kr.) Korleis dei kan greie å selje mat så billeg, har vi undra oss på ofte. Dette er slikt vi kan få kjøpt og ta med tilbake til kyrkja for å ete. Det finns mange slike sjapper. Mani (sjåføren vår) er lokalkjend og hjelper "bønder på byn". Det er ikkje alle som forstår engelsk av dei som sel slikt, og då er det godt å ha ein som kan alt på thai.
Til og frå kyrkja dreg vi med desse bath-taxiane. Skal leggje ut bilde av ein slik etter kvart. Gode idear for Arne som er taxibransjen heime. Vi betalar 10 bath (kr. 1,80) uansett om vi sit på 100m eller 2km. Bildet i dag er det første vi har lagt ut teke med det nye kameraet vårt. Etter kvart som vi vert kjendt med det, går det nok lettare.
Til deg som les dette er det berre å skrive kommentar. Det set vi pris på. Har lyst å formidle litt kvardagslege opplevingar på bloggen vår. I forgårs kveld f.eks. kom det eit kraftig torevèr med etterfølgjande kraftig regn (var visst lenge sidan det hadde vore slikt ver). Vi måtte hoppe over å symje i bassenget den kvelden, då det vart for farleg.

mandag, august 21, 2006

Endeleg framme



No er vi vel framme i Pattaya. Mange inntrykk som vi vil prøve dele etter kvart. Bur i bydelen Jomtien av Pattaya i 11 etj. av ei 32 etj. blokk. Første bilde vi legg ut herfrå er eit bilde av kappellet i "kykja". Turen gjekk flott og vi ser fram til mange "anleisdagar" her i Pattaya.

mandag, juni 05, 2006

På Fagredalen


I dag 5.juni(2.pinsedag) har vi vore på tur i nydeleg ver til Fargedalen. Opp dit går vi frå Skilbrei (E-39 11km frå Førde). Bildet viser der vi starta å gå med utsikt mot "Hestane" (bak litt skog eit stykke unna i bildet ligg huset vårt). Vel oppe vart vi møtt av Signe og Bente på stølen.
Har fått info om nytilsett prest på Pattaya. Han heiter Lars Haugan.
No er vi begge i gang med vaksineprogrammet. Det vert visst litt sprøyter framover.
Må vere oppdatert med topp immunforsvar før avreise.

søndag, mai 21, 2006

Årsmøtefest på Skilbrei

I går, laurdag 20.mai var vi på fest saman med årsmøtedeltakarane i Sogn og Fjordane krets av Sjømannskirken. Kl.19.00 sette vi oss til ein flott dekka bord til ein god festmiddag. Møyfrid Seglem (kretssekretær i kretsen) leia festen. Ho er som kjend flink å synge, noko vi fekk oppleve denne kvelden også. Etter middag var vi samla i møtesalen for program, der bl.a. Odd Dyvik (adm.sjef.) tok oss ein rundtur med bilder og ord rundt om på mange av dei ulike stadene kyrkja har arbeid. Etter kaffi og kaker vart kvelden avslutta med ei utlodding og avsluttningsord ved Jermod Hausberg. Litt kjekt for oss å få vere med for på denne måten å gjere Pattaya-opphaldet til noko meir enn eit privat avbrekk.

søndag, april 16, 2006

Påska 2006


Første påskedag. Og no er det snart ny arbeidsveke. I år har vi hatt dårleg ver, men det har likevel vore ei fin påske. Alle borna har vore heime + svigerson og Eldrid (kjæresten til Lars Eirik). Palmesøndag var vi på familiegudsteneste i Bygstad. Etter lunch gjekk vi tur til Stongavatnet der laga vi ein kjempesnømann. ”Kjempekoseli”. Torsdag var eg på gudstj. på Viksdalen. Var ein tur innom Følling der dei styra med bryllaup. Fredag var ein rolig dag med besøk hos bestemor. Laurdag var vi på Viksdalen og såg på Sigrid og John gifta seg, eit fint bryllaup. Ved midnatt var det påskenattgudstj. i Bygstad. Det var ei fin oppleving. I dag hadde vi sein frukost og påskeegg til ” barna”. No ventar vi på Eldrid med fam. Då skal vi servere betasuppe. No er ungdommane i full gang med Setlers. Det kan til tider verte heftig.

onsdag, mars 22, 2006

Velkommen til vår blogg


Endeli er vi i gang, vi har fått jobben på Pattaya i Thailand. Vi skal jobbe på Sjømanskyrkja der. Vi skal no ordne alle papir som må vere i orden før vi reiser. Legesjekk er unnagjort, no er det nytt pass som må skaffast.

Her kan du lese meir om sjømanskirken i Pattaya.